Eit dobbelt hjarte

Ei av årets beste diktbøker

Fleire diktbøker både i fjor og i år krinsar kring graviditet, fødsel, barsel og ungar. Det er for enkelt å kalle dette ein trend, til det er bøkene for ulike. At fødsel hamnar i søkjelyset i samtidspoesien, er ikkje rart. Poesi er skaping. Og livet og det levande får auka tyding når den økologiske utslettinga, krigane, terroren og frykta trugar verda. Det er ikkje slik at poetane skriv om fødsel for at det gir dei eit høve til å surre rundt i sitt snevre middelklasseliv – og det er iallfall ikkje tilfelle med Marte Hukes siste diktbok.

På same vis som celledelinga er sentralt voksterprinsipp, er diktboka gjennomsyra av ei dobling, ei spalting – som heile tida overlappar kvarandre: «Gjennom magen ble vi ett / for å kunne bli to». I Hukes bok vil ein finne at denne vendinga, tvidelinga, dette at «et dobbelt hjerte» slår og forplantar seg på fleire nivå, legg seg i lag på kvarandre.  

Boka vekslar mellom dikt og prosatekstar; geografisk kløyver tekstane seg mellom Trondheim og Berlin. Berlin er sjølv ein by som har vorte delt, ideologisk, politisk. Vidare bytar skrifta på å vere sjølvbiografisk, ei dagboksliknande, kjapt registrerande livsskrift, på eine sida, og på å vende seg mot samfunnet, politikken, krigen og terroren. Ein vil òg sjå at Huke set dikta sine i ein konstellasjon der mellom andre DDR-forfattaren Christa Wolfs bok Englenes by, inngår. Englenes by (2010) er ein sjølvbiografisk sjangerhybrid der glimt frå amerikansk levemåte vert veva saman med fortida og refleksjonar over utviklinga etter foreininga av Tyskland.

Kasta kan vere store i Hukes dikt. Det uskuldsreine barnet, gleda over samværet og utviklinga av lemmar og språk, har ein motpol i den utslettande, meiningslause terroren. Det finst eit 22.julidikt her, som gjennom daglegdagse hendingar, og enkelt og gjennomsiktig språk verkeleg evnar å påkalle redsla og den matte maktesløysa. Det er eit dikt som også er redd for å bli skrive ned, redd for at det ikkje har verdi.

Du er et levende sted formeleg veks under auga på lesaren. Boka har uvanlege kvalitetar, som gjer ho til ei av dei beste poesibøkene av året. Det gjeld mellom anna energien i enkelttekstane, komposisjonen, biletkrafta og måten hovudmotiva utviklar seg, og korleis dei ulike delane i verket byrjar snakke saman. Tilsynelatande så enkelt gjort, alt saman, men likevel så forbløffande rikt. 

Bergen, 31.10.2019

(sindre.ekrheim@humbaba.no)