Visjonsdikt med resonans

:poesikritikk


DIKT

Aasne Linnestå

Hu

Aschehoug 2018


Aasne Linnestå har ein mangfelt forfattarskap attom seg. I Stanislaw. En forestilling (2002) skreiv ho dokumentariske dikt medan diktboka Morsmål (2012) dreidde seg om eit møte mellom ei norsk kvinne og ei kvinne utanfor Europas grenser. I Døgnbok (2017), som består av blyantteikningar og dikt, undersøkte Linnestå grenseområda mellom verbaltekst og grafiske framstillingar.

Jenta, som diktsyklusen Hu krinsar om, vandrar også i grenseområda. Ho pendlar mellom draum og vaken tilstand og er på ei vill ferd ned frå høgfjellet, over myrer og nedetter fossefall og fjellsider. Men Hu er òg ei reise ned gjennom slekta, for me høyrer om mormora, om mora, om døden til faren og om systrene. I draumesynene har jenta kryssa over til dødsriket: «greinverket er overalt / som ei slekt // og søstera sildrer gjennom hu / som det barnet søstera er / når alt visner // for døden banker ikke på døden / leer på alt samtidig». Objekta og kategoriane vert bringa or sine vande posisjonar. Tinga står fram som draumeliknande, rørlege og flytande, liksom vatnet og elvane Hu er så fylt av.

Tittelen Hu er eit pronomen som viser til jenta. Hu kan òg uttrykkje uhyggekjensle som i «huttetu» og assosierast til hulkande gråt. Eller vere teikn på livsmot, som i utropet hu hei, kor det går. Og i jenterittet Hu går det verkeleg unna, frå dei største høgder til dei lågaste grunnar.

Diktsyklusen Hu har trekk av visjonsdiktet. Mot slutten av Hu finst nokre få sitat frå Draumkvedet. Jenta i Hu, som har den gåva at ho ser det ikkje alle andre ser, kan minne om Veslemøy i Garborgs Haugtussa. Dei to første bolkane, som følgjer vatnets krinslaup, frå fjellet til sjøen og grunnvatnet, skildrar ei reinskande nedstigning til underverda. Sistebolken, der jenta klatrar opp på høgfjellet, representerer, derimot, ei frigjerande oppstiging.

I lyrikken er ein ofte oppteken av enkeltdiktet. Men Hu må lesast som eit verk. Komposisjonen bidreg til at diktsekvensane får resonans fleire stader i syklusen.Det er ei flot utvikling i desse dikta. Møt sluten rører dei seg mot auka villskap i innhaldet, samstundes som den rytmiske kontrollen med stoffet vert sterkare.

Sindre Ekrheim

Stavanger, 15.februar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)