Ven vitskapsdikting

:poesikritikk


DIKT

Maria Dorothea Schrattenholz

Atlaspunkt

Oktober


[…]

blanke biller går på rekke
følger seg selv gjennom mørket
til lyset tar dem igjen

[…]

Frå Atlaspunkt

Den fine biletsekvensen finn ein hjå diktdebutanten Maria Dorothea Schrattenholz. Her er dei ørsmå billenes marsjerande rørsle sett opp mot det kosmiske systemets rørsle. Billene er på veg inn i mørket, leia av atterskinet av lys i billepanseret, og kjem ut att i lyset fordi jorda har roterert rundt si eiga akse. Billene er eit biologisk system, umedvitne om det større, kosmiske systemet dei er ein del av, «de følger seg selv». Delane fungerer og samverkar trass i at dei er utan medvit.

Så ein annan sekvens frå boka:

[...]
og vaginaen er selvrensende


men graden av uorden
i eit lukket system
vil alltid øke

[…]

Frå Atlaspunkt

Dei tre siste verselinene verkar å formulere ei innsikt frå termodynamikkens andre lov: Entropien i eit lukka system kan ikkje bli mindre, systemet ryddar ikkje hos seg sjølve, følgjeleg blir det meir og meir uorden. Men «vaginaen er selvrensende», står der, og det indikerer difor eit anna, eit ope system. Effekten av å stille saman ordet vagina og vitskaplege terminologi er sjokkerande. Den siste verssekvensen markerer at noko er i ulage.

Atlaspunkt utfaldar seg under horisonten av ein føregåande katastrofe, eit økologisk ragnarok. Me oppheld oss i jordas posthistorie. Lesaren møter ei skapings- eller evolusjonssoge. Dikta tek oss òg med på ein odyssé ut i verdsrommet, som følgje av at jorda er lagd i oske og grus. Ferda går til planeten Mars med påfølgjande busetjing der. I siste bolken vender menneska som har tilpassa seg livet på Mars, attende til jorda, i ein freistnad på å undersøke den øydelagde jordplaneten, slik at mennesket kan attreisast der. Sidan folk tydelegvis har busett seg på Mars, må jorda ha blitt meir utriveleg enn planeten Mars. Diktboka er altså ein kombinasjon av ei skapingssoge (mennesket må under dei endra livsvilkåra skape seg på nytt) og ein framtidsvisjon, eller rettare ein dystopi, ein science fiction-impuls.

I norsk samtidspoesi finst frå dei seinare åra fleire diktbøker med science fiction-impulsar. Til dømes Solaris korrigert (2004) av Øyvind Rimbereid og Bella Blu (2012) av Terje Dragseth. Eit hovudverk i nordisk vitskapsdikting er Aniara. En revy om människan i tid och rum (1956) av Harry Martinsson. Aniara kom på norsk i 2006. Ein understraum av science fiction-inspirasjonar har eksistert i norsk samtidspoesi lenge. Og om ein ser på skapingssoga i Atlaspunkt, kunne ein òg peike på Aina Villangers diktbok Langsang frå 2012. Dei tematiske førelegga er fleirfaldige. Slik sett har ikkje diktdebutanten gjort det enkelt for seg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tematikk kan hemme. Den poetiske utfordringa og løysinga ligg jo i språkutforminga og i organiseringa av teksten. Der skil Scharttenholz lag med Rimbereid og Villanger. Rimbereid og Villanger jobbar med dei materielle føresetnadane for språket, medan Scharttenholz held seg godt innafor rammene av normalspråket. Ho finn ikkje opp språket, ho lagar språkbilete av det, mellom anna ved å mikse inn ord frå vitskaplege samanhengar: helikser, hydroponiske, supersymmetriske, stamceller. Og debutanten maktar å skape eit svev i lesaren, ved å veksle, over nokre få liner, mellom dei store samanhengane i kosmos til dei pitte små, på cellenivå. Ho skriv slik at stoffa natrium og kalium blir menneskelege substansar. Kjærleik og anatomiske kunnskapar smeltar saman slik at det ømme både blir distansert og det anatomiske intimisert: «og jeg legger hånden vått / mot nakken hans / der øverste virvel bærer hodet / to fingre inn i håret».

Eg tykkjer første delen av boka er definitivt best. Her svingar dikta seg opp. Orda sit. Orda lever. I andre bolken dabbar det heile litt av, det blir lengre mellom linene som får meg til å stogge opp. Når siste delen kjem, er poeten igjen til stades på sidene, med ein vitskapsdikting der mennesket ikkje berre blir sett i lys av, men sjølv kroppsleg integrert i, vitskapens terminologiar: «avstanden mellom fingrene mine øker / avstanden mellom molekylene mine øker / hukommelsen veier ingenting / men jeg ligger her som et gissel i sanden / og er den tyngste på planeten /akkurat nå».

Sindre Ekrheim