Variasjonar over brukslyrikken

:poesikritikken


DIKT

Bertolt Brecht

Landskap i eksil

Gjendikta til norsk av Johan Grip

Kolon 2017


Den tyske forfattaren og dramatikaren Bertolt Brecht (1898-1956) var bruks- og høvesdiktar. Det vil seie at dikta hans er djupt rota i den røynda og samtida der dei oppstod. I tone og stil står dikta til Brecht ofte fram som ei kryssing mellom kyrkjesong og plakatlyrikk. Dikta kan vere både ømme og rå, dei kan romme visdom og beisk ironi. Brecht laga mange dikt, og somme har hevda at alt som fanga merksemda til Brecht, først vert notert i forma til eit dikt.

Mot denne bakgrunnen, der bruk og nytte vert heva fram på kostnad av ein æveleg estetisk verdi, er det underleg å konstatere at Brechts lyrikk, slik han kjem fram i utvalet til Johan Grip, ikkje berre har overlevd, men kjennest høgaktuell. Kanskje skuldast det at eksilet og krigen som strøymer gjennom dikta, framleis heimsøkjer samtidsverda. I tillegg appellerer Brecht sin sans for det konkrete og praktiske, jamvel om det iblant kling grotesk: «Ingen bok forteller dem / hvordan man hengende i piggtråd / skaffer seg vann».

Boka presenterer eit omfattande utval av Brecht sine dikt på norsk. Ho supplerer og kompletterer den flotte utgjevinga til Den norske lyrikklubben frå 1999 som Johan Grip var redaktør for, Brecht på norsk. Det var samla ulike Brecht-omsetjingar av ei rekkje norske forfattarar, mellom anna av Georg Johannesen, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas og Inger Hagerup.

Sjølv om det er vanskeleg å oppdage eitt einskild overordna prinsipp Grip har nytta når han har vald dikt, og sjølv om ein kan hende saknar fleire av dei mest kjende dikta og teatersongane til Brecht, er styrken her at lesaren får oppleve variasjonsbreidda i Brechts lyrikk og får kjensla av korleis stilen kronologisk utviklar seg. Forutan politiske dikt, skreiv Brecht både reklamedikt (til Steyr-bilen), kjærleiksdikt, pornografiske dikt, barnelyrikk, modernistiske kortdikt, elegiar og sonettar. Utvalet demonstrerer også korleis det biografiske nedfeller seg i dikta. Flyktning- og eksiltilværet vert så å seie eit evig og konstant tema i Brechts dikt. Når han enda opp i Aust-Tyskland (DDR) etter krigen, er det, slik det kjem fram i Bukower-elegier, kanskje den paradoksale stillstanden som herskar: «Jeg misliker stedet jeg kom fra. / Jeg misliker stedet jeg skal til». Den kritiske distansen, som eit eksil inneber, mista han ikkje. Etter 17. junioppstanden i Aust-Berlin i 1953 skreiv Brecht dei berømte linene: «Ville det da / ikke vært enklere om regjeringen / oppløste folket og / valgte seg et nytt?»

Sindre Ekrheim

Bergen, 3.august 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)