Vandring i skogen

Fascinerande amerikansk samtidspoesi

Diktboka til den kinesisk-amerikanske poeten Mei-mei Berssenbrugge kan ein sjå på som ein langsam mediterande og oppmerksam vandring i skogen, jamvel om det finst éin avstikkar til den urbane moteverda. Her møter ein lauvfroskar, roser, fjell og dammar, altså ein rik flora og fauna.

Det fyrste som slår ein ved diktboka med den flotte tittelen Hallo, rosene, er at språket ikkje er poetisk eller typisk naturlyrisk. Språket lengtar heller ikkje, det registrerer og undersøkjer derimot nøye innhaldet i sanse- og fenomenverda. Dikta er sobre og realistiske, for dei påkallar ikkje utopiske og metafysiske storleikar. Dei plasserer seg midt i verda, let ho utfalde og spegle seg i mangfaldige kombinasjonar og forbindelsar. Trass i at språket kan verke distansert, er diktboka gjennomsyra av ei grunnleggjande omsorg for eksistensen og for omverda.

Å trengje inn i det lyriske universet til Berssenbrugge er ikkje nødvendigvis lett, men om ein les langsamt og frigjer seg frå vanetenkinga, hjelper det. Forma, tidvis også eit vitskapleg vokabular med somme abstrakte og teoretiske setningar, kan vere krevjande. Berrsenbrugge høyrer til den såkalla L=A=N=G=U=A=G=E-rørsla i den amerikanske poesien. Denne har røter i 1960- og 1970-talet, og sjølv om rørsla ikkje har eit felles program, er poetane oppteken av korleis tyding vert skapt i språket og distanserer seg frå eg-lyrikken. Enkelt sagt tek desse poetane på alvor at ein i litteraturen ikkje får presentert sjølve kjenslene, men teikna som står for dei.

Når ein les om myr, innsjøar, måne, mus og tre, så handlar det ikkje berre om desse fenomena i seg sjølv, men om alle forbindelsane som opnar og strekkjer seg mellom dei og menneska. Dikta uløyser eit ekspanderande nettverk av tydingar, som formeleg skyt seg ut og koplar seg i stadig fleire retningar. Det gir ei sterk kjensle av rom, av noko som held fram med å spreie seg ut framfor lesaren. 

Dette speglar seg i forma. Dikta er oppdelt i klart åtskilte segment og består av fleire delar. Mellom dikta og delane lyser det, under lesnaden, opp stadig nye trådar og liner. Det fortonar seg uvant, men det er fascinerande med ein poesi der ein får kjensle av at poesien hender rett framfor auga på lesaren.

Bergen, 24. oktober 2019

(Bokmeldinga har vore prenta i Dag og Tid)