Transplantasjonar i fornyande plakatlyrikk

:poesikritikk


 DIKT

CAConrad

Boka til Frank

Gjendikta av Gunnar Wærness

H//O//F (House of Foundation)


OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I Boka til Frank (første gong utgjeven 2009) skriv den amerikanske poeten CAConrad tilgjengelege, sjarmerande og poengterte dikt, sitatvenlege og lette å like, trass i at dei gjennomgåande hyser grov vald og lemlesting og byd på ei rad skamferte, aparte kroppar. Dikta er korte, pregnante, ofte anekdotiske, iblant formulert som mikroskopiske forteljingar med overraskande startar og sluttar. Kva handlar så dikta om? Kort sagt: Politikk, seksualitet og poesi. Og poetisk erfaring. Og om Frank. I tillegg dreiar dikta seg om lesaren, tilhøyraren og publikum, for dikta engasjerer seg i mottakaren og gjer lesaren til ein del av Frank:

det du
trodde
var ditt liv
er egentlig
hans drøm

og han kan våkne
når som helst

(frå Boka til Frank, CAConrad)

Poesien til CAConrad handlar først og fremt om noko, aldri om ingenting. Poesien er ingen metafysikk, snarare er han fysikkar og fysiologiar; Boka til Frank visar fram eit register over røynlege kroppserfaringar. Ein aktivistisk, arbeidande lyrikk som grip fatt i tinga, gjer tinga til tydingsfulle einingar i verda, ved å la dei vandre og filtrerarst gjennom kroppens direkte sansingar og erfaringar. Dikta ber på eit ønske, dei vil at verda og tinga skal bety noko både i oss og utanfor oss. Verda er formbar, mennesket pregbart. Poesi er ei konokret kroppsleg erfaring av verda og språket (i kroppen).

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Boka til Frank er ingen biografisk biopsi. Det er snarare eit døme på biopoesi. Kroppen er ein åstad, eit instrument for utprøving, tenking og skriving. Poesien er ein kropp utsett for og manipulert av språket. Eit karakteristisk trekk ved framstillingsforma til poeten, er ein besynderleg konsekvent realisme, kjenneteikna av at dei skada kroppane lever vidare som om ingenting har hendt. CAConrad er ikkje oppteken av sjølve lemlestingsprosessen eller den medisinske dissekeringa. Når CAConrad ikkje flyktar frå verda, men tvert om freistar å la ho angå kroppen, blir metaforane og symbola snudd inn mot kroppen og nytta realistisk, slik at «når det begynte å vokse lange blå fjær / på søstera til Frank», vert det til ei konkret hending. Metoden minner om Kafkas framstillingsform. Kafka har litterære personar som gjennomlever, fysisk og reelt, forvandlinga til eit insekt, eller at loven vert prega direkte på kroppen. Ikkje så merkeleg då at eit av dikta til CAConrad refererer direkte til Kafkas vesle historie, «Forvandlingen».

Mykje av poesien i Boka til Frank krinsar rundt transplantasjonar, flyttingar og byte av lemmer:

mens Mor sov
tok Frank øynene hennes

aldri gjør det
hadde hun sagt

i hvert eneste rom så han djevelen
han snurret på rompehullet sitt
kokte mat på små gnagere
og onanerte i Fars stressless

alt dette
gjennom
Mors øyne

Frank skalv
og satte dem tilbake
i hodet hennes

neste morgen
marsjerte hun inn i rommet hans mens hun skrek
«ET AV ØYA MINE ER OPP-NED»

(frå Boka til Frank, CaConrad)

Diktet er veldig enkelt, heile biletsekvensen er frambrakt av at Frank tjuvlånar moras auge, og erfarer eit skrekkbilete. Om det siste verset er eit uttrykk for at Frank har forsøkt å korrigere moras forvridne verdsoptikk ved å snu auget opp-ned, eller om det berre har skjedd er ei tilfeldigheit, er ikkje godt å vite. Uansett er det skremmande for eit barn å få kjennskap til korleis det vert sett i verda,  korleis mora ser verda, i forhold til korleis barnet innbillar seg at mora ser verda. Bileta harmonerer sjeldan.

Påfallande ved lesinga av diktet, også for andre dikt i boka, er kor kraftfullt, kor sterkt ekspressivt og kommunikativt diktet trengjer seg på. Det vert ei form for plakatlyrikk: Diktet vekkjer openbert merksemd, gjennom den hårreisande transplanterande valden, ved dei seksualiserte handlingane og sjokkerande glosene som opptrer (rompehullet, onanien), i same lei fungerer skrikinga, og ved at det siste verset attpåtil er sett med store bokstavar. Diktet står fram som ein plakat. Versalane fungerer som om eit skilt blir halden opp inni diktet. Termen plakatlyrikk kan virke nedsetjande, og er det, i alle fall om diktet siktar mot det agitatoriske, her er det utan propagandafunksjon, bortsett frå at sjølve gesten står att og at diktet utan tvil ønskjer å vekkje lesaren, til å endre synsstad. Om diktet oppmuntrar til noka handling i det heile, går det på å erfare tinga, verda og kroppen nøyare, etter at du har manipulert kroppen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det finst påbod, grenser og stoppskilt i poesien, også for ein såpass anarkistisk motstandens lyrikar som CAConrad. Når CAConrad driv med det han kallar for somatisk poesi, «(soma)tic poetic», er det nettopp i kraft av oppsette handlingsreglar at poeten kallar fram erfaringar. Som sidan kan formulerast poetisk. I den sjudelte diktsyklusen han skreiv om fargane, der kvar dag var vigd ein farge, var regelen at poeten, når han kom til ein raud dag, måtte iføre seg raudfarga klede og ete raudfarga mat. Berre slik kunne han prege kroppen.

Det er ei glede at Boka til Frank er gjendikta til norsk, kledeleg gjort av poeten Gunnar Wærness. Boka fyller eit tomrom i norsk poesi, og ein viktig amerikanske samtidspoet blir introdusert for eit norsk publikum. På baksida av boka er det trykt ein fin, opplysande innføringstekst, vel å merke i mikroskopisk skrift, om poetens arbeid og utgjevingar. CAConrad poesi er både humoristisk, slagkraftig, alvorleg, overraskande og tilgjengeleg. Samstundes synest poeten å levere eit konkret svar på korleis ein aktivistisk og politisk prega poesi kan sjå ut, som evnar å ta stilling til tidas viktigaste politiske spørmål i poesien, og estetisk og litterært integrerer røynda og språket på den staden der det kan erfarast: i kroppen.

Sindre Ekrheim

5.5.2016