Talande fikseringspunkt

:poesikritikk


ESSAY

Gunhild Øyehaug

Miniatyrlesingar

Kolon forlag 2017


Å fiksere små, talande punkt er, om ein skal snakke litt generelt, hovudmetoden til Gunhild Øyehaug i Miniatyrlesingar. Eit av dei visuelle fikserbileta som vakar i boka, og som grip denne lesaren, er av dei innfrosne karpene i dammen i Muséhagen i Bergen. Karpene vert eit bilete på det svimlande suget ei leseoppleving kan bere i seg, og syner også til metoden i boka.

Eksemplarisk er lesinga av eit par av Lydia Davis småtekstar. Det Øyehaug skriv om Davis, kunne også ha stått modell for det Øyehaug sjølv reknar som ei vellukka lesing: «Det er sjølvforklarande, og dette er noko av det mest fascinerande med Davis sine tekstar, korleis det tautologiske blir nøsta ut og gjort forbløffande, korleis ho klarer å kile forundring inn i det sjølvforklarte fenomenet ’dreg vi frå gardinet, er verda utanfor der allereie’.»

I Miniatyrlesningar finn ein litterære mikroanalysar kombinert med litterær entusiasme, anten det vert gjort strandhogg i forfattarskapane til J.M Coetzee, Sharon Olds, Sonja Åkesson eller Sissel Solbjørg Bjugn, eller lese eit fotografi av Hillary Clinton, eller rettare sagt, av andletsuttrykket og gestane hennar, på eit fotografi teke då Hillary Clinton, via kamera-overføring, betraktar aksjonen og drapet på Osama bin Laden. Lesing kan altså vere så mangt. Fotografiet blei lese, og kan lesast, på ulike måtar, slik ein sjølvsagt kan gjere med litterære tekstar. Lesinga, uansett kor grundig og borande ho er, avdekkjer ikkje alt, heller ikkje om seg sjølv og alle lesingas forheksande løyndomar: «Eit røntgenbilete av hjerneskallen vil vise hjerneskallen, men ikkje noko av tankane inne i han».

Miniatyrar var i mellomalderen små, opplysande illustrasjonar som vert føydde til i handskrivne manuskript. Me snakkar i daglegtalen om miniatyrar, då i tydinga å forminske, altså til dømes om ein leikebil som er, om det ikkje var for storleiken, til forveksling lik ein verkeleg, ekte bil. Men Øyehaug forminskar ikkje tekstane eller lesinga av dei, tvert om gjer ho tekstane så store som dei skal vere, ved å fokusere på ein liten del av dei, på punktet kor stilen og skrivemåten er i spel, der Øyehaug finn «ein hemmeleg katedral djupt inne i ein (…) skrivemåte». Det er denne vesle delen Øyehaug forstørrar og bles opp, i sine essaytekstar som måler eit par boksider. I ein viss mon er språket og litteraturen miniatyrar i seg sjølv, det forkortar og forminskar verda, for berre tenk på kor lite plass ordet «kommode» treng, og ikkje minst ordet «univers».

Litteraturen oppstår frå dei daude, fysiske teikna på papiret, eller skjermen, og vert transformert til førestilte, levande univers i lesaren. Det er ikkje berre bokstavane i tekstane som vert omskapte til ord og meiningsfulle setningar i lesaren. Lesinga handlar også om å utsetje seg for risikoen ved sjølv å bli transformert av litteraturen. Lesinga er ei skapande verksemd, og ei sjølvskapande verksemd. Det er først og fremst det skapande aspektet ved lesinga Øyehaug understrekar.

Hos Gunhild Øyehaug finn ein elles ei rad leseposisjonar representerte, frå lystlesinga via den eksistensielt risikofylte lesinga, til den litt nerdete begeistringa over førekomsten av eit einskildord, eit tilsynelatande overflødig onomatopoetikon beståande av tre bokstavar ho kjem over i ein roman av Helle Helle. Ja, om forfattaren ikkje er ironisk her då. I tråd med det rørlege leseomgrepet finn ein også eit fleirspektra litteratursyn, der Øyehaug, sjølv om det er takhøgd i essaya, nok føretrekkjer den litteraturen som syner sjølvmedvit og veit at språket har ein avstand til verda og ikkje beint fram fotograferer røynda, men kanskje også dekkjer til. Øyehaug insisterer ofte på å skilje mellom det litterære subjektet og forfattaren, for slik å la tekstane og litteraturen sleppe inn i sentrum for merksemda.

Den opne lesemåten bidreg til at essaya ikkje stivnar i ein føreseieleg metode eller innfallsvinkel. Motviljen mot å overskride det bokstavlege nivået, vegringa mot å assosiere, redselen for alt som ikkje er realistisk og verkeleg, alt dette ligg i den instrumentelle lesemåten, og er også behov som «røyndomslitteraturen» verkar å stette. Denne flate lesemåten finst også i eit Øyehaug-essay der ho tvingar seg til å lese, eller rettare å observere, postkorta i boka Boring Postcards. Men sjølv når forfattaren nektar seg å gå utanfor den rett fram-lesemåten idet ho betraktar eit prospektkort av ein sving, hamnar ho utanfor denne verda, i ei obstfeldersk undring av å ha hamna på feil klode. Sjølv den mest reinhekla realismen, sjølv det dokumentariske medium per se, som fotografiet, evnar altså å underleggjere.

Miniatyrlesingar er ikkje prega av tørr og redundant akademisk utlegging, snarare finn ei frisk litterær tenking stad. På små tekstflater faldar eit tydeleg subjekt ut fascinerande litterære observasjonar mange lesarar vil bli opplyste av og ha glede av.

Sindre Ekrheim

Bergen, 6.juli 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)