Svimlande avgrunnar

:poesikritikk


DIKT

Eivind Sudmann Larssen

Endehjem

Cappelen Damm 2017


Fråvere, tap og sorg er i litteratur- og lyrikksamanheng ikkje noko originalt tematisk omdreiingspunkt. Men i skjønlitteraturen avgjer sjølvsagt komposisjon og språkforminga kor bra resultatet vert til slutt. Kjernehendinga rundt dei stutte prosalyriske refleksjonane i Endehjem er ei bilulukke der egets partnar og barn mistar livet. Gjennom episodar og punktnedslag krinsar dikta rundt tapet av familien og undersøkjer etterbileta og tapsopplevinga på ein måte som tidvis er ven og imponerer denne bokmeldaren.

Endehjem er Larssens debut som lyrikar. Mange av tekstane har eit filosofiske nivå, eller munnar ut i nærmast allmenne sentensar: «den mening som måtte finnes i ett enkelt minne, er den samlede verdien av alt annet som er glemt.» I staden for at desse maskimane verkeleg utdjupar forståinga vår, eller bringar nærleik til det konkrete minnestoffet, bidreg dei i større grad til å forsterke fråværskjensla. Her finst ingen proustsk Madeleinekake som utløysar eit ras av ufrivillige og fyldige minne. Her går det motsett veg. Det er som om sjølve språket til Eivind Sudmann Larssen berre skyv eget enda lenger bort frå dei minna eget meir enn gjerne skulle dyrka og halde fast på. Slik påviser tekstane både kor skjøre og utsette minna våre er og kor akutt og uoppretteleg den eksistensielle heimløysa er.

Stilen er kjøleg, avklara og stundom analytisk. Rekvisittane i tekstane er få, ofte knytt til huset familien budde i. Huset og tinga vert skildra ved at alt overflødig er skrapa bort. Tinga i dette universet står fram som upersonlege, aude. Forfattaren er svak for generelle omgrep, absolutter og særleg ordet «alt». Ein setning som «Alt som står stille, forfaller», bidreg til å legge grunnen for den kjensla av tung, uunngåeleg lagnad som spreiar seg i tekstane, slik at «selv tilfeldige hendelser ligner skjebne», som forfattaren skriv i ein tekst.

Eivind Sudmann Larssen evnar å skape slåande bilete og svimlande avgrunnar i sine pregnante og kontrollerte tekstar. Det kan forundre meg at forfattarens hang til generelle omgrep og sentensformuleringar fungerer så godt litterært, men det gjer det altså.

Sindre Ekrheim

Bergen, 23.2.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)