Dansen på antropocenen

:poesikritikk


PROSA

Andreas Vermehren Holm

Antropocæn kreatur

H / O / F  (House of Foundation)


Omgrepet antropocen namngir eit paradigme, eller eit frambrot denne suggererande kortprosasamlinga kan lesast innanfor. Ei mogleg sjangernemning på tekstane i den tynne boka, kunne vere poetisk essayistikk eller essayistisk poesi: Samstundes som tekstane diskuterer og kastar fram omgrep og kategoriar, skapar dei òg suggestive bilete på markant gjentakande-rytmisk vis, i tekststraumar utan punktum. Antropocæn kreatur kan sjåast på som eit tilskot til økolitteraturen.

Antropocen er nemninga på den geologiske tida jorda er inne i no ifølgje mange geologar og forskarar. Frambrotet av antroposcen er ein konsekvens av at menneskelege aktivitetar har sett uutslettelege jordtransformerande spor etter seg, i det ytre og indre miljøet i tida etter den industrielle revolusjonen. Antropocen, som ikkje er ei scene, men ein avgrunn, er enno ingen formell vitskapleg term. Ifølgje offisiell vitskap oppheld vi oss enno i den geologiske fortitida, holoscen, som har vart sidan siste istid for ca. 11 millionar år sidan.

Kor Antropocæn kreatur oppheld seg, er tydeleg nok. Boka startar i alle fall på nokre øyer i Stillehavet, med ein tekst om «Fuglene på Galapagosøyene». Darwin vitja desse øyene med skipet Beagle i 1835. I teksten fortel observatøren om kor tillitsfulle fuglane er og kor tilfredstillande det er å drepe finkar, gjerdesmettar, gripefalkar, tyrannfuglar og duer. Utover at teksten formidlar ei rein drapslyst og likegyldighet andsynes dei flygande vesena, går teksten ikkje i djupna på kva drapstrongen botnar i.

Kan ein forstå noko meir av teksten dersom ein prøver å forstå kva skapning fuglen er? Fuglen er eit vesen i seg sjølv, og eit vesen som høyrer til dyreriket. I forhold til menneska, kulturelt sett, er fuglen betrakta som eit fridomsvesen og ein bodberar. I antikken tolka augurane framtida ved å studere fuglens rørslemønster. Anten varsla var gode eller dårlege, innretta ein seg etter dei, motverka dei. Fuglar er òg eit ynda og høgfrekvent motiv i poesien. Både hos augurane og i poesien er fuglane ikkje fullkome innlemma i språket og underordna menneska, fuglane er tvitydige, dei står i språkets grensetrakter.

Antropocæn kreatur er ei tekstsamling som rommar eit utal fuglar, dyr, fabeldyr, antikke muser og raudlista artar. I tid og rom spennar dei frå Galapagosøyene til urbane marerittet ein møter i dagens Mexico City, med organsal og umotivert, grov vald både på menneske og dyr. Noko har gått gale, og det galne rammar dyr og enkelte menneske, men kva har gått gale?

Tekstane peikar på det instrumentelle språket og språksuvereniteten som årsaker til valden og naturøydelegginga. Dehumaniserande og instrumentell tale representerer ein uoverstigeleg vanske fordi det blindar, bedøver og legitimerer destruksjonskreftene. Det herskande språket fangar alt i menneskets forståingshorisont. Drepinga blir berre til eit uakseptabelt mord viss handlinga blir utført ovanfor vesen språkleg anerkjente som menneskelege. Språket genererer eit hierarki, ei over- og underordning, ein menneskeleg og ein ikkje-menneskeleg sfære.

 «… mennesker er koloniseret af sprog og sprogbrug og ordene får lov til at bestemme ordene får lov til at komme først og opprettholder og stryker det forsætter beskriver et ansigt og en ansigtløs og beskriver et menneskelig og et liv bare noget levende som noget som man let kan slå i hjel som noget man gerne må myrde …»

Frå Ni opphold i døden, Antropocæn kreatur

Ein kan la seg blende og forbløffe av einskildøydeleggingar. Til dømes øydeleggingskrafta i atombombene sleppt over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki. Sjølv om skadeverknadene var ekstremt omfattande og skrekkelege, kan ein betrakte øydelegginga som enkeltståande tilfelle, som avgrensa, som eit teknologisk avvik. Ifølgje desse tekstane i Antropocæn kreatur er dette perspektivet for snevert, det var ikkje berre bombene som øydela Hiroshima og Nagasaki, men ein fatal livs- og produksjonsmåte som går langt utover bombene og dei teknologiane som inngår i bombeproduksjonen: «vi skriver navne ud af historien Hiroshima Nagasaki ud af historien men ikke fatboy ikke navnet på flagskibet der bar bomben The Great Artiste der bar bomben». Vitskapen og dei politisk-økonomiske-industrielle kompleksa eksisterer framleis.

Gjennom skjulte og omskrivne sitat frå den vitskapleg-litterære kanon, frå Charles Darwin til til Jaques Derrida, og gjennom eit rikt biletmateriale av truga dyr og planter på krølla papir og kopiar frå boka til François Fabre frå 1930 om det ulveliknande Gévaudanmonsteret, og, til slutt, gjennom ein besettande tekst, skriv forfattaren fram, i repetitive, messande vendingar, den umåtelege sorga, fortvilinga og smerta over sivilisasjonens fatale utviklingsgang. Tekstane ber fram ei von om at ei endring skal oppstå, at ei språkleg vending skal inntreffe. Om Antropocæn kreatur har lukkast, om det er mogleg å frigjere seg frå det øydeleggjande, menneskesentrerte språket og verkeleggjere eit anna språk, der dyr og plantar kjem til orde i sin rett, utan at dei står i ein middelsamanheng, er sjølvsagt uvisst. Andreas Vermehren Holm har i alle fall gjort eit heiderleg forsøk.

Sindre Ekrheim