Som vender heile tida

:poesikritikk


DIKT

Göran Sonnevi

Sekvenser mot Omega

Albert Bonniers förlag 2017


Det som kjenneteiknar stor litteratur, er at ein nærmast ikkje veit korleis ein skal gripe fatt i den, fordi tråden ein grip i veks og forgreinar seg, i ein aukande kompleksitet. Slik opplever eg Göran Sonnevis nye, omfangsrike diktbok, Sekvenser mot Omega.

Sjølv om Sonnevis førre diktbok, Bok utan namn, var omfangsrik med sine 500 diktsider, sprenger også årets 300 sider grenser med tanke på kva eit dikt kan romme. Jamvel om Sekvenser mot Omega vekslar mellom tekstar som nærmast har prosaens flyt og tekstar med diktoppsett, glir dikta inn i, og overlappar kvarandre gjennom gjentakingar av liner og sekvensar, ikkje berre innanfor dikta i Sekvenser mot Omega, men innanfor forfattarskapen, særleg til dei urima sonettane i Klangernas bok frå 1998. Dei stadige gjentakingane, brota, kontrapunkta og, ikkje minst, dei små forskuvingane gjer at boka, til liks med Sonnevis forfattarskap, veks til eit ikkje-avslutta verk som nærmast kan halde fram i det uendelege. Når eg her nyttar ordet ’veks’, er det i tydinga av ein vekst som skjer på fleire plan, i fleire retningar og dimensjonar. Slik lekamleggjer diktverket til Sonnevi eit dødens kontrapunkt.

Tittelen er uhyggeleg. Omega er den siste bokstaven i det greske alfabetet, og døden, både poetens eigen og andre sin, er sterkt til stades i dikta. Hos Sonnevi er eit ord alltid kopla til sin motsetnad, døden til livet. Alfabetets siste bokstav inngår jo i kombinasjon med andre bokstavar når ein lagar ord og tyding. Slutten gir altså meining, ikkje ved at den vert aktualisert, men ved å finnast som moglegheit. Dessutan er omegaen (Ω) ikkje ein slutta ring, den har ei opning i seg, noko som gjer at den mest liknar ei bølgje. Den vesle greske o-en (o), som vert kalla omikron, liknar den latinske, den kan føre tankane i retning av ring, port og null, alle er dei tydingar som Sonnevis diktbok aktiverer.

Overlapping er for meg eit nøkkelord i møte med Sonnevis bok. I diktet «Koster 2014» skriv Sonnevi mellom anna om mandorlaen, ein oval aura som omkransar biletlege framstillingar av heilage personar. Mandorlaen, som er danna av overlappinga mellom to sirklar, vert eit møtepunkt, ein port inn til motstridande verder, til himmel og helvete. Overlappinga er dessutan eit sentralt omgrep i den matematiske mengdelæra til Georg Castor, som Sonnevi nemner fleire gonger. I Koster-diktet står ei rekkje motiv sentralt, som til dømes reise, men også opningar, til dømes ei prosaisk døropning, kan vekse til ei tydingsfull storleik:

Genom den öppna dörren in till Lenas ateljé

ser jag på staffliet en vit blomma

på en liten, blå kvadratisk duk   Det är

en kinesisk buskpion, ser jag, när jag

tittar närmare   Den står i ett slags glas

Gröna blad   I centrum av blommen violetta fläckar

På ett bord bredvid står själva blomman,

vissnad, i en glasvas   Den målade blomman

lyser   Hallucinatoriskt? Inte riktig   Nästan



Frå diktet «Koster 2014», Sekvenser mot Omega, Göran Sonnevi

Sitatet skildrar overlappinga mellom kunsten og røynda, i forholdet mellom den «vissnade» blomen og avbildinga av blomen. Sjølv om passasjen skriv fram eit daudebilete, er det samstundes ein type forvandlingsmagi som finn stad i linene. Same forvandlande overlapping er på gong når poeten vert vikla inn i eit spørsmål om å blande fargar i same diktet: «Denne dag grå   Men inte det utlovade regnet   Jeg har lovat Lena / att forsöka se skillnad på zinkvitt och titanvitt, i stora omärkta / burkar med pulver».

Den overlappande rørsla er performativt til stades i dikta, i måten dei vert skrivne fram på, i rørslene. Til dømes når poeten rører seg frå å fortelje om ein fottur til brått å gå i dialog med abstrakt matematikk, for så brått referere nyhendemeldingar om den islamske statens framrykkingar. Sonnevi snakkar og diskuterer i dikta sine med filosofen Heidegger, med poetane Hölderlin, Pound og Celan, slik som han òg gjer med gode vener i dikta. Dikta står dessutan i like fortruleg kontakt med tankane til den matematiske filosofien som med fugletrekket som rører seg i lufta over Sonnevi på øya Koster

At dikta ikkje fell frå kvarandre under vekta av dei drastiske, sprangvise og ekspansive rørslene, skuldast først og fremst forma, språkrytmen; poetens mesiterlege musikalske tilnærming. Sfærar vert lagd på sfærar i dikta. Sjå berre på korleis o-forma trengjer gjennom og overlappar kvarandre gjennom diktboka: Omega, port, ring, auge, jordklode, mandorla, torus, øya Koster si form.

Men trass den kunstnarlege forminga, har ein kjensla av at dikta til Sonnevi inneheld reelle rørsler. Når spranget går direkte frå blomen på skrivebordet, framføre poeten, til den islamske statens framrykkingar slik media formidlar det, er det ikkje eit logisk sprang, det er slik realitetane kjem til oss, i mangfaldig fleirtal, skiftande, heterogent, diskontinuerleg. Og ikkje minst brutalt: Frå snittblomen på skrivebordet til den geopolitiske transformasjonen, drapa og tvangsmigrasjonen. Det vene og det grusame finst samstundes, og det kolliderer. I dei konkrete liva våre er me omgitt av diskrepansar og motstridande impulsar, me er deltakarar, og/eller observatørar, i så mange system og delsystem – media, kroppane, faunaen, staden, bustaden, hagen, astronomien og universet (om me gløttar opp på stjernehimmelen ein mørk kveld). Overgangane skjer fritt, uformidla og umerkeleg, og ofte samstundes. Når desse overgangane ter seg så merkelege og brotliknande i skrift og i dikt, har det noko med den ryddande og disiplinerande krafta i den skriftlege framstillingsforma å gjere, som stiller krav til konsekvens, til følgjerekkje, ein viss systematikk. Når Sonnevi set desse ulike livsverdene som me alltid bur i, i sving i dikta sine, vert det nærmast sjokkarta, underleg og framandt.

Kurt Gödel er ein av fleire matematikarar Sonnevi nemner. Gödel er mellom anna kjend for unendelegheitsteorema: 1. Viss eit system er konsistent, kan det ikkje vere fullstendig. 2. Konsistensen til aksioma kan ikkje bevisast innanfor systemet. I matematikken, som på sett og vis er logikkens paradegrein, finn poeten kanskje støtte for den tilsynelatande uendelegheitsforma dikta hans har. Systemet har grenser. Uansett kor stort systemet veks seg, vil det alltid finnast noko utanfor. Om me set teorema om til eit eksistensielt og menneskeleg område, er sjølvsagt enkeltmennesket ikkje noko fullstendig system, korkje som biologisk eller mental entitet er mennesket innkapsla i seg sjølv, mennesket er alltid i heterogenitetane og i brotets vald. Det står i samband med ei mengd ulike system, biologisk er huda berre ein porøs og permeabel membran. Heller ikkje makrosystema, frå den kapitalistiske økonomien, via imperia til den virtuelle teknologien mennesket er omgitt av, er, sjølv om dei strevar mot dette, fullstendige, totale eller konsistente i seg sjølv. Dei gir berre inntrykk av å vere det. Det finst noko utanfor. Og kanskje er romfolka og tiggarane som Sonnevi støtt vender attende til i dikta ikkje berre utstøytte frå systema, men dei syner systemas utside, uendelege også dei. Sonnevis dikt syner til ein stad utanfor den slutta og innkapsla verda. Den funksjonen får ofte fuglane som kvervlar og flyg i dikta til Sonnevi.

Sonnevi er ein lærd poet. Dikta ber spor av filosofi, matematikk og naturvitskap, men utan at dikta vert baktunge. Tvert om maktar Sonnevi å setje også abstrakte omgrep i lett vibrasjon, om lag slik han gjer når han skriv om blomane, fuglane og sommarfuglane som denne boka er så rik på. Fordi diktverket er så omfattande og verkar å vekse mot det svimlande og uendelege, kan lesaren nok få kjensla av å stå ovanfor eit system eller ein algoritme som skriv fram dikta til dei tømmer seg sjølv for all meining. Jamvel om Sonnevi med det sjølvsagt seier noko viktig om korleis det er å eksistere i det komplekse samfunnet, bryt han også reglane og retninga i si eiga dikting gjennom usikkerheita og produktive feilskjær.

Sekvenser mot Omega får mi varmaste anbefaling.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 29.juni 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)