Røynsle i poesien

Opplysande og uroande om grunnerfaringa i poetisk skaping

Sjølv om fleire av dei litterære essaya i boka er skrivne til ulike høve og har ulikt søkjelys, har dei ei forferdeleg, skiplande biografisk kjerne som lesaren ikkje maktar fri seg frå: Mora til poeten Karin Haugane vart drepen av faren, og etter ugjerninga tok faren livet av seg sjølv. Eit par av essaya i boka er sjølvbiografiske, dei freistar å forstå hendinga og korleis kome seg vidare, og leve med, ei slik erfaring, men også på kva måte erfaringa slår inn i språk og får tyding, i skjønnlitterær forstand.

Det er denne katastrofen, familietraumet – med det utsette barnet som ein sentral figur – som set tonen i dei litterære essaya og som prismatisk faldar seg ut i instruktive lesingar av Sofokles, Ibsen, Arthur Rimbaud, Gunvor Hofmo, Paul Celan, Sylvia Plath, Marina Tsvetjaeva og Ingeborg Bachmann. Det finst fellestrekk mellom Hauganes og desse krigs- og etterkrigspoetanes erfaringar og mellom desse poetane: Diktinga deira foreinar ei kollektiv og ei personleg taps- og katastrofeerfaring – ei erfaring som nærmast øydela sjølve erfaringsevna. Hos Gunvor Hofmo er det til dømes vorte tydlegare kor bestemmande forholdet til Ruth Maier var for lyrikken hennar.

Sjølv om det ikkje er legitimt å tilbakeføre alle skjønnlitterære uttrykk direkte til hendingar i forfattarbiografien, noko Haugane i einskilde essays er høgst medviten om, kan det nokre stader verke som forfattaren meiner at «dikterne selv er nøkkelen» til tolkinga av verka. Uansett har essaya sin styrke i at dei undersøkjer korleis det som språklaust ligg attom litteraturen – erfaringar – ladar, styrar, trykkar og slår inn i diktinga, og korleis det diktariske språket evnar å gi røyst til, og omskape, den språklause, oftast skamfulle og vonde røynsla. Ein kan fint lese desse essaya som freistnadar på å sirkle inn erfaringar som kan utgjere litteraturens grunnmaterie i somme forfattarskapar, utan at det stenger litteraturen inne i livets lumre kammer, men tvert om opnar han.

Lesingane til Haugane, anten ho greier ut om gjendiktinga av Rimbaud, eller skriv om Paul Celan, er opnande. Her finst ikkje berre nærsynte og detaljerte lesingar av einskilddikt, snarare fangar ho det poetiske utgangspunktet hos forfattaren, den poetiske motoren, ved å veve biografi og litteratur samen, ved å sikte mot staden der liv og draum, ideal og realitet møtest og bryt mot kvarandre.

Bergen, 2.09.2020