Pulserande materialitetar

:poesikritikk


ROMAN

Sara Sølberg

Seismiske smell

Oktober forlag 2016


Sara Sølbergs debutroman Seismiske smell er eit eksemplarisk døme på økolitteratur. Gjennom vekslinga i perspektivet mellom eit eg som er ramma av alvorleg og livstrugande hjartesjukdom og havet, som er basalt for alt biologisk liv på jorda, skapar Sølberg ein type litteratur som er djupt oppteken og rota i biologisk liv og livsvilkår og med sans for mikro- og makroøkologiske samanhengar. Romanen stiller til skode eit imponerande økologisk og biologisk kunnskapstilfang. Sølberg maktar å gje dette materialet ein overtydande litterær handsaming.
Egets blodstraum er ein pendant, refleks og miniatyrutgåve av dei verdsomspennande havstraumane. Dei episodiske tekstane syner kor skjøre samanhengane er. I tillegg finst det også ei historie om eit du som er forsvunnen på havet, og som vert funnen att, drukna. Slik vert Seismiske smell også til ein sørgjesong tapet av duet, alle utrydda og truga artar.

Det er ein kompleks romantekst, der plottet så å seie er verda og den økologiske krisa, der havet er ein like viktig, om ikkje større protagonist enn eget. Miljøet og omverda er ikkje kulissar for romanpersonane, miljøet, dvs. havet, hevar seg fram som hovudagens i dramaet. På sett og vis kan den økologiske krisa lesast i skjemaet etter den greske tragedien: Vitskapens, teknologiens og menneskets herredøme over naturen har ført ein fram til eit vendepunkt der menneskeslektas undergang og utradering frå naturen er meir enn eit mogleg scenario. Seismiske smell bryt ved enkelte karaktertrekk som gjeld for romanteksten, som til dømes framdrift. Teksten vil nødig gjere seg medskuldig i den akkumulerande og utbytande framdriftsrørsla som er årsak til økokrisa. Romanteksten hopper og glir meir i ei loddrett rørsle, opp og ned, som ein manet som rører seg i vatnet.

Grafisk er teksten interessant. Kvar side i boka inneheld ein avslutta sekvens. Men nede på boksida spring liner frå ein annan, parallell tekst som er kursivert og sett i grått, nesten på grensa til å bli viska vekk. Når ein les ei tekstside, er det som å røre seg frå ei overflate nedover mot mudderbotnen. Den grå teksten handlar om ulike dykk og skildrar dramatiske moment.

I økologisk samanheng har ein tenkt at eit liv i pakt med naturen måtte innebere ein tilbakegang til naturen, à la den rørsla Thoreaus Walden legg for dagen, og at det økolitterære språket måtte gå den same vegen, attende til eit tidlegare, førindustrielt og naturpassande språk, noko som betyr å gå attende til romantisk naturlyrikk. Antropocen stillar mennesket og jorda ovanfor eit irreversibelt faktum som gjer den regressive rørsla umogleg: sjølve naturomgrepet er iferd med å omstøytast. Det handlar framleis om å ivareta og forhindre øydeleggingar, men den menneskeurørte naturen finst ikkje lenger, og følgjeleg er det umogleg og uforsvarleg å søkje attende til naturidylliske framstillingsformer. Situasjonen krev eit språk som reflekterer og formidlar den djupe menneskelege involveringa i naturøydelegginga, samstundes som språket også skal opne for eit alternativt utsyn, ei haldning der menneskets suverene posisjon graderast ned og vert likestilt med anna biologisk liv. Og det er nett det Sara Sølberg maktar å skape eit språk for i Seismiske smell.

Men bakgrunn i organismen bjørnedyret ser ein kor utsett menneskeorganismen er for skade.

I rommene mellom sandkorn i marine sedimenter, eller i den flortynne vannfilmen omkring mose og lav, lever de ørsmå organismene bjørnedyr. Hvis habitatet tørker ut, trer de inn i en form for skinndød, såkalt kryptobiose. Da ligger de ubevegelige, som resignerte, uten å innta næring, mens stoffskiftet synker drastisk: det er så vidt de er i live. De friske bjørnedyrene er rådville i møte med en skinndød; uansett hvor sterkt de ønsker å hjelpe, er ikke klørne og den mikroskopiske, klumpete kroppen i stand til å samle vann for å få det tilbake i aktiv tilstand.

På en 120 år gammel tørr mosedott ble det funnet et forlatt bjørnedyr som livnet til da mosen ble fuktet. Som for å forsikre seg om at det virkelig var i live, tørket de det ut igjen, og deretter forsøkte de å avlive det: det ble fryst ned i flytende helium, varmet opp til 149 grader, eksponert for dødelige strålingsdoser, senket ned i kjemikalier, bombardert med elektroner. Så snart de fuktet det med vann, våknet det fra kryptobiosen, ristet lemmene løs og lusket fornøyd videre.

Seismiske smell (s.48), Sara Sølberg

Menneskekroppen er ikkje eit passivt hylster for cogito, men eit fysisk og biologisk rom, ein pulserande materialitet. Grensa mellom kroppen og naturen blir porøs og viska ut, i og med at kroppen er natur og til dømes delar bakteriar med «utanverda». Menneskelivet som natur har ikkje prioritet, men strekkjer seg ut or seg sjølve og over i omgjevnadane. Slik kan ein lese teksten på side 54, som skildrar ein strandscene der eget vert grove ned i sanden: «Tryggheten i sanden som formet seg omkring kroppen, presset den ned, presset seg inn i den – kroppen inn i seg selv, og jorden sa: her er jeg, her er du, grensene borte, bare kropp-sand, et nytt element, en symbiose av dødt-levende, kaldt-varmt.»

Kunnskapstilfanget som vert innlemma i romanteksten, er stort og omfattande. Litterært omarbeidde innslag av konkret og detaljert kunnskapsstoff frå naturvitskapen sitt område, til dømes geologi og biologi, gjev denne katastrofe- og apokalypselitteraturen ein direkte og realistisk appell. Ved å veve naturkunnskapane inn i horisonten til eit eget, får dei relevans. I desse tekstane er det som om ein autoritativ og nærmast upersonleg røyst talar i romanen, som så å seie held den subjektive spekulasjonsiveren i taumane. Staden kor det mest utvikla og rike språket for ikkje-humant liv, for biologiske livsformer overhovudet, for medvitet om kor skjøre og gebrekkelege økosystema er, finst paradoksalt i nok vitskapen. Den som i kompaniskap med kapitalen og ekspansjonspolitikken har drive utviklinga mot katastrofepunktet. Ei slik tørr og faktaimpregnert røyst driv fleire av tekstane i Seismiske smell framover, og lyftar fram kunnskapar om unike organismar og syner ikkje berre venleiken som bur i dette språket, men som også finst i omverda vår.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 2.3.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)