Profetisk reinskrapt

:poesikritikk


DIKT

Sonja Nyegaard

Mørket er et mirakel

Kolon forlag 2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Sonja Nyegaard brukar eit ope språk i dikta sine, det vil seie at orda ikkje vert presisert i særleg grad. Det vert understreka av at landskapa er audslege og reinskrapa, her finst heller nesten ingen rekvisittar. Med få markørar og orienteringspunkt, er det vanskelege å plassere dikta i tid og rom, men det gir samstundes dikta assosiasjonsrom og plass til lesaren. Det er som om dikta gjer reint bord, freistar starte på nytt, lade orda frå botnen.

All uvissa som finst i dikta vert kasta attende på lesaren, og tvingar ho til å leite etter eit feste. Og feste finst. Gjennom ord som «lys», «mørke», «jord», «himmel», «sola», «åpenbaring», «stjerner» og «synd» som paraderer i dikta, er det som om lesaren står ovanfor eit elementærspråk, eller ord som verka rota i noko grunnleggjande i kulturen vår. Ikkje berre tittelen på boka, men også eksplisitte spor frå Bibel- og salmetekstar gjer at dikta lett pådreg seg religiøse assosiasjonar.

Jamvel om dikta til Nyegaard på modernistisk vis fragmenterer, er dei sjølv opptekne av den menneskelege språklegginga av omgivnadane, og betraktar især den religiøse eller vitskaplege grunnforteljinga om det utvalde mennesket som eit problem. Dei religiøse førestillingane plasserer mennesket på ein suveren plass i universet, men dei inneheld også forteljingar om overmot, omvending og undergang. Og det er nett katastrofehinta, som til dømes «men hvor langt er det igjen / om jeg tør spørre / før drevet ryker / og hver hengsel setter alt på spill», som gjer det lettare å plassere dikta inn i ein økokriseridd notidssamanheng.

Eitt problem med eit lada profetisk språk, er at ein då les dikta som bodskapar der det skal finnast ein avkodingsnøkkel, som om diktet var ein rebus som skulle gå opp. Slik er det jo ikkje. Det finst bilete med tilstrekkeleg kraft i seg til å lyfte dikta, dessutan vert det nesten som eit sjokk når ein i dette avdempa språkuniverset brått støyter på orda «en jævla sjøsyk natt». Slikt er fint.

Bergen, 22. november 2018.