Poetisk pragmatikk

:poesikritikk


DIKT

Sandra Lillebø

Alt skal skinne og blø

Forlaget oktober (2016)


Blom be

At tittelen rimar på forfattarnamnet, Alt skal skinne og blø av Sandra Lillebø, er fiffig, men tilfeldig.

På overflata gjev dikta i Alt skal skinne og blø, Sandra Lillebøs andre diktbok, innblikk i eit skrantande parforhold; og dette paret har eit barn. I dei fem bolkane vekslar dikta mellom å setje søkjelyset på barnet og mora og på dynamikken i parforholdet, undervegs vert ulike tema som krysspress, rolleforvirring og tidsklemma tangert:

Å skrive et dikt tar like lang tid
som det tar å lage et menneske
eller få et spedbarn til å sove.

(Frå Alt skal skinne og blø, Sandra Lillebø)

Den sobre konstateringa er tvitydig. For i staden for tidsklemma, kunne ein sagt at diktet like mykje gjev eit bod på på kva kjærleik til poesien inneber. Dikta pendlar ofte mellom ei slik pragmatisk haldning og ein meir ideell. Skal ein peike på ein generell tendens i diktboka, er det at ho rører seg att og fram frå det allmenne til det spesielle, frå «alle» til «eg», frå samfunn til individ.

blombeVAR DETTE ALT eg kunne seie om boka, var ikkje boka ei poesibok. Det poetiske nivået i dikta finst og det uttrykkjer innsikter om språk og makt, (kjønns)roller og usynleggjering. Det er nett når ein kjem til dette med usynleggjeringa at Sandra Lillebø gjer lure ting som diktar.

For fleire av Lillebøs dikt peikar ut over seg sjølve, mot eit taust punkt eller ein føresetnad som elles synest å vere undertrykt eller fortrengd – av den gjengse språkbruken.

Andre dikt gjer det til eit eksplisitt poeng å få fram og reinstallere det gløymde, usynleggjorde, handlande leddet. I dei følgjande versa: «og plogen gjennom jorden, det er så / men noen må piske hesten», får den poetiske klisjeen (her: «plogen gjennom jorden»), som ofte står aleine som eit suverent bilete i eit dikt, eit finuerleg tillegg. Biletet vert då meir heilskapleg, mindre tiltalande, får ein bismak, vert meir valdeleg, meir sant. Det er sjølvsagt medintendert at ein plog vert driven av ein hest og ein som piskar hesten, ein plog driv seg ikkje sjølv. På same måte som det manuelle og skitne kroppsarbeidet, det har fordufta frå fellesmedvitet, offentlegheita og media.

I eit anna dikt set Sandra Lillebø i verk nett ei slik mørklegging: «noe ligger på gulvet / som en våt klut / noe ligger på gulvet / som et velbrukt språklig bilde». Lesaren får ikkje vite kva som ligg på golvet, berre indikasjonar på korleis dette noe ter seg, måten, modusen.

Som ein ser, vil denne poeten, i staden for å nøye seg med delen, inkludere dei manglande ledda. Poeten vil ha heile biletet på plass, totum pro parte. Det snurrige er at Sandra Lillebø påviser og fyllar ut heile biletet i kortdikt som sjølv berre uttrykkar brotstykke og delar. Dette er den retoriske sida ved Lillebøs dikt. Det er ikkje alltid slik at delen lenger fungerer som ein pars pro toto, heilskapen er borte, ein treng å minnast om det som vert liggjande i mørket, av ideologiske eller andre grunnar.

Kronblomblad

i en pose
på en benk i gangen 
står ansvaret:

en genser, en flaske vann
noen sedler

noen har tatt det
med seg hit

(Frå Alt skal skinne, Sandra Lillebø)

Sjølv om det siterte diktet spelar på ein kvardagsleg situasjon, som kanskje har med rydding og det å halde orden å gjere, peikar diktet utover tinga og dei isolerte gjenstandane. Ein tingpoet ville ha nøyd seg med tingfetisjismen, medan dette diktet insisterer på å utvide samanhengen, gå attom saksforholda, og slår fast at «noen har tatt det / med seg hit». Om lag slik Bertolt Brecht spør i «Ein lesande arbeidars spørsmål», om det var kongen som slepte på brotsteinen til Theben med dei sju portane.

BlomaI diktsekvensen som følgjer diktet eg siterte ovanfor, agerer derimot Lillebø programmatisk tingdiktar. Her isolerer, abstraherer og hypostaserer ho gjenstandane, påståeleg og nærmast fetisjistisk, og ofrar dermed summen av samanhengane dei inngår i.

pose er bare pose
genseren er bare genser
sedlene er bare sedler
og huset, huset

suset som løper
mellom tennene

(Frå Alt skal skinne, Sandra Lillebø)

Diktet som avviker mest frå dei andre, er revediktet, eller revefabelen, i bolk III. Der andre diktsekvensar spreiar seg ut i tid og motiv, er søkjelyset her heile tida på dette slue, lure revedyret. Diktet kan lesast som eit utviklingsdikt, eit læredikt om korleis ein lærer seg å vekse inn i ei rolle, og korleis denne frie rolla også vert til noko anna enn ei først trudde, ei tvangstrøye («reven sitter i saksa») og heller ikkje ser nokon veg vekk frå ho: «slutt å være rev / se om saksene forsvinner / se om vegene blir tomme».

BlomDiktet overlèt ikkje mykje til fantasien. På slutten av bolk II får lesaren overlevert ein innsnevrande tolkingsnøkkel som er vanskeleg å fri seg frå: «hun er ikke en hund, hun er en rev». Altså dreier det seg om ulike kvinnerolletypologiar, hund eller rev. Problemet med dette, at diktet så tydeleg skal stå for noko anna, er at diktet i utgangspunktet forlèt det konkrete, som rett nok alle dyrefablar gjer, og gestaltar ein idé. Dessutan les ein heile tida rev=kvinne. No er sjølve danninga til rev dels eit motiv i diktet, og konkret nok, og diktet rommar også nokre av dei finaste sekvensane i boka.

Det som kleppar tak i meg med Lillebøs dikt, er det enkle grepet, attpåtil i svært korte dikt, som påkallar komplekse attomliggande samanhengar, avslørar makt og leverer verdfulle innsikter knytt til den gjengse språkbruken. Alt grik ikkje like sterkt, eg kunne ønskt å sjå litt meir villskap i språket, at poeten frigjer seg litt frå, slik det står i forteksten til boka, «et patologisk behov for å skape mening».

Sindre Ekrheim, Bergen, 18.8.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)