Poesiens forvandling

:poesikritikk


DIKT

Patrizia Cavalli

Diktene mine vil ikke forandre verden

Gjendikta frå italiensk av Tommy Watz

Oktober forlag 2019


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Tittelen på diktboka  til den italienske poeten Patrizia Cavalli, Diktene mine vil ikke forandre verden, står seg godt til dei liteprangande bøkene i Oktober forlags gjendiktingsserie, som vert redigerte avRune Christiansen.

Diktene mine vil ikke forandre verden kom ut i 1974. Poeten Patrizia Cavalli vender seg her mot kvardagen, kanskje gjer ho det også med ein ironisk snert. Når dikta vender seg mot det tilsynelatande upoetiske og trivielle i tilværet, og lader dikta med kvardagens umerkelege erfaringar, er det òg med eit medvit om at dikta snur seg bort frå den poetiske forventinga.

Om tittelen bedyrar at det her ikkje er tale om eit opprør, representerer dikta likevel ei frigjering: Poeten forandrar den poesien som har neglisjert og oversett omverda og dei menneskelege erfaringane ho tilbyd. Det er som om poesien til Cavalli oppstår i gapet mellom den tradisjonelle biletpoesien og dei omverdsnære realitetane: «Marokkanerne med teppene / ligner helgener men / de er gateselgere». Dikta står altså planta i to leirar ved at dei uttrykkjer korleis den tradisjonelle poesien ber seg åt og korleis den fjernar ein frå verda.

Mange har peikt på begjæret og dei erotiske spenningane i dikta til Cavalli. Ein merkar det overalt, også i det vesle diktet om prestekragen, der blomen gjennom ei gjentaking vert ført attende til seg sjølv og det kroppslege. Med andre ord er det ikkje ein hardkokt og skildrande lyrisk realisme ein møter i dikta, for verda er framleis vikla inn i draumen og forventningane.

Dikta til Patrizia Cavalli syg den tomme lufta or poesiens oppblåsne utsegner. Det er som om dikta krympar seg  og gjer seg mindre enn dei er. Det endrar også det kvinnelege eget, som mot slutten av boka så å seie viskar bort seg sjølv for å opne merksemda for verda, gjenstandane og språket. Jamvel om språkføringa og diksjonen er kvardagsleg, er dei små og unnselege dikta likevel også i høg grad lyriske, med sinnrike pauseringar, linebryting, rytmiske figurar og med eit utal referansar til den lyriske tradisjonen. Boka er klokt gjendikta til norsk av Tommy Watz som gjekk bort no i januar.

Bergen, 24.januar 2019