Ein humbabasommar

OLYMPUS DIGITAL CAMERANabolaget stinkar tennvæske og solkrem. Spekkhoggarar, lakselus og brennmanetar lurar i badevatnet. Og sommarhuda byrjar få fargen til ein grisunge. Men trass i sommar, late dagar og feriestenginga mellom øyrene, dreier Humbaba poesikritikkhjulet og held det i gong. Men for å få ei avveksling, har Humbaba drege over grensa til Sverige for å lese svensk samtidslyrikk. Humbaba presenterer i dei komande vekene kritikkar av fire aktuelle svenske diktbøker. Det byrjar i dag, med kritkken av Lars Noréns diktbok Stoft som kom ut tidlegare i juni.

 

Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger

Innskanning 100Heraklits fragment om at ein ikkje kan stige ned i same elva to gonger, kan gjerast gjeldande for Olav H. Hauges lyrikk. For Olav H. Hauge endra støtt på dikt, la til og trekte frå ord, liner og strofer og sette inn nye dikt i eldre samlingar. Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy har i Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt på forbiletleg vis gått gjennom og systematisert teksthistoria til poeten, noko som får følgjer for respesjonen og korleis ein ser på diktinga til Hauge. Olav H. Hauge er ein reviderande forfattar som set heile sin forfattarskap i spel kvar gong han får sjansen. Les kritikken av Eit dikt vert aldri ferdig her.

Først meg sjølv og så meg sjølv

Flaggtale av Dan Andersen gestaltar språket og universet til den norske middelklassemannen. Grunnane taleføraren har for å halde flaggtalen er ikkje dei same som forfattaren Dan Andersen har for å skrive boka Flaggtale. Flaggtale leverer råstoff til den retoriske og politiske analysen, og er eit stykke viktig kritisk diktning. Men språket til taleføraren er grunnleggande flatt og keisamt, det manglar heilt ein sanseleg dimensjon. Les kritikken av Flaggtale av Dan Andersen her

Hittemennesket – ei oppleving av å verte funnen

Innskanning 88Kristian S. Hæggernes’ diktbok Alle skrittene et helt liv krever består av eitt forteljande sjølvbiografisk dikt. Boka byrjar med at eg-et finn eit etterlate spedbarn på trappa, han ber det inn og sidan ingen dreg omsorg for det, ser han seg nøydd til å ta hand om hitteungen, som har den besynderlege eigenskapen at den veks fleire år i løpet av ei natt. Les kritikken av Alle skrittene et helt liv krever her.

Kvifor bry seg med diktet?

OLYMPUS DIGITAL CAMERAPoesiantologien Den engelske kanal, redigert av Jørn H. Sværener i sin fjerde årgang og fungerer som infrastruktur for ny poesi. Å montere skandinaviske og utanlandske poetar saman, er ein god idé. Sjølv om innbretten åtvarar om at dragar skjuler seg på ukjent territorium, kan ein røpe såpass at den objektivistiske lyrikken står sterkt. Les kritikken av Den engelske kanal her.