Fernando Pessoas poesiar

Fernando Pessoa stillar ikkje berre til skode ei rad poesiar, filosofiar og litteraturar som ein slags labyrintisk prestasjon som lesaren skal stå måpande ovanfor. Nei, Pessoa skriv litteraturar i fleirtal som talar direkte til ein lesar også i 2017. Dette syner nyutgjevinga av gjendiktiga frå 1989. Les kritikken av Det er ikkje meg jeg forestiller av Fernando Pessoa i Henning Kramer Dahls gjendikting her.

Framtida som kjem bakanfrå

Mona Høvrings dikt er i språkleg alarmberedskap og tek språket på alvor, i den forstand at språket aldri er nøytralt, men veit at det har evna til å nøytralisere menneske. Høvring kan snu og vende på eit bilete og ikkje gje det fred, men kan også, andre stader, late det få stå og tone fram i all sin enkelheit. Les kritikken av Mona Høvrings diktbok Jente med dødningehode her.