
Dikta til Jo Eggen er eit særeige og samansett konglomerat. Og det svingar raskt, i tid og rom. Her kan fjerne utkantar brått forvandle seg til lyriske sentralpunkt. Les kritikken av Dikt om Sverige av Jo Eggen her.
Poesi og poesikritikk
Dikta til Jo Eggen er eit særeige og samansett konglomerat. Og det svingar raskt, i tid og rom. Her kan fjerne utkantar brått forvandle seg til lyriske sentralpunkt. Les kritikken av Dikt om Sverige av Jo Eggen her.
Dikta til Helge Torvund i Liljevilje femnar om dette i oss som gjer at me ikkje er motseiingsfrie, logiske system, men full av lyter, mørke og uro. Les kritikken av Liljevilje av Helge Torvund her.
I Fragment II av Lars Norén svingar det seg frå det aforistiske, reflekterande, slagordbastante til det poetiske nivået. Les kritikken av Fragment II av Lars Norén i Steinar Opstads omsetjing her.
Frank Kuppner, skotsk poet og romanforfattar, skriv forunderlege tekstar. Ein kjenner både melankoli og ein pussig humor når ein les dei. Dikta er ikkje vanskelege, heller prosaiske, klåre og tydelege som eit snapshots, og likevel er det noko som alltid, med vilje, verkar å gleppe unna. Les kritikken av Å se med et intelligent blikk på nakne kvinner av Frank Kuppner her.
Korleis skal ein gripe verda og sanninga, når ein er så sterkt veva inn i dei og står «midt i en elv / som løser opp alt / i bilder, drøm og engstelse»? Dette er nokre av spørsmåla i Rune Berglund Steens maksimalistiske, reflekterande og ekspansive langdikt, Europa, din vinge og storm. Les kritikken av Europa, din vinge og storm av Runge Berglund Steen her.
Debutanten Maren Granrud dyrkar den slåande og småskrudde formuleringa i små, snurrige kortprosatekstar. Les kritikken av Maren Granruds Det er ikke synd på meg men jeg syns det her.
Debutboka til Ole Petter Vaaten grip attende til fortida, til den nære familien og særleg til faren og hans arbeidarliv. Dette fars- og barndomslandskapet vert gestalta i dikt som dyrkar dei assosiative, men også dei disiplinerte biletspranga. Les bokmeldinga av En av tingene med mitt hjemsted av Ole-Petter Vaten her.
Tittelen på den andre diktboka til Bendik Vada, Virkelig igjen, indikerer at noko er kome attende til ein tilstand der det har vore før. I mellomtida må det ha vore i det ikkje-verkelege eller u-verkelege. Les kritikken av Virkelig igjen av Bendik Vada her.
Sjølv om fleire av dei litterære essaya i Karin Hauganes bok Språk og erfaring er skrivne til ulike høve og har ulikt søkjelys, faldar essaya ut ei forferdeleg biografisk kjerne som er blitt bestemmande for den lyriske skapinga – og som lesaren ikkje maktar fri seg frå. Les meldinga av essayboka Språk og erfaring av Karin Haugane her.
Skjærsild av Raúl Zurita er ei svært samansett bok som består av verbale og grafiske dikt, brev frå ein psykiater, og ja, på slutten av boka finn ein fleire prenta elektroencefalogram. Trass mangfaldet av former, finst eit sterk indre samband mellom dikta, og dei gir eit mangslunge og opprivande bilete av den politiske valdens former. Les meldinga av Skjærsild av Raúl Zurita, gjendikta av Pedro Carmona-Alvarez, her.