Nødvendig tilknappa

:poesikritikk


DIKT

Eldrid Lunden

Det er berre eit spørsmål om tid. Kalenderdikt 2014–2018

Aschehoug 2018


Av SINDRE EKRHEIM |  sindre.ekrheim@humbaba.no


Diktboka Det er berre eit spørsmål om tid kan ein karakterisere som ei sørgje- og tapsbok. Dikta er vigd Eldrid Lundens avlidne ektemann.

Kalenderdikt, slik det heiter i undertittelen, strekar under ei innretting på tidas ubønhøyrlege gang. Mennesket er avgrensa av tida, samstundes er tida nett det som gir mennesket høvet til å finnast. I eit dikt heiter det at «det grenselause i seg sjølv er inga tåre / verdt».

Stutte kalenderforteljingar kunne ein frå 1600-talet av finne trykte på kalendrar i Tyskland. Kalenderforteljingar høyrte til folkelesnaden. Det utvikla seg seinare til ein eigen sjølvstendig kunstform, med enkle, oversiktlege og moralske forteljingar med eit overraskande sluttpoeng. Det er ikkje dumt å sjå Lundens kalenderdikt også under denne horisonten. Når krisa rir, held ein ofte fast i vendingar ber fram ei lysande, brå sanning.

Dikta er enkle og haldne i ei tilspissa stutt form. Nokre er anekdotar eller aforismar formulert på ei line eller to, andre ber fram ei kort eller lengre sanse- eller hendingsregistrering. Sjølv når nokre av dikta nærmast liknar eit raskt skrive notat, veks dei seg større eller vert ståande og dirre på punktet dei okkuperer.

I stor grad går poeten i dialog med andre kunstnarar, anten det gjeld sitat frå den antikke Seneca d.y., ei teikna skisse av Leonardo da Vinci, eit relieff eller ei setning frå romanen Intet nytt fra Vestfronten (1929) av Erich Maria Remarque. I boka opptrer også sitat frå ein 7. sans, kanskje forfatta av den avlidne. Det dialogiske er eit velkjent trekk i diktinga til Eldrid Lunden. Her vert det også eit poeng at desse kunstnarane er forlengst døde, men samtidig nærværande i skrifta, ikkje som representantar for æva, men som endelege tidsvesen. Det er gjennom rommet rundt oss at desse fortidene vert tilgjengelege. Denne dobbelheita, pendlinga mellom motsetnadane finn ein att på fleire nivå i diktboka. Berre det at dikta på overflata er så klare og sterkt avdempa, gjer at kjenslene, saknet eller fråværet trykkar på på frå under- eller utsida av dikta. Det er verkeleg flott.

Fusa, 10.januar 2019