Når det ikkje samsvarer

:poesikritikk


DIKT

Casper André Lugg

Tilgi det virkeliges blomstring

Tiden Norsk Forlag


I den femte diktboka til Casper André Lugg, med den fine, men kanskje også litt gamalmodige tittelen Tilgi det virkeliges blomstring, er det mennesket sitt manglande samsvar med verda som vert sett i søkjelyset. Menneskets lagnad er problematisk, når det må «være i verden og ikke av verden», som det heiter i avslutningslina i boka.

Økopoesien peikar òg på eit manglande samsvar mellom menneskas industrielle og teknologiske utvikling og øydelegginga av omverda. Sjølv om det finst ei tilsvarande rørsle i Luggs lyrikk, kastar han òg lesaren inn i ein religiøs samanheng der mennesket har opphav og borgarskap utanfor verda. Noko som igjen kan sjåast på som årsaka til det uavklara tilhøvet mennesket har til naturen. Samstundes verkar dikta å søkje mot mystikken, til ein eg-laus veretilstand: «jeg hegner om smerten i å være / ved sentrum av noe utenfor meg selv».

Dikta er ordna i ti såkalla samanstillingar, eit uttrykk for at noko som ikkje høyrer saman, vert plassert saman. Den skarpe åtskiljinga finst i bøna, i diktet og i skrifta, fordi dei hermar verda og inkorporerer ei anna verd, men likevel finst det i desse litterære formene ei sans for det røynlege: «det er lytt mellom diktet og verden». Og ein skal, slik tittelen på boka seier, tilgi, bere over med den vantande samklangen.

I dette spennet faldar Casper André Luggs bilete og stuttforma dikt seg ut. Verdsdfornektinga blir sett på prøve, slik Orfeus gjorde då han på vegen opp frå dødsriket, trass alle åtvaringar, snudde seg mot Eurydike, slik at ho atter måtte returnere til dødsriket: «jeget vikles inn i verden / som rester av gress og løv i en lys ulltråd». Diktspråket har den eigenskap at det i sitt biletspråk vender seg mot og syner til verda: «jeg våkner i din stemme».

Lugg er ein ung, dyktig lyrikar, som både tenkjer i, og skapar, suggererande bilete med eit trykk av eksistensielt alvor. Nokre få dikt fell gjennom, dei blir oppstilling av tankar, forkynningar og forklaringar som fortel korleis det eigentleg heng saman. Då plasserer dikta seg litt utanfor det syngande språket som forvillar seg i fascinerande bilete. Lyrikken til Lugg er så mykje betre når ein får servert bilete som held fram å virke etterpå, utanfor diktet: «hånden gror i et erme av lys».

Sindre Ekrheim

Bergen, 26.oktober 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)