Mot det moglege

Ein debut som lyfter

I dikta til debutanten Erlend Skjetne vert element som natur og segner veva saman og inn i forholdet mellom to menneske. Dei to bur ein stad omgjeven av natur, langt nord i landet. Det er særleg gjennom dei suggestive naturbileta at dikta reflekterer forholdet til det andre mennesket og til seg sjølv: «Med andedrag tunge som fuktig snø, / fell eg ned att i svevnen, / trygg på at ingenting skal bli att av mørkeret». Naturen er heile tida nærverande og motsetnadsfylt, både tryggleikskapande, destruktiv, sanseleg og ven.

Dikta skildrar ei utvikling, ei aldring, sidan dragnaden mot dei tapte livsmoglegheitene verkar å ta større plass mot slutten av boka. Men sistediktet gjer ein volte og opnar seg mot det moglege att: «Ein halvlagd kabal på bordet. // Glaset ope mot det unge / lyset i mars». Ønsket om at draumen og røynda, kjærleiken og kvardagslivet, naturen og mennesket skal smelte saman til ein ubroten einskap, renn som ein raud tråd i dikta.

Stilistisk vert tvikløyvinga mellom draum og røynd spegla i ei tydeleg veksling mellom dei korthogne brå og dei lengre, meir utbroderande segmenta. Dei to elementa strid mot kvarandre og glir oftast ikkje saumlaust i hop. Sjølv om dikta kan karakteriserast som kortdikt, det lengste strekkjer seg over ei side, kan ein tidvis oppleve nokre sekvensar som ordhage, med setningar som ornamenterer seg, og det gjer dei fordi dikta følgjer klangane sin logikk. Nett dette bidreg til at Erlend Skjetne evnar å skape ei gjennomgåande stemning i diktboka, prega av ei meditativ ro undergreve av bråe kast.

Skare er, på ein god måte, ei samansett diktbok. Mange dikt er prega av slåande bilete, men utan at bileta nødvendigvis vert utvikla i diktet. Og i nokre dikt er strofene lause, dei er ikkje med nødvendigheit integrerte i kvarandre. Det er ikkje eit problem, tvert om byggjer dikta på det viset inn andre moglegheiter, som moderer tapet av kjærleik og livsmoglegheiter som dikta påtalar på overflata. Slik vert det eit godt og frigjerande lyft i Erlend Skjetnes debutantdikt.

Bergen, 24. oktober 2019

(Bokmeldinga har vore publisert i Dag og Tid)