Monstrøs organisme

:poesikritikk


DIKT

Nils Chr. Moe-Repstad

Wunderkammer (27 kataloger)

Flamme forlag 2016


Wunderkammer av Nils Chr. Moe-Repstad er eit poetisk-encyklopedisk verk som er så monstrøst at det trass i alle freistingar på avgrensing flyt ut over sine grenser. Potensielle inndelingar, kategoriar og aktuelle katalogiseringar vert oppheva av tekstanes ustanselege forgreiningar og myriadar av bilete og knoppskytingar.

Wunderkammer består av 734 nummererte dikt. Kvart dikt er på tre liner. Boka er vidare inndelt i 27 namngjevne katalogar. Ser ein nærmare på teksten, finst det i «Den siamesiske katalogen» sju dikt som har to trelina strofer (734+7), dessutan inneheld bolkane «Singlane I og II» seks unummererte dikt. Slik kan ein seie at boka, som har eit sidetal på 848 sider, totalt inneheld 747 dikt.

I nordisk samtidslyrikk er det vel berre dei svenske poetane Johan she bJönsson og Göran Sonnevi som gjev ut like materielt omfattande poesibøker som Wunderkammer. Den siste av Jönssons diktbøker, dit. dit. Hään (2015) er på over tusen sider medan Sonnevis Bok utan namn (2012) er på åttehundre.
Sjølv om omfanget i norsk poesisamanheng er uvanleg, er det i utgangspunktet ingen overveldande tekstmasse når det står tre verseliner på kvar side. Storleiken i diktverket Wunderkammer strekkjer seg uansett langt utover det materielle omfanget. Dikta posar seg ut, skyt knoppar utover, bakover, sidelengs, framover, samstundes som dikta nennsamt vev seg inn i andre dikt i boka. Slik oppstår nærmast uendelege strukturar og liner lesaren kan forfølgje.

Wunderkammer framstår som ein veldig pulserande kropps- og verdsorganisme som flyttar seg fritt i historia, rommet og verdsrommet. Boka er bokstavleg tala ein tekstcorpus, ein tekstkropp. Nett det lekamlege, kroppen, inntek ein særstilling i Wunderkammer sitt buskas av eit tekstlandskap.
Nærmast alle dei encyklopediske stoffområda i Wunderkammer – frå partikkelfysikk, historie, geologi, biologi til restaurantbesøk og rosevindauga i Notre Dame – vert prøvd mot kroppen, den ultimate, men skjøre, reflekterande livssubstansen. Kroppen er altså prisme og alle tings mål i desse dikta, i kroppen finn alt saman, der oppstår og bryt all tolking, forståing og sansing saman. Universets galaktiske ytterkantar, mikrokosmos, med kryp, rotter, korallslangar, arkitektur, kunst, litteratur, Demokrit, Nikolas Tesla, Kjell Nupen, børskrakket i 1929, eller svermen av atom opnar seg alltid for, eller opnar, eit menneskeleg auge.

83

Litteraturen skraper ut et av øyeeplene og finner et annet syn 
som tillater inntrengning i Det gamle testamente, at Odyssevs’
reiser kan eksistere i ospebladets forgreinede skjelett

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

Med tanke på historisk materiale og historiske referansar i boka, anten det gjeld tause arkeologiske leivningar eller skriftlege kjelder på utdøydde språk, kan ein observere noko av det same: Når Moe-Repstad skriv i presens, som om han lever i førhistorisk tid, eller svevar lett mellom epokane, som ein som er samtidig med all tid, berre unnateke tida etter døden, så er det nett uttrykk for at denne forunderlege kroppen, er det einaste kjende biologiske instrument med moglegheit til å flytte seg i tid. Som så å seie mentalt finst i kroppanes tid, i tidas utstrekning og som syg til seg tider, uskuldas tid, kroppsutslettingas tid. Og den tidsbestemte lagnaden til barnekroppane Helga, Helmut, Hedwig, Heidrun, Hildegard og Holdine:

329

Tyngdekraften er: tyngden av død, cyanid har aldri vært smittsomt før
1.mai 1945 i en bunker under Berlin: Helga, Helmut, Hedwig, Heidrun
Hildegard og Holdine besmittes av sin mor Magda og dør momentant

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

Kroppens tid strekkjer seg til før kroppen byrja. Og det er heller ikkje, slik det går fram av dikt 352, utenkjeleg at materien starta gjennom språket.

352

Jeg er kroppen og navnet du sier jeg er, hukommelsen før jeg fikk navn 
var også legemlig og inneholdt karbon: at et grunnstoff kan begynne 
med et alfabet, er like mulig å tenke seg som den aller første materien

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad

Inga tid og historie, heller ingen natur, vil finnast utan kroppen. Om eg skal våge meg på å samanfatte den monstrøse og viltveksande Wunderkammer, vil bolken ovanfor, altså den om kroppen, representere  ein mogleg tilnærming til kjerneinnsikta dikta ber fram. Men då må ein hugse på at dikta alltid rommar eit meir, inkludert utsegner som motseier det eg no påstår. Ei samanfatting kan samanliknast med ein bulldosar som rører seg over eit småkupert landskap. Bulldosaren gjer at landskapet vert flatt og ser likt ut overalt.

Den skada kroppen står sentralt i fleira av katalogane. Ordet Corpus vert forresten også nytta om representasjonen av Jesus-figuren som heng på eit krusifiks. I diktet «368» er det denne representasjonen av kroppslidinga som utgjer ein notidig kroppsleg forståingsport til lidingshistoria: «det må ha svidd forjævlig».

368

Når jeg tenker Jesus på korset, noen ganger i uka, og det har jeg gjort
fra jeg var liten, ser jeg såret under ribbeinsbuen og svampen med eddik
på et romersk spyd, jeg tenkte da, tenker nå, at det må ha svidd forjævlig

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

EIT WUNDERKAMMER er eit raritetskabinett fylt opp av ei meir eller mindre tilfeldig samling av verdas skakande og forunderlege ting, dyr og gjenstandar, utan noko tilsynelatande systematisk eller ordnande tilnærming. Eit wunderkammer vert også kalla kuriositetskabinett, forundringskammer, naturaliekabinett eller kunstkammer. Desse kabinetta stammar frå renessansen og den tidlege opplysningstida. Eit kjend forundringskammer i Skandinavia er den danske legen Ole Worms» (1588–1654) samlingar, kuriositetskabinettet Museum Wormianum, kjend også frå ei etsing frå 1655, der ein ser ein overveldande mengd fiskar, fossil, konkyliar, skjell, øgler, fangstreiskapar og anna. Ole Worms samling stamma hovudsakleg frå mineral-, plante- og dyreriket, men inneheldt også antikvariske gjenstandar, kunst og etnografiske gjenstandar.

I eit wunderkammer spring ikkje organisasjonsprinsippet ut av dei samla tinga sjølve, anna enn at tinga delar eigenskapen av å vere kuriositetar og forunderlege ting henta frå ei verd der grensene ekspanderer fordi nysgjerrigheita og sansen for kunnskap aukar. Prinsippet for organiseringa er gjeve av sjølve kammeret der alle desse verdas uhyrlege og mindre uhyrlege skapnadar vert plasserte side om side. Tinga vert teke ut frå verda og samla i eit anna og nytt rom, som finst i verda, i wunderkammeret. Slik er wunderkammeret både prega av eit utstrekt taksonomisk anarki, med sin samanrøysing av like og ulike gjenstandar, artefaktar og dyr frå veldig ulike tidsrom, men også disiplin, fordi dei er samla under eitt, innanfor ein arkitektonisk avgrensa stad. Det er ingen naturens orden lenger. Det er ein kunstig orden. Men mest av alt er det ein forundra orden. Om lag slik oppfattar eg at katalogane til Moe-Repstad fungerer: Dikta spring over dei grensene katalogen set, samstundes som dikta verkar konsistente nok utifrå omgrepa og namna dei enkelte katalogane etablerer.

92

Er rommet for stort for dette kabinettet, spør jeg som den svakeste
samleren: jeg katalogiserer funn under huden og har gjemt språk der
for min mor, sykdommene hun ser i drømme, kabinettet reelt, isolert

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad

Det er slik med Wunderkammer at ein kan gjere nedslag nærmast kor som helst, og derifrå vikle ut eller tvinne trådar på kryss og tvers i lesinga. Slik utviklest nye motiv. Slik treffer ein på anekdotar, aforismar, vene dikt, songar, forteljingar, historisk stoff, referansar, kunstnarar, helgenar, antikke filosofar, mytar og stadige drypp frå matematikk, geometri og den moderne naturvitskapen. Det er ikkje enkelt å uttøme det som står her, det er bortimot umogleg å få grep om teksten som heilskap. Wunderkammer er ein ustabil tekst og representerer ein vedvarande hermeneutisk terror, der delen aldri går opp i heilskapen og heilskapen aldri finst til fulle i delane. Teoriane, som står sentralt i Moe-Repstads dikt, vert sett opp mot eksistensen, ikkje som ein motsetning, men som ei rekkje med spørsmål:

168

Er ordet partikulært, språkene, materialene og naturen partikulær

er ensomheten partikulær, begravelsen, fosteret og analfabetet partikulært
er demens partikulært, grammatikken, atomene og sedimentene partikulære

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

Moe-Repstad har hatt, og har også her, eit skarpt auge for vitskapen, den medisinske og biologiske. Når betar av denne terminologien trer fram som einskildord i dikta, er det som om orda får skine i eit framand skjer. Det er som om poeten omfamnar dette vokabularet, fordi det tilhøyrer kroppen, ikkje-utforska område av det indre kroppslandskapet. Me ber på eit intrikat blodsystem med ulike spesialorgan som me ikkje treng å kjenne funksjonane til for å leve.

Boka er midt sagt motseiingsfylt, ho er det ikkje berre fordi dette er litteratur og dikt. Når ein til dømes les bolken «Byen, min elskede rotters katalog», møter lesaren ei paradoksal kjærleikserklæring til rottene, samstundes som poeten undersøker rottenes historie, frå rotteperspektiv. Rottene førde pest og død med seg og vert sinnbiletet på trugsmål og elende. Men samstundes har rottene spelt ei avgjerande rolle i å avdekkje kunnskapar om kroppen.

312

Når vi kan demontere og sette sammen menneskekroppen, er det mine
rotters offer, gjennom hele den medisinske historien: Galens gladiator
til Tu Youyou og hennes kinesiske alkymist Ge Hong, død 343 e.Kr.

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

Fleire dikt omtalar litteratur, lesnad og dikt, alt frå Demokrit, William Shakespeare til Ezra Pound. Fleire dikt uttalar seg dessutan om eigen poetikk og særskilt om dette poetiske verket.

156

Finner du svaret på en gåte inne i en annen, inne i en tredje
gir jeg deg tre linjer, om linjene er et dikt, gir jeg deg en kode
om koden åpner diktet, gir det deg en ligning

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

Når ein les denne poetikken, er det som om diktet vert redusert til ein rebus, ein slags omsetjing frå noko til noko anna. Altså at ein frå biletet skal finne fram til bokstavar og ord som dekkjer biletet. Men det står også at diktet gjev oss ei likning. Anten er det tale om likning som eit utsegn i matematikken, der høgre og venstresida i likninga syner at dei to sidene er like. Eller så er det tale om det liknande, det som liknar på noko anna, men ikkje er identisk. Då er ein over i ein slags uendeleg bevegelse, for stadig nye bilete kan produserast. Når det gjeld Moe-Repstad poetikk, trur eg ein kan tenkje at likning hos han kan forståast på båe måtane.

Eg røper ingenting om et siterer det siste diktet i Wunderkammer:

734

Ikke engang bringebær, som Hallonflickan 
i boblene fra slamlagene er jeg ingenting
etter grunnstoffene og atomene, ingenting

(Wunderkammer, Nils Chr. Moe-Repstad)

Hallonflickan er eit skjelett som vert funnen i 1943 i ei myr i Västergötland. Når ein undersøkte liket nærmare, fann ein at ho som sitt siste måltid hadde åte bringebær. Utsynet i diktet er djupt dystopisk, samstundes som det også rommar ei roande visse. Om lag med same roande effekt som kunnskapane om grunnstoffa og atoma gjev oss. Men heller ikkje kunnskapen om grunnstoffa og atoma reddar oss og våre kroppar. Og jamvel om me er heilt uvitande om deira eksistens og verkemåte, er me totalt avhengige av dei.

Dette lærde, poetiske og myldrande konglomeratet av ei bok kan, som eg vonar å ha synt, anbefalast på det sterkaste.

Sindre Ekrheim, Bergen, 13.10.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)