Monadisk fragmentarium

:poesikritikk


DIKT

Hans Petter Blad

Clair-obscur

Oktober 2016


shehusDikttekstane i Clair-obscur fortonar seg frå eitt perspektiv som lausrivne snapshots, scenar, replikkar eller augeblikksbilete snappa opp frå dei travle Paris-gatene.

I staden for konsentrasjon og fortetting, verkar setningane i desse dikta å spreie seg, nærmast utan kjerne, brennpunkt og samanknytande liner, utover i rommet. Og vert liggjande på boksida som mysteriøse brotstykke, språkkapslar og monadar.

Opningsteksten verkar å tematisere og demonstrere biletleg bokas  u t s p r e i d d e  form, idet ulike ting vert kasta frå eit vindauge og hamnar på meir eller mindre tilfeldige og disparate plassar på fortauet.

CHARENTON

En komfyr kastes ut av vinduet høyt oppe, fra en leilighet ved
Gare del’Est, på solsiden. Alt malplassert kan hives ut av et
vindu, også mennesker.

Snart ble luften fylt av bøker, klær, en tv, et uferdig maleri,
uåpnede brev. Eldgamle mynter i en brønn. Noen ville jeg skulle
se dette, jeg snudde meg vekk.

Forbipasserende stanset, løftet blikket. Portneren kom, han
visste mindre enn oss, trakk bare på skuldrene. Ett eneste ord ble
hengende i lufta.

(Claire-obscur, Hans Petter Blad)

Som lesar tek ein her del i fullbyrdinga av eit faktum medan kausaliteten, handlingas agens og kva som leier opp til og følgjer etter hendinga, vert liggjande i mørket. Faktumet vert heller ikkje fyllbyrda i teksten, fordi alle tinga som vert kasta, framleis svevar i lufta.

shefasadeNår ein veit at Charenton er eit kjend sinnsjukehus i Paris, kan ein anta at det vert antyda noko om bakgrunnen for hendinga, at noko traumatisk har skjedd. Det er dette augeblikket, der noko indre trengjer fram og ut frå den vonde staden (jf. ordet malplassert), frå det indre-mentale og over til ytre handling, frå bygningen og ut gjennom vindauget, som teksten fangar inn. Som ein ser, er også episoden fortald med avstand, i eit deskriptivt, ikkje-tolkande språk.

Frå den siterte Charenton-teksten flyttar ein seg geografisk kring i Frankrike og i Paris. Tekstane hoppar kjapt mellom innskotne forteljingsbrotstykke, menneske, han, hun, grupper av folk og rissar opp relativt dramatiske situasjonar og stillbilete som raskt vert forlatne.

Det er ikkje berre eg-et, som gjennom utsynet over gatebiletet, har avgrensa kunnskap om kva som forårsakar det eg-et ser. Også andre agerande, til liks med lesaren, er uvitande: «Han gikk naken og forslått inn på jernbanestasjonen, hva som / brakte ham dit visste han ikke, om han skulle reise og i så fall / hvor.»

Lakunar og blinde flekkar finst overalt i desse tekstane; gropar framkalla av medvitstap, tause traume, fortrengingar, utelatingar som skuldast avgrensa utsyn, innsyn og innskrenka situasjonsforståing. Det er heller ikkje noko tekstleg apparat som hjelper til å binde dei disparate bileta og setningane saman, dei finst der berre i si utspreidde form. Isolerte, einsame lik monadar, men likevel er dei der, saman.

she fasadeTekstane følgjer det same kompositoriske mønster. Kvart dikt bryt fram or ein samanheng lesaren ikkje kjenner eller vert kjend med. Enkelttekstane er vidare ofte kjeda saman av ulike fragment, setningar og bilete som vert ståande aleine og i avgrensa grad kastar lys over dei som ligg føre og dei som følgjer. Det er som om tekstane aktivt gløymer, og medvite fortrengjer, seg sjølve. Det dominerane blikket ein møter, er situert i ei travel bygate, der folk strøymer forbi i alle retningar og der betar av opptrinn, fakter og replikkar oppstår utan tilsynelatande kausalitet eller koherent meining for observatøren.

Då overraskar det kanskje ikkje at Hans Petter Blad med boka Clair-obscur ønskjer å tematisere ei medviten fortrenging,  at ein ikkje ønskjer å stire det problematiske og vonde i auge, korkje i samfunnet eller i sitt eige liv, men heller oversjå det: «Noen ville jeg skulle se dette, jeg snudde meg vekk» (frå «Charenton»). Slik vert Clair-obscur ein kollektiv katalog over minneutraderingas aktivitetar. Og eit utopisk bod på korleis ein skal konfronterast med aktiv gløymsle, også av dagleglivets trivialitetar, vert formulert: «Å skrive ned hvert ord de sier, så tvinge dem til å lese, én eneste gang, hva de selv har sagt.»

GJENNOM ØRKENEN

Aubervilliers, ved nedgangen til metroen, hun er minst tjue år yngre enn ham. De håndhilser, da ser jeg endelig at de ligner. Det er far og datter, og de har aldri møtt hverandre før. Ikke bli lykkelige, tenker jeg, da mister dere hverandre. Arm i arm, de forsvinner. Om en halv time har jeg glemt dem, hun er ikke annet enn det bildet faren, i sitt fravær, har formet.

(Clair-obscur, Hans Petter Blad)

Igjen ein tekst som fangar eit augeblikksbilete, eit meir eller mindre tilfeldig utsnitt av ei gatescene. Biletet er observert og registrert. Men sjølve gyldigheita til registreringa vert nekta for av eg-et («Om en halv time har jeg glemt dem») og tittelen indikerer at noko berre passerer («Gjennom ørknen»). Eit eller anna ved gatescena har likevel fanga merksemda, for eg-et kjem med ei temmeleg utbroderande tolking av scena. I tillegg har eg-et, eller rettare, forfattaren, funne det verd å notere hendinga.husfas

Men kvifor skrive eit dikt slik, om noko som er heilt utbetydeleg og verdilaust, noko som i neste augeblikk er gløymd. Fordi hendiga vert skrive ned, vert ho lada med tyding. I skrivehandlinga ligg eit imperativ om å hugse. Sjølve nedskrivinga kronar og hevar den tilfeldige scena opp i det gyldig og vesentlege, og forlenger ho i det uendelege. Skrivaren kan ikkje seiast å ha gløymt scena, sjølv om skrivaren har stempla ho med utløpsdato og gløymslas segl («Om ein halv time har jeg glemt dem». Det er her, i spennet mellom ei aktiv gløymsle og ei aktiv skriving, mellom to motstridande talehandlingar, at ei lading av teksten skjer.

Tittelen på Hans Petter Blads diktbok peikar mot det såkalla clair obscure-teknikken (chiaroscuro) i malarkunsten, som utviklar seg frå renessansen. Prinsippet er at ein i maleria lagar sterk kontrast mellom lys og mørke og dermed skapar ei særeigen djupne i rommet. Georges de la Tour er ein 1600-talsrepresentant for denne malarteknikken, der ei sterk lyskjelde (talglyset) opplyser den sentrale handlinga i maleriet medan andre delar vert liggjande i skugge.

husI tråd med chiaroscuro-teknikken som boka sverjer til, hamnar berre flikane av større forteljingar under språkets lystråle, resten vert forlagd til eit utilgjengeleg gløymslemørke. Men det spørs berre om ikkje desse opplyste flikane i Blads tekstar også risikerer å falle i mørket. Språklege teknikkar i eit dikt og visuelle teknikkar i eit maleri fungerer trass alt ulikt. Klarleiken og djupna i språklege framstillingar handlar om eit distinkt språk med presise språkbilete som ladar dei faktiske teikna med ei veksande meining. På meg verkar det som om Blad har overført maleriets teknikk direkte til språket. Effekten av teknikken vert i diktet ein annan enn i maleriet. I staden for klårleik og djupne vert ein ståande med disparate setningar og lause bilete. Når desse trugar med å slå kvarandre semantisk i hel, altså at det vert umogleg å skape samanheng, så kan ein nok seie at Blad held seg godt innafor sitt kunstnariske forsett: å tematisere og verkeleggjere gløymsla.

Prosjektet til Hans Petter Blad er høgst interessant. Eg oppfattar at det likevel heftar eit problem ved desse dikta, for det konkrete språket nappar ikkje direkte tak i lesaren, språket vert for monotont og likt. Særleg vanskeleg er det å spore progresjon i boka som heilskap. Sjølv om det nok er intendert frå forfattarhald, så oppløyser setningane seg for lesaren, dei flimrar forbi. Lesaren får heller ikkje grep om, eller kjensle for, kva fortrenginga fører til, anna enn at tekstane peikar på vald og relasjonsforstyrringar. Er diktformatet for trongt? Hadde tekstane tent på å bli utbygd, i retning av større prosastykke?

Likevel, ein må ikkje underslå at det finst tekstar her, om ein les nøye, som har mykje å gje lesaren. Dessutan glimtar boka til med fleire enkeltståande bilete, og setningar, som her, kor forma nærmar seg aforismen og slår ned i lesaren med stor kraft: «Jeg kunne skrevet en selvbiografi der hvert ord var sant, men ingen ville kjent meg igjen».

Sindre Ekrheim, Bergen 20.10.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)