Med føtene på jorda

:poesikritikk


DIKT

Knut Ødegård

Tida er inne

Cappelen Damm 2017


Det er femti år sida Knut Ødegård debuterte med diktboka Drøymaren, vandraren og kjelda. Årets samling, Tida er inne, er ei særs rik diktbok, her veks dikta formeleg under auga på lesaren. Å sjå er forresten eit grunnmotiv i samlinga, jamvel om det lyriske blikket like mykje er festa på blindepunkt og det som fell utanfor biletrammene.

Lyrikaren, kritikaren og omsetjaren Knut Ødegård har skrive ei diktbok som romsterer i dei mørke krokane i livet og i tida. Gjennom eit presist og nyansert biletspråk romsterer desse dikta òg i lesaren, samstundes som samlinga set søkjelyset på ei rekkje skam- og tabulagde område i samfunnet, dømesvis psykisk helse og overgrep. Og Ødegård kan vere pinsamt ærleg, til dømes om alderdommens kroppslege plagar: «Har byrja / å pissa i buksa eg, stinkar ammoniakk.»

I formene svingar det her frå det korte, poengterte diktet til lengre, utbroderande lyriske remser. Ramma inn av dikt om tida i opninga og slutten av boka, fører samlinga oss både attover og framover i tidene, frå barndomsminne fram til undergangssynene i det profetiske diktet «Duskregn: Ho ser og gløymer». Det sistnemnde diktet er kanskje det som sterkast og tydelegast ber spor av Ødegårds store arbeid med Edda-gjendiktinga, eit arbeid som retteleg har vekt stor åtgaum hos kritikarane.

Ramma er eit gjennomgangsmotiv, fotografiet og biletet har ei ramme, eit innafor og eit utanfor, slik dårekistene poeten skriv om inneber å ramme inn eit lidande menneske med tvang. Jamvel om tida er inne og innanfor, strekkjer desse dikta seg utover sperreverka, til utsidene, til «spiralgalaksar» og «den ubrøytte / Mjølkevegen». Men det ein ønskjer å ramme inn, til dømes barnet ein har vore, kan vere vanskeleg å gripe: «Barnet er ikkje / i biletet når filmen vert framkalla.»

Det ligg i tittelen, Tida er inne, at det poetiske stoffet er prega av ein presserande, naudsynleg lyrisk tale; det er noko som må seiast før tida er ute. Vel kan ei kalle dette biografiske dikt, men så oppdagar ein at her er både økodikt, minnedikt, profetiske dikt, historiske dikt, dikt om dei pågåande krigane og vene kjærleiksdikt. Knut Ødegård har skrive ei av årets beste diktbøker.

Sindre Ekrheim

Cittadella, 28.9.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)