Lyrikkforsking for alle?

:poesikritikk


TIDSSKRIFT

Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning

Redaktør Ole Karslen, Louise Mønster, Hans Kristian Rustad

Universitetsforlaget (Open Acess) 2016


Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning kom med sitt første nummer på tampen av fjoråret, og vil kome med to nummer i året. Dette er eit lyft for den nordiske lyrikkforskinga og den internordiske forskingsutvekslinga på lyrikkvitskapens område. Som initiativtakar til tidsskriftet står det såkalla Hamar-miljøet på Høgskulen i Hedmark, som no heiter Høgskolen i Innlandet, med professor Ole Karlsen i spissen. Dei to andre redaktørane er Louise Mønster og Hans Kristian Rustad. Det er berre å gle seg over nykommaren og den nye arenaen for forskingsbasert lyrikkrefleksjon.

Dei fire fagfellevurderte forskingsartiklane som det første nummer av tidsskriftet inneheld, spennar frå Michael Kallesøe Schmidt si rydding i poetikkomgrepet i høve til danske forfattarpoetikkar, til Anders Olssons svært leselege og borande utgreiing om Gunnar Ekelöfs forhold til forgjengaren Edith Södergran. Unni Langås gjev oss ei instruktiv nærlesing av diktboka En kväll i oktober rodde jag ut på sjön av den finlandssvenske poeten Tua Forsström ved hjelp av omgrepet ’indeksikalt bilete’ medan Mats Jansson i artikkelen «Ekfras som poetisk modus» med utgangspunkt ei rekkje døme diskuterer kva som skjer når poetar skriv om eit visuelt bilete, til dømes eit maleri.

Ein finn også fem bokmeldingar i dette første nummeret. Lyrikkteoretiske og edisjonsfilologiske verk er kritisk handsama, og to bøker som på ulikt vis tek for seg songlyrikk, blir gått etter i saumane. Utvalet av omtalte bøker syner breidda i lyrikkfeltet.

Leiarartikkelen til eit debuterande tidsskriftnummer les ein gjerne med skjerpa interesse. Her finn ein visjonane, programfråsegnene og vedkjenningane til redaksjonen som legitimerer tidsskriftet. Sidan dette er eit vitskapleg forskingstidsskrift, med forplikting på institusjonen, poesihistorietradisjonen, det vitskaplege og terminologiske, legg dette nødvendigvis band på fråsparka i programfråsegnene. Slik vil det naudsynleg vere, og er ikkje noko å beklage.

Fem moment, som både har med forskingsstoda generelt og med lyrikken spesielt å gjere, og som redaksjonen legg vekt på, kan hevast fram som prisverdige: 1) at det handlar om lyrikk, 2) at tidsskriftet publiserer artiklar på skandinaviske språk pluss engelsk, 3) at det hegnar om det opne lyrikkomgrepet, 4) at det har eit nasjonsoverskridande, nordisk søkjelys på lyrikken og 5) at tidsskriftet er allment tilgjengeleg og kan lastast ned gratis frå internettet (Open Access).

Eit forhold leiarartikkelen ikkje går særleg inn på, er om det å avgrense tidsskriftet til lyrikken gjer at ein dermed dreg lyrikken unna den allmenne litteraturvitskapen, og dermed skjønnlitteraturen, og skyv lyrikken inn i poesireservatet, noko som igjen berre bidreg til å skjerpe marginaliseringstendensane. Og: Om denne utskiljinga står i konflikt med det opne lyrikkomgrepet redaksjonen vedkjenner seg? Om ein opnar lyrikkomgrepet, slik at det dømesvis femnar om både song- og skriftbasert lyrikk, må ein ikkje då setje lyrikken i kontakt med andre sfærar og område enn det ein tradisjonelt har gjort, og også annan litteratur?

Tja. Innvendinga verkar urimeleg. Om ein ønskjer å halde fram eit forsømt område, auke merksemda og betydinga til det, er det naudsynleg å utskilje det for faktisk å gjere det synleg. Det såkalla smale perspektivet til tidsskriftet, utskiljinga av lyrikken og lyrikkforskinga i Norden, er dessutan eit ypparleg høve til å syne nett kor vid og kor mangfelt lyrikken er, diakront og synkront, tematisk og i formspråket, i staden for stadig å terpe på kor forferdeleg smal, upopulær og hermetisk han er. Nett det vide perspektivet på lyrikken tykkjer eg debutnummeret syner fram på ein særs god måte, både i emna for artiklane, der nokre borar i djupna medan andre samanliknar og held saman variansen i eit felt. Lyrikkens brotflater mot andre kunstartar blir ivareteke av Mats Janssons ekfrase-artikkel. Meldinga av ei bok om salmesong og Prøysen-boka vakkervisa hu skulle søngje, redigert av Ole Karlsen, kan også sjåast på som uttrykk for vilja til å opne og utvide lyrikken.

Når funna blir distribuert elektronisk utan kostnad og i prinsippet til alle, skjønar eg likevel ikkje kvifor redaksjonen avgrensar målgruppa til «studenter og forskere innenfor den litterære nordistikken» og «forskere og studenter innenfor de nordiske landenes lærer- og lektorutdannelser». Tidskriftet kunne med fordel, og utan risiko for tap av seriøsitet eller akademiske renommé, ha inkludert den interesserte lesaren i målgruppa. Sjølv om offentlegheita har brote saman i dei nordiske landa, til liks som i alle vestlege land, vil det i dei nordiske landa framleis finnast folk utanfor dei inste universitetssirklane som meir enn gjerne gjev seg i kast med lyrikkforskingsartiklane i Nordisk poesi og helsar ein ny arena for poetisk tenking velkomen. Nordisk poesi presenterer rett nok litteraturvitskapleg hard core-forsking som mange oppfattar som smalt, men på ei anna side, skal ein først vere open, kan ein, når alt ligg teknisk og økonomisk til rette for det, gjerne våge steget heilt ut i det opne.

Tidsskriftet skal femne om den nordisk lyrikken og lyrikkforskinga, kva mon det no kan tyde. Unni Langås skriv om ei diktsamling av den finlandssvenske poeten Tua Forsström og Anders Olsson dreg inn den finlandssvenske Edith Södergran når han skriv om den svenske poeten Ekelöf. Men det er kanskje ingen av artiklane som isolert sett tek det nordiske perspektivet heilt på alvor og verkeleg rører seg utanfor og mellom dei språklege domena og overskrid det nasjonsspesifikke. Det er kan hende ei svakheit. Men les ein artiklane og bokmeldingane i samanheng, får ein likevel eit breitt og djupt inntrykk av det nordiske. Eksistensen av Nordisk poesi. Tidsskrift om lyrikkforskning vil sannsynlegvis i seg sjølv bøte på denne mangelen, om det då er ein mangel, og gjere sitt til at det all- og internordiske perspektivet på lyrikken vert styrka.

Innhaldet i omgrepet ’det nordiske’ er jo ikkje naturgjeve og er kanskje meir diffust enn klart, sjølv om mange nok har ei vag oppfatning av kva det nordiske inneber. Når redaksjonen skriv at dei med nordisk tenkjer regionalt, trur eg det er heilt rett. Særleg med tanke på mangfaldet av språk det vert dikta på, historisk, men også med tanke på eventuelle nye tilskot, på språk som ikkje historisk høyrer heime i regionen. Eit regionalt omgrep gjer at det ’nordiske’ framleis vert ståande ope og må fyllast. Det nordiske er altså ei geografisk avgrensing som rommar språklege, historiske og kulturelle dynamikkar. Ei regional avgrensing vil nok heller neppe kunne praktiserast knallhardt. Lyrikkens og lyrikkforskingas eigne forgreiningar motset seg det. Det registrerer ein også i det føreliggjande tidsskriftet.

Sjølv om forskingsartikkelen borgar for stilistisk disiplin, finn ein likevel ulike mentalitetar, preferansar og stilvariantar hos artikkelskrivarane. At det vert slik, skuldast sjølvsagt også val av innfallsvinkel. Når Unni Langås nærles ei diktsamling, kjem ho opp med ei sjølvstendig djuplesing. Artikkelen hennar lyser gjensidig opp både diktsamlinga og omgrepet om indeksikale bilete. Men om ein skal få grep om fellestrekka til eit fenomen, slik som Mats Jansson gjer når han stiller skarp på ekfrasens stilling i samtidspoesien, må interessa med naudsyn spreie seg over ei rekkje døme. Jamvel om dette er ein nokså sjølvsagt observasjon, er den viktig å peike på. Eg trur også at storleiken på tidsskriftet er akkurat passe, ikkje dusinvis av artiklar, men fire som også den interesserte lesaren gjerne gjev seg i kast med. Eg gler meg til neste nummer, som kjem i løpet av våren.

Sindre Ekrheim

Bergen, 16.2.17

(sindre.ekrheim@humbaba.no)