Litteratur mot barbariet

:poesikritikk


DIKT

Lars Norén

Fragment

Gjendikta frå svensk av Steinar Opstad

Kolon forlag 2017


«Ja, man må ha noe å se frem til, om det så bare er slutten», skriv den svenske dramatikaren og lyrikaren Lars Norén i eitt av dei vesle fragmenta som finst på dei drygt fem hundre sidene i denne boka. Fragmentet illustrerer den gjennomgåande dystre, skeptiske og bistre grunnstemninga som råder i boka. I fragmentet som følgjer, og som lyder «Slutten – ikke engang den er nok», påtalar Norén tendensen menneska har til å reise religiøse og filosofiske byggverk og system over sin endelege eksistens. Ein tendens som har medverka til at sivilisasjonen har brote ut i vondskap og barbari.

Fragmenta kommenterer tenkjarar som Martin Heidegger, Emil Cioran og Simone Weil og tek opp i seg spørsmål knytt til eksistensen, døden, kunsten, språket og meininga. Det er som om forfattaren grev fram brokkar frå kulturens fortrengde og smertefulle erfaringar. Ein treng ikkje å ha inngåande kjennskap til dei spesifikke forfattarane og filosofane for å ha utbyte av Noréns aforismar, som ber fram kontante, lysande og ganske ofte sitatvenlege sanningar: «De best besøkte minnestedene består for det meste av glemsel».

Norén hevdar at fragmenta hans ikkje er poesi. Kvifor? Eit fragment er ein del av ein større, tapt heilskap. Språket har, ifølgje Norén, ein ibuande tendens til å utvikle seg til katedralar, til å slå bru over alt og alle, og til slutt slår det heile over i det totalitære. Norén skriv fragment for å unngå å hamne i dei heilskaplege systema som han ser på som potensielt barbariske. Av di er Fragment også eit ikkje-avslutta verk. Jamvel om Norén ikkje ønskjer å skrive poesi, verkar han likevel fanga av det han ikkje ønskjer å gjere. At fragmenta er språkleg godt forma med smertefulle og tankeeggande setningar som både tangerer og her og der overskrid poesien, er tvillaust.

Holocaust er ein smertefull nøkkelhending hos Norén: «Avgrunnen er det høyeste utsiktspunktet». Av di mennesket strevar så høgt vert avgrunnen og fallet så djupt: «Vår tids avgrunner er lave flate felt Menneskeovner / Steder der barn går opp i røyk Likgroper Gudsriket ikke stiger opp av».

Fragment er tidvis opprivande lesnad. Det er ei bok å legge frå seg og vende attende til, å bli redd, men også klokare av.

Sindre Ekrheim

Bergen, 16.11.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)