Litterære krengepunkt

:poesikritikk


PROSA

Rune F. Hjemås

Et lite skritt for mennesket. Fotografier (1985-2018)

Flamme 2016


Det finst episodar og hendingar i livet, både hos individet og i kollektivet som er av ein slik karakter at dei samlar kjensler og tyding i seg, vert lada, vert til minne. Men kva skjer om desse minne- og fikseringspunkta ein orienterer i forhold til, gjev etter og sviktar. Kan hende var det eit eller anna ein oversåg og ikkje fekk med seg? Så da kallar ein, slik Rune Hjemås gjer i Eit lite skritt for mennesket, fram att bileta. Då kan forhenget inn til prøverommet på barneavdelinga på Cubus verte eit Majas slør som opnar vegen inn til ei heilt anna verd; ei huske kan verte til ein katapult som skyt ein ut i rommet.

Interessa for fotografiet i skjønlitterær og i filosofisk samanheng er stor, og er slett ikkje uttømt. Roland Barthes og Susan Sontag sirkla på kvar sin måte inn det særeigne ved fotografiet som representasjonsmedium. Stort sett har interessa samla seg kring den røyndomseffekten eit fotografi har, at det kan få noko fjernt og avslutta til å stråle mot skodaren som noko høgst levande, her og no. Fotografiet har hatt status som røyndomsdokument par excellence, ikkje berre i form av krigsfotografi, men også frå liva våre, i form av private fotoalbum. I kor stor grad digitalteknologien og soleis den lett tilgjengelege manipulerings- og retusjeringsteknologien endrar fotografiets status som røyndomsdokument, er vel enno uvisst.

Hjemås’ prosabok består av korttekstar som i lengd spring frå ei halv til ei heil side, og dei fem bolkane boka er inndelt i, ber namn frå viktige hendingar i avbildingsteknologiens historie: «Kodachrome», «Lomografi», «Camera obscura», «Laterna magica» og «Instamatic». Prosaboka kvervlar opp og stoppar ut enkeltståande barndomsminne, men kleppar også fatt i andre situasjonar, for så å gjennomlyse dei i tekstens mørkerom. Ein av dei kortare prosatekstane i boka kan godt lesast som ein kommentar til fotografiet og til eigen litterær metode. Fotografiet og den litterære teksten fangar så å seie augeblikket i eit evig no.

DAGDRØM: AKKURAT idet en gjeng maskerte ranere skal til å sparke opp døren og storme skrikende inn i rommet med skarpe våpen og de verst tenkelige intensjoner, stanser jeg tiden, fryser allting fast og blir værende her, i virkelighetens siste sikre enklave; trygg så lenge jeg ikke beveger meg eller sier et ord, evig beskyttet slik, usynlig, ikke-eksisterende.

(Rune Hjemås, Et lite skritt for mennesket)

No vil sjølvsagt ei slik fastfrysing av eit augeblikk, ikkje sjølve røynda, snarare i røynda, som noko utskote frå røynda; ein død representasjon. I denne teksten overfører og nyttar forfattaren virkemåten til den fotografiske teknikken direkte på røynda, ved å utstyre fotografiet med ei verkeleg kraft, til å gjere det fotografiet berre gjer som representasjonsmedium. Ein kan sjølvsagt ikkje, slik «Dagdrøm»-teksten påstår, leve i ei avbilding. Det finst fleire tekstar som gjer andre teknologiske representasjonsmåtar, som eigentleg sveipar over verda utan å gripe inn i ho, til aktive inngrep.

Sjølv om ikkje berre fotografi vert gjort til gjenstand for tekstane i Hjemås prosabok, det førekjem allslags visuelle representasjonsmedia i tekstane, inkludert tenkte og førestelte bilete, så er det likevel slik at tekstane sjølv anten refererer til biletmedia eller sjølv fungerer som fikserbilete og augeblikkeksponeringar. Det er som om eg-et (som lesaren rett nok ikkje veit om er det same frå tekst til tekst) sit og blar i sitt eige fotoalbum. Slik vert tekstane ofte dobbelt- og tredobbelteksponeringar: i eg-et oppstår møte med notida, fortida og framtida.

Her finn ein fleire tilbakeblikk på forhold som rauk. Men også korleis ein arva planisfære kan verte utgangspunkt for ein diger refleksjon som omfattar menneskeverdas undergang og universets vidare eksisten. Det prosaiske ropet til kjærasten frå stova, plassert inni ein parentes i teksten, «(hører deg rope navnet mitt)», held for denne lesaren fram som eit ekko i teksten, ettersom den rører seg lenger og lenger ut i universet og den fjerne framtida. Hjemås’ tekstar rommar også humor, som i den teksten der eg-et betalar rekningane sine i nettbanken og vert vippa av pinnen av rekninga frå Lånekassen: «Som barnebidrag, til en ikke-eksisterende sønn, tenker jeg». Fleire av tekstane er episodiske og inneheld eit mikroskopisk narrativ, andre grip fatt i og utviklar eitt samansett bilete:

GLEMSELEN SLIK, gigantiske spoler som roterer i økende hastighet, spinner ut av kontroll, remsene av film dras gjennom fremviseren i omvendt rekkefølge, bildene re-sekvensert og projisert på et indre lerret; du løper baklengs gjennom skogen, fyller tallerkenen med mat fra munnen, men konteksten mangler, det høye tempoet gjør at du bare glimtvis oppfatter det som foregår, til sist ligner det mest en grøt av farger og du hører ikke engang det lille smellet når den siste ruten flimrer forbi og filmen slipper taket, rullene blir ståande og spinne på tomgang; blikket ditt har allerede funnet hvile på det hvite lerretet, lyset som nå bare treffer støvkornene i lufta og får dem til å skinne, omtrent som plankton i de sløraktige strålene like under havflaten, på en hvilken som helst gitt sommerdag med klarvær og sol.

(Rune Hjemås, Et lite skritt for mennesket)

Ser ein tekstane under eitt, verkar dei fleste å zoome inn på vippe- eller krengepunkt. Stader der ein twist oppstår, ei misforståing vert avdekka, ofte i augeblikkets hastigheit, der livet brått tar, eller kunne ha tatt, ei radikal, ny vending. Tittelen peikar også på eit vippepunkt: Et lite skritt for mennesket, som er Armstrongs berømte utsegn idet han som første mennesket i verda sette foten på månen. Slik representerer steget, iallfall i Hjemås’ prosaunivers, ein uhorveleg potensialitet, overgang og opning til ei ny verd. Paradoksalt er måten det skjer på; for det er ved å gå, ta steget bakover i tida, at desse potensielle, parallelle røyndomane vert oppdaga som moglege rom. I ein tekst observerer tekst-eget at naboen i leilegheita ser på eit opptak av månelandinga medan ho står på ein skammel, og idet Armstrong tek steget, imiterer ho Armstrong og set foten sin ned på golvet framføre den svære TV-skjermen.

Når fleire av tekstane verkar å vekkje opp ein slags identitetsproblematikk, dette at notids-eget kjenner seg totalt skilt frå fortids-eget, eller eg-et kjenner seg uverkeleg og halv, så vert tradisjonelt samanføyinga – steget ­– attover til den ein eigong var, sin eigen historie, til punktet der alt eingong venda, det som representerer den heilande heilskapen, kjensla av ein vedvarande og ikkje-splitta identitet. Hos Hjemås stemmer ikkje dette, ikkje heilt, for det verkar som eg-figuren også må ta steget og verte føya saman med alt det eg-et ikkje vart, sine moglegheiter, for å heila identitetstapet.

Rune F. Hjemås skriv fram prosatekstane med ein litt skrudd sjarm, heile tida på jakt etter ei opning i minnebileta, ein stad der alt snur til det betre, eller til det verre. Ofte lukkast forfattaren med å skape strame og relativt komplekse biletrekkjer, godt fuga saman. Det finst sjølvsagt tekstar her som ikkje når heilt opp, som rett og slett vert pratsame utan at det har nokon litterær funksjon. Eg-et tekstane gestaltar, er heller ikkje i takt med seg sjølv og si eiga historie, det er som om eg-et er komen for seint til seg sjølv. Og det stemmer, ingen av oss kan oppleve den ein var som anna enn fortid. Som står i tapets teikn.

Sindre Ekrheim

Bergen, 24.11.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)