Kvifor bry seg med diktet?

:poesikritikk


DIKTANTOLOGI

Den engelske kanal

Red. Jørn H. Sværen

Kolon


 

305 x 101 cm

vindu
rue du Pont Louise-Philippe


(frå «Vindusnotatene» av Olve Sande)

Olve Sande (f. 1985) er biletkunstnar og har arbeidd i skjeringa mellom arkitektur, litteratur og biletkunst. Sande har jobba mykje med standardiserte bygningsmaterialar, særleg gipsplata, i utstillingssamanheng. Gipsplata er eit bygningsmateriale mange av oss har eit medvite, og alle, om dei vil eller ikkje, eit umedvite forhold til, all den tid me er omgjevne av dei. Gipsplatene har ei mengd bruksfelt og dannar romma der vi oppheld oss. Dei inngår som vilkår for liva vi lever. Men på kva slags måte?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I «Vindusnotatene» er det ikkje nett vindauga, men deira rammer, storleik og lokalisering ein får opplysningar om. Det herskar noko strengt, for ikkje å seie ein omfattande nøytralitet, over diktet. Alle de 25 vindaugsnotata har denne maniske deskripsjonen av høgde og breidde på vindaugsrammene, ned til centimetermåla. Dette er vindauge lesaren ikkje ser noko i, dei er som abstrakte avgrensingar av blinda flater, eller kanskje, av moglegheiter og moglege utsyn og innsyn. Altså, Olve Sande jobbar med dei materielle vilkåra for å sjå; for moglege lysinngangar og utsyn, og omvendt. I diktet er ein vitne til ein uhyre konkresjon. Dei viser ein til ei bestemt gate i røynda der bygningsdelen er å finne. Samstundes er diktet så skrapa på meiningsmarkørar at dei som står att, skapar eit stort assosiasjons- eller moglegheitsrom. Diktet kan også minne om ein tittel på eit måleri slik ein finn det i kunstmuseet, på ein lapp på veggen ved sida av kunstverket. Når ein les diktet, får ein då inntrykk av overflate eller djupne? Er vindauga blinda i dikta? Ser ein ingenting i dei?

Om ein let seg avskrekke eller begeistre av ei såpass objektivistisk lyrikk, kan den, trass all sin distanserte og stiliserte tilbaketrektheit, sanneleg også uroe:

passasje mellom to bygg
inn mot en mørk blå port

102 cm

(frå «Vindusnotatene» av Olve Sande)

Olve Sande er ein av tolv bidragsytar til samtidspoesiantologien Den engelske kanal som no er ute med sin fjerde årgang. Her finn ein tidlegare upubliserte diktbidrag frå skandinaviske poetar; dessutan får lesaren omsett utanlandske samtidspoetar, især frå Frankrike, men òg frå USA. Sjølv om nokre namn er gjengangarar frå tidlegare antologiar, er Den engelske kanal framleis ein uhyre viktig infrastruktur for ny poesi i Noreg. Nokon vil kanskje oppfatte det som eit sakn at det ikkje finst spor av forklarande, tolkande tekst rundt diktbidraga, men eg reknar det som ein styrke; det syner eit stort mot og tiltru til diktet og, ikkje minst, til lesaren, som slepp å late lesinga verte forstyrra av alt ein kanskje trur og fryktar ein ikkje får med seg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Er det noko eg oppfattar som eins med dei skandinaviske, franske og engelskspråklege forfattarane som er representerte i Den engelske kanal, er det at dei, i varierande grad, sirklar rundt vilkåra for poesiens språk og språkets materielle utgangspunkt. Poetane er, med få unnatak, oppteken av å utforske den poetiske grammatikken som regulerer det poetiske språket og lesinga, iblant nærmast utan omsyn til den menneskelege intensjonen. Trass i at fråveret av dei menneskelege tildriva, kuttinga av det intensjonelle bandet i møtet med språket, bortvisinga av metaforar, relegeringa av tendensen til at språk alltid skal likne noko med noko anna, dyrkinga av språknøytraliteten, avvisinga av kjenslene, synest eg den intense omsorga for språket, for setninga som så å seie vert skuven ut i utstillingsrommet, vert rørande, i positiv forstand.

Det mest iaugefallande dømet på det nemnde fenomenet, er den franske poeten Claude Royet-Journoud (f.1941). Han har fått hovudverket sitt, omtala som tetralogien, gjendikta til norsk, og har elles vore gjendikta i Den engelske kanal tidligare. Royet-Journoud er ein radikal poet, i den forstand at orda verkar å ha mista sitt menneskelege opphav og diktet vert pressa ut i den ytste nøytralitet. Dei få og karrige orda står fram som på ei scene, ikkje for å vise seg, men nærmast for å gjere det kvite arket kvitare og tydelegare som rommet der skrifta og diktet opptrer. Sjølvsagt er det interessant å utforske kva språket grenser mot. For språket er ikkje kroppen vår, jamvel om stort sett alt det me veit om kroppen, vert formulert i språket.

Men Den engelske kanal er ikkje einspora, her finst bidragstekstar som skyt seg or den språkobjektiverande, vilkårsundersøkande poesien. I alle fall er språket deira annsleis. Til dømes bidraga frå Jenny Tunedal og Siw Anita Kirketeig. Den svenske poeten, kritikaren og skrivelæraren Jenny Tunedal rører seg i eit dels oppløysande univers; eit kvinnekollektiv, med ei mor, ei dotter, samt eit kor som svakt organiserande søyler i diktsekvensane. Tida og scenen er òg gestalta som sjølvstendige roller i dette dramatiske diktet. Fleire røyster vev seg i kvarandre, dei heng både saman og verkar å falle frå kvarandre, slik «mamma» og dottera skyv seg frå og trekkjer seg mot kvarandre. Setningane rører seg mellom solidarisk patos, harme, usikkerheit og redsle. Forteljetrådane er tynne og brotne. Forbindelsane mellom røystene i diktet er tynne, trass i at diktet er forsynt med eit kor som kjem med tilrådingar og freistar å ordne.

Felles for fleire av bidraga er at dei er opptekne av poesien, det vil seie poetikken, poetologien; av kva eit dikt er, bør og kan vere. Det slår meg at det sjølvsagt, djupast sett, då handlar om å omfunksjonere diktet, bryte diktet or konvensjonane, men òg å endre den kollektive og individuelle innstillinga til diktet, til lesemåten. I den samanheng er bidraget til den kinesisk-amerikanske poeten, filmskaparen og professoren Tan Lin interessant. Han er oppteken av å sample tekstar, og språkkjeldene for dikta er ofte populærkulturelle fenomen. To avdelingar frå verket 7 Controlled Vocabularies and Obituary 2004: The Joy of Cooking (2010) er omsett her. Det nemnde verket tek for seg sju kunstartar. Dei to avdelingane som er omsett til norsk, er vigd det amerikanske måleriet og det amerikanske landskapet. Likevel, poesien, det vil seie poetikken, er aldri langt borte. Tan Lin gjer seg til talsmann for ein ambient poesi. Omgrepet ambient kjenner ein helst frå musikken, der ein legg vekt på dei roande og meditative klangane. Formålet med den ambiente musikken er avslapping, og det er her Tan Lins framlegg er radikalt. Han snakkar både om at poesien skal streve etter «en tilstand av avslapning og yoga» og om å promotere ei ikkje-lesing av poesien: «Det hadde vært fint å lage litterære verker som man ikke måtte lese, men som man kunne se på, slik som spisebrikker. Det mest irriterende på en poesiopplesning er alltid lyden av en poet som leser.»

Og når eg les Den engelske kanal, oppstår forgreiningar, trådar og små liner mellom tekstbidraga, umedvitne og medvitne. Det opplevinga fortel meg er at den opne antologiforma, denne montasjen av poesiar og poetar slik ein finn i Den engelske kanal, skapar nye samanhengar og byr på fruktbare leseoverraskingar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Andreas Vermehren Holm er representert med bilete, eller tekst, sannsynlegvis sider frå ein engelskspråkleg bibel, som, (mis)farga av blekk og voks, har vorte til ei biletflate. Tekstane eller bileta kan ein ikkje lese, dei skin berre her og der gjennom, med einskilde ufarga ord lysande i tekstmassen. Vermerhen Holm står godt til og utdjupar Tan Lins poetologiske tekstar. Slik Arve Kleivas velforma stykke essayistisk poesi, som tek for seg litteraturen som ein slags hypnagog tilstand, pendlande mellom søvnen og den vakne tilstanden, står godt til dei fleste tekstane i Den engelske kanal, men utan å sluke dei i kategorianes svelg: «Litteraturen gjør inngrep i søvnens karakter, funksjon, historie, og endrer den våkne verden til det ugjenkjennelige, billedlig talt, i løpet av svært kort tid.» Det er ikkje berre ein fin tanke, den er alvorleg, og gjev eit bod på både kva litteraturen er motivert av, men kanskje også ansvaret som kvilar på han.

Tittelen på Vermehren Holms bidrag, «Kærlighedens gerninger» viser til eit verk av filosofen Søren Kierkegaard frå 1847. Verket undersøker korleis kjærlegheita Kristus openberra kan finne uttrykk i kvar einaste handling, og verket gjer dette ironisk, gjennom å skildre kjærleikens motsetnadar.

I Are Kleivas spenstige tekst, i setninga som følgjer den eg siterte ovanfor, finn eg ein ny tråd å gripe fatt i. Det er nett som setninga til Kleiva er eit resymé av Kierkegaards tekst: «Si at alle historiske øyeblikk berører hverandre, at systemet er åpent – det vil si at din handling nå berører min her jeg sitter og skriver og at dette har gyldighet for alle øyeblikk i tid, forgangne og kommende.[…] Det er også en utmerket modell for kritikken, eksempelvis av poesien, den fattigste del av sekulær litteratur.»

Are Kleivas modell for poesikritikken stiller ein skarve poesikritikar innanfor eit umogleg, i det minste yttarst skjerpande ansvar. Modellen vil i alle fall svekke trongen til å døme, men samstundes vil kanskje dømekrafta auke proposjonalt .

Til slutt, må eg, for skams skuld, nemne dei bidraga eg til no ikkje har nemnt og soleis ikkje har innpassa i den kategorimaskinen ein kritikktekst også er, Victoria Xardel, Kristin Berget, Gunnar Berge, Karl Larsson, Marie de Quatrebabes. Dei er òg verdt å lese.

Sindre Ekrheim

Wroclaw, 19.5.2016