Kontant, fortvilande klårsyn frå Guddal

:poesikritikk


DIKT

Anne Helene Guddal

Døden og andre tiggere

Kolon forlag (2016)


Det er sjeldan at nærmast alle dikta i ei diktbok held same høge litterære og sitatvenlege nivå. Det er tilfellet med Anne Helene Guddals andre diktbok, Døden og andre tiggere. Inntrykket av at noko eksistensielt livsviktig er på gang, gjer seg gjeldande nærmast i kvart einaste av dei eksplosive og like fullt reinskorne dikta.

Ei setning som dukkar opp i ulike variantar, er: «Snart er det for seint». Formuleringa karakteriserer eksplisitt den akutte atmosfæren som rådar i desse hektiske, korthogne poetiske utbrota. Det er som om eg-et er innesperra i ei verd eller ei psyke i ferd med å klappe saman, som eg-et prøver å sleppe frå. Alt opningsdiktet introduserer lesaren for den nemnde atmosfæren.

Som et bilvrak
vridd til det ukjennelige
vi likevel vet hva er

når dørene ikke lar seg åpne
og det er noe der inne
som fortsatt puster

(Frå Døden og andre tiggere, Anne Helene Guddal)

Diktet bind saman ulukkeåstad/det skada, det levande, det pressa og klaustrofobisk-kvelande. Legg òg merke til at diktet har kutta eine delen av samanlikningsleddet og sjølv står fram som skada, eit brotstykke.

Sjølv om tida er knapp, skriv poeten tilsynelatande fortrøystingsfylt i det siste diktet i boka at det «vil gi deg (…) tida det tar å forstå». Eigentleg er denne gåva djupt uroande, for når ein les dei to føregåande versa («Jeg vil gi deg / skrittene som fjerner seg / døra som lukkes / og tida det tar å forstå»), skjønar ein at tida er ute.

Kortforma er godt tilpassa tidsforståinga dikta formidlar, det hastar. Vidare utover i samlinga synest dikta å ha, slik som opningsdiktet, føresetnad i ein føregåande katastrofe, eller eit sår som eg-et ikkje maktar å hele eller frigjere seg frå. Eg-et tek på seg å verte mangelen, å bere det eg-et saknar: «Jeg gikk forbi huset ditt og gråt / som det barnet vi kunne ha hatt». Her er det ikkje innesperringa, men utanforskapet som vert påtala.

Men eg-et i Guddals dikt vert ikkje ståande å bore introvert og sjølvmedlidande i det personlege-eksistensielle komplekset, noko som hadde gjort denne diktsamlinga til legio. Den aller største styrken ved dikta, i tillegg til deira kontante heftigheit, er at det eksistensielle nivået vert utvida og kopla til det samfunnsmessige: politikken og økonomien.

Ein utvortes, tilfeldig kopling er det ikkje snakk om, den er eksistensiell og syner at politikken og økonomien har menneskelege, kroppslege og eksistensielle føresetnadar og konsekvensar. Det er eit anna perspektiv på politikken og økonomien enn det politikarane og forståsegpåarane forvaltar, innfanga som dei er i det instrumentelle og alltid parat med ein kamuflerande språkbruk som gjer at det menneskelege momentet forsvinn. Hos Guddal handlar politikken om distribusjon av smerte, kroppslege verknadar av politikken, biopolitikk.

 

Det er ikke politikk jeg tenker på
når jeg ikke får sove
men lidelsen forårsaket av den

Det er ikke vold jeg tenker på
når jeg ikke tør gå ut
men situasjonen som gjør den nødvendig

(Frå Døden og andre tiggere, Anne Helene Guddal)

Her finst kjærleiksdikt. Og det finst eit knippe krigsdikt. Nokre dikt skisserer eit nærværande krigshistorisk bakteppe, holocaust. Når det gjeld krigen i Guddal-dikta, vekslar dei mellom å sjå krigen som noko konkret og som ein metafor for mentale tilstandar, dømesvis: «Jeg ber om å bli invadert, / for å kunne tro på krigen. / Jeg frykter freden mer. / Freden slår med myke never, / slik et barn blir slått / av velmenende foreldre.» Sjølvsagt kan ein ta dette som ei psykologisk skildring, men sekvensen er samstundes også uttrykk for korleis språket, språkhandlinga, tek bustad og vert internalisert i kroppane, frivillig, som sjølvskading der ønskje er å forstå ugjerningane djupare.

Tvisynet, eller turneringa av dei språklege og samfunnsmessige motsetnadane, er eit trekk ved fleire av dikta. Som demonstrerer eit gjennomskodande medvit, retorisk og logisk klårsynt, på vakt ovanfor illusjonistisk språkbruk: «Men hvis krigen redder liv / ville freden slå i hjel // En logikk å trøste seg med». Og elles finst ein årvake sans for kva språk og ord kan gjere for å lindre: «men du trenger en sjel / å føre smerten gjennom».

Iblant får dikta nærmast aforistisk eller ordspråkklingande kraft:

 

Økonomi hører ikke hjemme i dikt
sier de rike

Dikt har vi ikke råd til
sier de fattige

Ingen leser dikt
sier de som leser dikt

(Frå Døden og andre tiggere, Anne Helene Guddal)

Sjølvsagt finst nokre dikt som ikkje når heilt opp (dømesvis på s.34, s.35, s.36) og eitt som kan hende går amok i økonomimetaforikken, utan at diktet synest å innkassere nokre nye innsikter, s. 38. Det må også seiast at Anne Helene Guddals biletbruk ikkje er utprega original. Det er derimot bruken og samanhengane dei inngår. Nokre plettar bør det vere, så å seie for avvekslings skuld, og for at kvalitetane i dei gode dikta skal tre enda sterkare fram, og dei gode dikta er det mange av her:

Det gode mennesket
gikk forbi meg på gata
og hun så helt vanlig ut

(Frå Døden og andre tiggere, Anne Helene Guddal)

Sindre Ekrheim, Bergen, 25.8.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)