Kampens kadensar

 

:poesikritikk


DIKT

Ingrid Nielsen

Hemmelig, men aldri som en tyv

Gyldendal


I debutdikta til Ingrid Nielsen finst myndigheit i røysta, eller, kunne ein seie, ein autoritativ rytme som produserer kant og trykk. Iblant kjem det opp heilt i overflata, med bydande vendingar, som om versa rustar til kamp, eller er midt i kampen: «Dette er midt på dagen. Skriv / som om du lever».

Med tanke på stiltonen, desperasjonens kadensar, kan ein få assosiasjonar til Georg Johannesens dikt, men også, til dømes, den italienske poeten Antonia Pozzi.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dikta er uroande. Til dømes når heimlege syslar, som kakebakst, brått slår om til, og blir farga av eit tilbakevendande dødsbilete: «glørne rødner / men asken er hvit når den faller». Dei siterte versa er frå diktet Kakelinna. Kakelinna refererer seg til fenomenet når det er uvanleg høge temperaturar i desember. Folkloren seier temperaturauken kjem som følgje av all varmen produsert gjennom baksten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOmslag og vendingar er på gong i dikta. Brått snur dei inn mot det mørke, brått ut i det lyse. Fleire dikt knyt seg til jula og til merkedagane rundt vintersolkverv, tidspunktet når sola snur.

I starten såg diktsamlinga ut som ein poetisk årssyklus. Men året her er kompositorisk skeivt, med få sommar- og vårdikt, mange juledikt. Det startar natt til 13. desember og endar ved Mikkelsmesse 29. september. I tillegg er boka ikkje delt inn i fire bolkar slik årstidene krev, men i fem. Tida er skeiv, forskuve. Merkedagane er i tida, men står også ut or tida.

Dette, samt tilfanget av bilete, frå katakombar i Roma, kroteborder, eldre overtru til nedslaga i merkedagar, gjer at lesaren blir ståande å oscillere mellom samtida og fjerne fortider, norsk middelalder, bibelske situasjonar, mørket og lyset.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Til ei så rik og mangetydig diktsamling finst det fleire moglege inngangar. Slåande, i alle fall for denne meldaren, er at mange diktsekvensar står fram som variantar av ekfrasen, altså lyrisk-skriftlege skildringar av visuelle biletframstillingar. Av det sette, men òg av det ein ikkje ser, som vert avdekka i ekfrasen. Nielsen siterer då òg Ekelöf som skreiv poetiske ekfrasar til religiøse biletframstillingar, ikon.

Det finst to dikt vigd samtidskunstverk. Dei er òg dei mest typiske ekfrasane, i den forstand at diktet står ovanfor eit intendert kunstuttrykk. I eit prosadikt er omdreiingspunktet eit fotografi av eit maleri frå katakombane i Roma, i eit anna dikt vert ei rosemåla kvit julerose innfanga:

Hvit julerose
(rosemaling)

Mellom bladverket
en halvåpen femdagersblomst
med mørkt fruktemne. Ringen rundt
er øyengrønn. De hvite
kronbladene brer seg
ut fra midten
og er malt med ett penselstrøk
som begynner i det øyengrønne,
slik at det blir
en grønnlig skygge
i alt det hvite.

(frå Hemmelig, men ikke som en tyv)

Men i Ingrid Nielsens dikt vert transponeringen av det visuelle til den poetiske skrifta utvida frå måleria til også å gjelde gjenstandar, masseproduserte varer. Det kan vere motivet på ein kjole, eller ein fillenisse. Det er som om Nielsen heilaggjer også desse lågare materiane. Ekfrasen har ofte vore knytt til bibelske framstillingar, til ikon.

I eit anna dikt ramar bakebrettet inn dei utstansa kakene: «det er geiter / som brennes inn i deigen». Og poeten går lenger, når ho så å seie vender blikket mot dei skjulte og hemmelege bileta som ligg gøymt i dei visuelle framstillingane. Poeten trengjer ned i biletas materiegrunn. Ser me fargepigmenta som biletet er malt med, eller ser me berre det som vert framstilt?

Eller korleis er det med den perfekte biletlege framstillinga, «en livaktig avbilding i naturlig størrelse» av en julekrybbe, som rommar byen og arbeidslivet rundt, slik prosadiktet «Den nye kysten» fabulerer om? Om ein vil aktualisere, kan ein berre tenkje på korleis den digitale teknologien set mål av seg å kopiere og erstatte den materielle verda.

Alt opningsdiktet «Lucianatt (drømmevarsel)» dreier seg om å sjå med eit blinda syn vendt innover: «men også lengselen / etter å få se tingene helt enkle: / harer og flammer og gryter og penger».

Og slik kunne eg halde fram å sitere. Er det slik at skriftas bilete erstattar det visuelle, er det ei etteraping? Nei. Det er berre å lese desse dikta for å bli overtydd om det motsette. Transformasjonen frå visuelt bilete til poetisk skrift hos poeten Ingrid Nielsen handlar om å sjå slik at lesaren verkeleg kjenner det sette og lesaren verkeleg ser det lesaren kjenner. Det er ved skrifta at pusten, spora av det menneskelege livet, kjem inn. Og den skriftelge biletskildringa har ei grense, ved auga, punkt så levande, uavdekte og hemmelege, staden der ein slepp ut av verda, og der berre berøringa når inn:

i ansiktet ditt
er øyenåpningene
revner i denne verden
som jeg kan berøre
men ikke lese, ennå


(frå Hjemlengsel)

Sindre Ekrheim

12.5.2016