Jord og himmel i rørsle

:poesikritikk


DIKT

Mathias R. Samuelsen

Ære. Være 1–36

Bokvennen 2017


Songsyklusen i Ære. Være 1–36 er vigd Ære. Ære er ein «minstrel», ein omvandrande songar eller spelemann, altså poet og diktar.

Kva syng Ære om? Og kva skapning er Ære, eit omgrep, ein idé, ein persona? Spørsmåla om kven Ære er, vert hengjande i lufta gjennom dei 36 songane. For også dikta spør kva som er i enden av verset? Den naive oppfatninga tilseier at der, i enden, finn ein røynda eller opphavsmannen. Men kanskje er det ikkje beint fram slik, men snarare slik at røynda og språket støtt er til stades i kvarandre, og hjelper kvarandre, gjennom ein dialektikk, å kome til større klarleik i kven dei er. Slik Ære og det andre aspektet eller personen, Være, i denne diktboka både er skiljelege og u-skiljelege.

Å reise spørsmålet om kven Ære er, er kanskje ikkje så rart sidan Ære som omflakkande og omvandrande songar per definisjon ikkje kan pælast fast. Ære er ein nomade, ikkje ein bufast. Eit svar på kven Ære er, er at han er totaliteten av dei 36 songane. Og songane består igjen av ei legering av ei mengd referansar til andre dikt, poetar, til mytestoff, segner og legender rapsodisk omtala i dikta. I antikken var ein rapsode ein omvandrande songar av episke dikt. Ordet rapsode tydar ein som syr saman dikt.

Dette er, jamvel om diktsekvensane med sin kviskrande trønderdialektale artikulasjon gjev lesaren inntrykk av noko anna, ei ambisiøs diktbok. Songane inneheld som sagt flust av referansar til eldre og nyare litterære verk og til mytestoff: frå Homer og antikken, til indiske gudesoger, til Bibelen, til Georg Trakls og Tor Ulvens dikting. Tilfanget er stort. Også befolkningsgenetikaren Georg Price vert nemnd i eit dikt.

Ære. Være 1-36 er eit diktverk som syner den utsette litteraturen og det utsette diktet vørdnad, og gjer det ved å hylle og pakke seg sjølv inn i eit utal songar, dikt og diktarar frå historias skriftlege start opp til no. Alt dette vert gjort for å halde seg og diktet flytande, kanskje mot den havstigninga ein høyrer om. «Ære har fløta alt / som vinteren velta. / Sørover mor, mot byen». Slik vev diktet inn, utan eksplisitt nemning, ein økologisk horisont.

Eit dikt vert eit minnereservoar, det bevarer og fornyar. Ein songsyklus er i botnen ein vandresong, ein song som flyttar både seg sjølv og det songen handlar om, rundt. Songen og diktet set jorda og himmelen i rørsle, og set dermed tida, historia og framtida på spel. Slik vert grensene utydelege, eller dei opnar seg.

Lade ligg der
    åpent

det sluttikke
ved enden av matjorda
tru det bynne

med at åran åpne
fjellet og vi
        syng under 
               drønnet


2, Ære Være 1–36, Mathias R. Samuelsen

Ordkombinasjonen ’Ære være’ innleiar den korte lovprisingsbøna som hyllar den treeinige Guden, på latin kalla Gloria Patri (Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande). Diktboka til Samuelsen inneheld også diverse Bibelske referansar, men boka er først og fremst ein lovsong til diktet og litteraturen. Det hindrar ikkje at dei 36 songane rommar ei slags utvikling; først foreininga av Ære og Være, deretter splittinga av Ære og Være, til sist songar der Ære kjærleg minner om Være. Kan hende kan ein tenkje seg at Ære står for litteraturen og Være står for verda, røynda, staden.

Til sist må eg nok seie at dikta utover i samlinga diverre ikkje alltid kjem opp på det nivået ein finn i dei første songane. Dei fortapar seg kanskje for mykje i litterære referansar og vert litt flimrande, noko som gjer at dei fortrengjer sitt eige språk. Denne fortrenginga er rett nok ein del av Samuelsens prosjekt, for her skal så mykje haldast fram. Eg har heller ikkje dermed sagt at eit dikt må vere reint og berast av bileta aleine, men det er klart at enkle liner som «ja verdensrommet / lukte jern og bringebær» fører saman noko som denne lesaren let seg bevege av.

Sindre Ekrheim

Milano, 8.juni 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)