Inkluder meg utanfor

:poesikritikk


DIKT

Finn Øglænd

Ingentings barrikadar

Wigestrand


Innskanning 35-kopibGjennomgåande er det høg kvalitet over dikta i Ingentings barrikadar. Men då må det òg føyast til at det gjengse apparatet og kriteria for vurdering er under åtak i antipoesien til Finn Øglænd. I sjølvavsløringa, som like mykje kan vere ei sjølvtildekking, er idealet  å skrive slapp poesi:

Eg står ofte likeglad under mektige stjernehimlar,
og dét blir det naturlegvis flat poesi utav,
det blir som å stå under ein heilt likegyldig halvmåne
og ete maiskorn rett frå boksen.

(Frå diktet «Det er på tide å avsløre seg sjølv»)

Innskanning 35-kopibOmgrepet antipoesi vert ofte knytt til den chilenske matematikaren, fysikaren og poeten Nicanor Parra (1914) som ønskte å reinske poesien for unødvendig forgyllande prakt. Karakteristikken er dekkande for Øglænd, men ein så vid kategori grip slett ikkje alle aspekta av det blomstrande negasjonsuniverset i Ingentings barrikadar. Om ein ser på dikta, vil ein sjå at ei rekkje ord beskriv poetens verksemd: nivellering, avskriving, nedskriving, nedvurdering og nekting. Av eg-et, gjengse oppfatningar, av sanninga og venleiken.

Dikta viklar seg, ofte med viten og vilje, inn i logiske paradoks og uløyselege språkflokar. Det er outsidarens og fornektarens tvitydige posisjon Finn Øglænds dikt undersøkjer. Den som nektar for noko, stadfestar òg på eit eller anna vis det han fornektar. Og fleire dikt skildrar denne håplause situasjonen stoisk:

EG SKJØNAR INGENTING AV DEI LYDANDE EG PRODUSERER

Eg skjønar ingenting av dei lydane eg produserer:
Dei kjem frå ein annan stad.
Og nå, når eg har tilstått dette:
klandre meg ikkje for mine gakk-gakk-lydar,
dei er gode nok for endene.
Eg har lyst å skrive dikt om nattergalar som pissar,
ikkje nattergalar som syng.

Eg vil gjerne reise herifrå, eg vil gjerne røre ved nokon.
Men eg kan også leve med å vere her og ikkje
røre ved nokon.
Helst skulle eg ville utelukke meg frå mine dikt og skrive
om rapsmarker.
Ein gong kjem eg til å spørje meg sjølv
om eg var her i det heile.

(Frå Ingentings barrikadar)

I praksis avskaffar ikkje dikta i Ingentings barrikadar på nokon måte diktet, eller finn det opp på nytt eller kjem seg ut or diktet. Tvert om, det blir berre meir dikt. Dikta nyttar det som er karakteristisk for diktet, som metaforar og bilete. Men desse dikta er drivne av ein trong til å lage bilete som desintegrerer, eller lèt tradisjonelle og etablerte bilete fargast av noko anna, av ein motsetnad, og det fører ofte til poengterte bilete: «Himmelen er klaustrofobisk, til og med fuglane / klarer ikkje å flyge vekk frå han». Her er òg ei prakt, om enn negativ og mørk.

Innskanning 35-kopimkKor vidt negasjonstrongen har eksistensiell realitet, eller berre er ei maske eller ein skrivestrategi, let seg sjølvsagt ikkje utan vidare stadfeste. Eg-et ein møter i boka er fylt av livets skuffelsar, det freistar å akseptere eit mindre, nedskalert univers, fråteke alle dei oppblåste og forgyllande tydingane, sjølv om eg-et, på si side, heile tida er låst inne i alt det flyktar frå:

Verdsrommet er ikkje noko for meg.
Eg som ikkje eingong tørkar støv i mi eige stove.
Kva skal eg med eit univers?

(Frå diktet «Somme netter når stjernene er skarpe»)

Ved første augekast verkar dikta, sagt med ein poesikritikk-klisjé, strame. Ved neste augekast fungerer kanskje dikta best som slåande enkeltutsegner, setningar og enkeltbilete. Betrakta som dikt er biletsekvensane ikkje fullkome integrerte i dikta, dei står fram som tilfeldige innanfor den polerte einskapen ein tradisjonelt forventar at eit dikt skal vere. Det som er bra med Finn Øglænds dikt, er at dikta er båe delar, dei skapar ein falleferdig einskap av å vere bra og ikkje-bra på same tid.

Innskanning 35-kopilEin ting eg synest er verdifullt ved dikta til Øglænd, og som har gyldigheit utanfor poesien, som ein overlevingsstrategi, er at den som har avslørt dei inste sanningane, og funne at ingen slike finst, likevel skriv med myndigheit, som om all sanning fanst. Den makteslause held fram å skrive med den myndigheita han er fråteken.

At poetens praksis er attkjenneleg frå fleire tidlegare diktsamlingar, kan både brukast mot og brukast for han. Å krevje vidareutvikling innanfor dette poetiske antisystemet er ei motseiing in adjecto. Einaste krav, om logikken knesett i verket til Øglænd skal følgjast, er at nye dikt må føre poesiavviklinga til eit enda høgare stadium. Men også den logikken skal brytast: Du skal ikkje vite kor du har meg. Men når eg veit at eg ikkje kan vite kor eg har deg, er det også, kor skralt det enn måtte vere, i det minste ei visse, ein kunnskap.

Sindre Ekrheim

26.5.2016