Hittemennesket – ei oppleving av å verte funnen

: poesikritikk


DIKT

Kristian S. Hæggernes

Alle skrittene et helt liv krever

Cappelen


Kristian S. Hæggernes’ diktbok Alle skrittene et helt liv krever består av eitt forteljande sjølvbiografisk dikt. Boka byrjar med at eg-et finn eit etterlate spedbarn på trappa, han ber det inn og sidan ingen dreg omsorg for det, ser han seg nøydd til å ta hand om hitteungen.

Påfallande er at hittebarnet kvar natt veks med fleire år. I enden av den veka diktaboka utspelar seg, har ungen nådd å gifte seg og, til slutt, vorten ein døyande olding.

Eksistensen av dei parallelle tidsplana, denne usamtidigheita og tidsforskuvinga, skapt av den ekstreme vokstertakten til ungen, er så å seie det skapande grunnelementet og spenningsmotivasjonen i diktet.

Teksten er, som sagt, grafisk sett opp som eit fortløpande dikt, berre avbroten av vekedagsinndelinga. Fordi diktet held seg innafor ei tørr, nedpå, forteljande og kvardagsnær prosaform, kunne det òg ha fungert som ei novelle. Openberr grunn for den realistiske språkutforminga, om ikkje for oppsettet, synest å vere at berre slik er det mogleg å innføre og vidareutvikle, innafor dei røyndomsnære rammene, denne irrelle moglegheita det hittemonstrøse barnet representerer.

Ein av dei mindre prosaiske sekvensane, og litt atypisk for diktboka, gjev likevel eit godt inntrykk av det herskande sjølvbiletet til eg-et, prega som det er av sterk vantande sjølvtillit og alltid var for andre sine blikk:

Finnes mine gener i ham
og med hvem sine er de i så fall
blandet der   Ingen

av alle milliardene sædceller
jeg har produsert
har vært i nærheten av en eggcelle

Jeg har aldri sett
mine egne sædceller
men jeg kan lett forestille meg

at de (som meg) er dårlige svømmere
Jeg kan se for meg at de er
deformerte og underutviklede

og fulle av skadet DNA
Jeg har aldri våknet
av å bli ridd av en succubus

som høster av meg
for å gi sæden min videre
til en incubuskollega

slik at denne kan besvangre
en kvinne jeg kjenner
eller en jeg ikke vet om

(Frå Alle skrittene et helt liv krever, K. Hæggernes)

Det ekstrapolerte hittebarnet fungerer som ein spegel for eg-et. Ved å undre seg over den stadig skiftande alderen og glidande identiteten til ungen, reflekterer eg-et òg over sitt eige biografiske liv. Djupast sett handlar teksten ikkje om hittebarnet, det er berre ein minnekatalysator. Han ser den foreldrelause vekselvis som ei tidlegare utgåva av seg sjølv, som far og bestefar sin, eller kameratane han ikkje ønskjer å assosiere seg med.

Det er eit heller forhutla og einsamt liv, likevel betrakta med ein viss komikk, diktet brettar ut. Eg-et sjølv søker mot, og trivst, i eige selskap. Han ønskjer ikkje å verte vaksen, men lengtar etter ein kjæraste, skjønt det håpet har han forkasta, og forlengst forsona seg med statusen som evig barnlaus.

Den foreldrelause er ein godt etablert figur i skjønlitteraturen, især i barnelitteraturen. Ein finn han i Tom Saywer av Mark Twain og i boka om Heidi av Johanna Spyri. Dickens verka å vere besett av den foreldrelause figuren, der Oliver Twist er det mest kjende blant dei.

Ein kan gruble på kvifor den foreldrelause figuren har vore og framleis er ynda motiv i litteraturen. Sannsynlegvis finn ein svaret i at den foreldrelause inkarnerer kombinasjonen av å vere forlaten og det å kunne skape seg sjølv. Den foreldrelause er uavhengig, det forlokkande ved figuren er at han har ein viss glidande identitet som gjer det mogleg for den opphavslause og identitetslause å røre seg friare, til dømes mellom samfunnsklassane.

At eg-et speglar seg i hittemennesket kan også indikere at eg-et, liksom hittemennesket, ønskjer å bli funnen og teke vare på av nokon. Kanskje inkarnerer hittemennesket hans fridomslengt. Og når hittemennesket skaffar seg kone og unge og fordriv han til gjesterommet i eigen bustad, er det kanskje eit uttrykk for at lengta etter å bli funnen har vakse seg så stor i han at den held på å presse han ut av seg sjølv?

Kristian S. Hæggernes har skrive ei sjarmerande og tilsynelatande prosaisk diktbok. Ein bør sjå at dette ikkje er biletdrivne dikt som dyrkar den idiosynkratiske formuleringa slik ein ofte kan sjå demonstrert i samtidspoesien. Snarare søkjer Hæggernes mot ein forteljande realisme. Eg synest poeten på forsiktig vis maktar å turnere motiva på ein overtydande måte og gjer stoffet til ei original sjølvbiografisk skrift. Men ein kan framleis spørje seg om det er eit dikt eller ei novelle, eller spørje om dette spørsmålet i heile teke er gyldig i møte med sjangerkryssande og sjangeroverskridande litteratur?

Sindre Ekrheim

26.5.2016