Gudommeleg lyte

:poesikritikk


DIKT

Caspar Eric

Nike

Gjendikta av Dan Andersen

Tiden norsk forlag 2017


Ung dansk poesi har i seinare år vore det drivande tyngdepunktet i den nordiske poesien. Byrjinga på oppturen kan daterast til Yahya Hassans diktbok. Seinare har poetar som Theis Ørntoft, Asta Olivia Nordenhof, Ali Smith og Olga Ravn kome til. Dei skriv lyrikk som orienterer seg eksplisitt mot økokritikk, politikk og etikk. Fleire av dei danske bøkene er kome i norske gjendiktingar på Samlaget.

Den danske poesibølgja har halde seg og i haust føreligg Caspar Erics langdikt Nike på norsk i Dan Andersens gjendikting. Nike er, som Erics føregåande diktbøker, sjølvbiografisk. Denne gong er det forfattarens lyte, hans cerebral parese, som utgjer omdreiingspunktet for eit forrykande og stemningsvekslande monologisk langdikt. Diktet vender seg til ein eks-kjærast i form av eit e-brev, og rører seg i store assosiative sprang frå seksualitet, samliv, robotar til rap og amerikanske tv-seriar.

Nike er ein gresk gud, men også eit av verdas mest kjende varemerke. Den vridde cp-råka kroppen kan i nokre vinklar likna ei gresk gudestatue, og det verkar som forfattaren ønskjer å knyte handikappet sitt til noko guddommeleg: «jeg trekker streker / i snøen med sneakersene mine / som Hefaistos / den forkrøplede guden / som skulle vokte over ilden.»

Nike diskuterer tilhøvet mellom dei andres blikk på den skada kroppen og korleis det kjennest å leve med handikappet som definerande del av identiteten. Jamvel om eg-personen ikkje ønskjer å vere eit offer, og heller ikkje vil verte betrakta som ein vellukka handikappa, leverer han ikkje nokon føretrekt tredje posisjon. Forfattaren set seg i scene gjennom avviket, han byggjer seg opp og bryt seg ned mentalt, liksom han freistar å halde kroppen, som er under eit ekstremt forvitringspress, i sjakk.

Ein kan nok kjenne på trøyttleik andsynes den sjølvbiografiske litterære trenden, og den forteljande lyriske stilen kan verke avgrensande, forterpa. Caspar Erics dikt er høgst lesverdig, morosamt, fritt for sjølvmedkjensle og framfor alt, med litterært verde. Det er også eit dikt som trer inn i samfunnet, problematiserer kroppsbilete og lyftar den handikappas situasjon uforfalska inn i poesien: «det kan være en form / for hevn å la kroppen / forfalle».

Sindre Ekrheim

Bergen, 18.januar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)