Gotisk uhygge

:poesikritikk


DIKT

Gerđur Kristný

Dråpa

Illustrasjonar av Ina Otzko

Gjendikta frå islandsk av Hanne Bramness

Nordsjøforlaget, 2016


Dikta i Dråpa krinsar rundt ei kvinne som vert drepen i Reykjavik ei vinternatt. Gjennom dei korthogne, stavrima dikta, dråpene, strippa for unødvendig ornamentikk, møter ein eit mørkt og marerittlikande Reykjavik. Figurar som djevelen, boksaren, eit slags sirkus (kalla mørkhus), saman med den konstant blesande vinden og snøfokka, livnar til og heimsøkjer Reykjavik denne vinternatta.

I dikta til Gerđur Kristný er det som om den norrøne verda, mellomalderen, gotikken og den moderne verda møtest i eit formørka Reykjavik.

Krossen
på kyrkjetårnet
kunne ikkje
bryte mørkeret
som ruga
over husa

(Dråpa, Gerđur Kristný)

Sjølv om diktboka følgjet eit slags implisitt narrativ, krinsande rundt kvinnedrapet, og gjentakinga av motiv og vers dessutan peikar mot ein slags syklisk struktur, er mange av dikta så enkle og sterke at dei fint kan lesast som slåande enkeltdikt.

Vinteren tar
aldri fangar

Han fører folk
rundt neste hjørne
der kuleregnet ventar

(Dråpa, Gerđur Kristný)

Dråpa er ein gammalnorsk diktform, knytt til hylling av kongar og stormenn. Sjølv om desse dikta ikkje er ekte dråpa-dikt, fordi dei bryt med strofeforma,
brukar Gerđur Kristný drapa til å hylle, ikkje stormenn og kongar, men den drepne kvinna (du-et). Norrønfilologar har, som òg etterordet opplyser om, peika på at ordet dråpa kjem av ordet drápa, altså drap. Det seier seg difor sjølv at forma då er passande for å handsame eit drap på ei kvinne.

Dikta er prega av transformasjonar, på fleire nivå. Eg-et, som er djevelen, seier eksplisitt at han skiftar ham. Byen Reykjavik vert omdanna til ei omsnudd verd, der andre skapnadar og lover regjerer. I tillegg kjem dei språklege transformasjonane, metaforane. Den rengde og vonde verda, desse kreftene som synest å sleppe inn i byen, vert understreka av metaforar og ord henta til dømes frå krigsrøyndomen, (slik vi òg såg i det siterte diktet der ein vert overraska av kuleregnet): «natta fell / som ei øks», «spinngalne vindar / kringsette byen». No må det nok seiast at metaforane og samanlikningane isolert sett ikkje alltid er av det originale slaget, om det skal vere eit mål for god poesi då. Sjølv om metaforen «Skyene hang grå / som duer» ikkje kan utropast som nyskapande, synest eg at den fungerer i denne gotiske mørke samanhengen.

Dikt har så sterk biletkraft i seg sjølv at grafiske illustrasjonar ofte snevrar inn biletperspektiva enn opnar dei. Difor klarer dikta seg ofte best aleine. Ina Otzkos svart-kvitt-fotografiske utsnitt frå Reykjavik, til dømes eit virvar av fotspor i snøslaps, er ikkje påtrengjande, i tillegg er det ikkje så mange illustrasjonar i boka at dei på nokon måte overskuggar dikta. Dei mørke, kornete og gråtona fotografia, som syner fram avstengde, lett ikkje-fokuserte utsnitt frå Reykjavik fungerer godt i møte med Gerđur Kristnýs diktunivers.

Lesaren vil finne dei islandske dikta nede på same side der dei norske variantane står. Det er uttrykk for ei heiderleg haldning. Ein slik praksis kan likevel diskuterast. Når ein gjendiktar eit diktverk, treng det sjølvsagt ikkje vere tale om at gjendiktinga representerer eit lingviststisk sett ekvivalent verk. Gjendiktinga er ei tolking, som står suverent, eller ikkje, på eigne bein. Særleg når det er snakk om ein samanhengande syklus kan det bli forvirrande å oscillere mellom to språk, fordi den flytande opplevinga av diktverket vert truga av å desintegrere, forfalle til filologisk nærsyntheit. Det kunne ha vorte til eit problem med Dråpa som er ein veldig tett og konsentrert syklus. Likevel synest eg at denne utgjevinga gjennom typografiske val, med den islandske teksten i kursiv nede på same sida, har makta å styre unna denne problematikken. Eg trur også at problemet hadde vorte meir påtrengande dersom tekstane var større.

Hanne Bramness har  gjendikta Gerđur Kristnýs dikt på ein svært tillitvekkjande og konsekvent måte. Bramness har gjeve Oskar Vistal og Lars Amund Vaage kreditt for hjelp i gjendiktingsarbeidet.

Sindre Ekrheim, Reykjavik, 6.10.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)