Frå spegel til spegel

poesikritikk:


PROSASTYKKE

Morten Langeland

Barbar

Flamme forlag 2020


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Åttatalslitteraturen vitjar samtidslitteraturen

Barbar av Morten Langeland består av prosatekstar. I Barbar vrir og vrengjer forfattaren på sjølvframstillinga. Sjølvbiografiar og autofiksjonar har vore ein tendens i samtidslitteraturen i lengre tid. Sjølvframstillinga i Barbar nærmar seg karikaturen og det parodiske. Tekstane er overdrivne farga av det samtidige: Pandemien er innskriven, i språket figurerer oppdatert slang, og teknologisk og populærkulturell referansemani blandar seg med tidstypiske livsstilmarkørar. Boka tilfredstillar alle ytre krav til eit samtidslitterært verk anno 2020: Aktualiteten, sjargongen og sjølviscenesetjinga.

Mellom prosatekstane, som står seg godt som enkelttekstar, vert ein forteljande tråd spunnen der den biografiske forfattaren er hovudaktør. Han driv rundt i Oslo, drikk, sit på Deichmanske bibliotek, treff vener og reiser til Bergen for å skjøtte jobben som skrivelærar på Skrivekunstakademiet. Ein intens alkoholbruk er involvert.

Det er interessant å sjå at den sjølvframstillande litteraturen i denne bokas særeigne og kompromisslause art, fører ein utover samtida og attover i litteraturen, mellom anna til 1980-talets litteraturar. Langeland gjer det sjølvreflekterande og sjølvreferererande til eit litterært hovudprinsipp, slik at til dømes formspørsmål og formrefleksjonar vert innbakte i tekstane. Sjølvframstillande tekstar er ikkje er noko nytt fenomen. Augustin skreiv sin sjølvbiografiske Confessiones på 400-talet e.Kr. I nær norsk fortid hadde den sjølvrefleksive litteraturen si stordomstid på 1980-talet. Åttitalsforfattaren Tor Ulven er, blant fleire, ein gjennomgangsreferanse i Barbar. Sjangernemninga «Prosastykke» er tidlegare berre brukt av Tor Ulven, på prosaboka «Fortæring» (1991).

Tekstane har ein springande karakter, med ein jazzmusiserande og improviserande omgang med verda. Dei stormar fram mellom stadar og tekststadar og lèt gjerne brotflatene stå vidopne. Tekstane er eit mixtum compositum av samtids- og litterære referansar, representasjonar og tankar som heile tida skyt seg sjølv i foten og hakkar prosastykka opp i enda mindre betar – slik at kvar bete reflekterer seg sjølv og verda og sender sine biletstrålar attende på teksten.

Teksten omtaler eigen skrivemåten som heliografisk, ein type solskriving. Eit gjennomgangsmotiv er heliografen, ein trådlaus telegraf beståande av speglar som kunne sende morsesignal over store avstandar, brukt i antikken, men også i førre hundreåret. Ordlyden heliograf ligg snublande nær haigograf, helgenbiografien som framstilte enkeltpersonars liv og deira mirakel. Konklusjonen er at litteratur kjem av litteratur – og her må også subjektet finna seg i å bli knust i betar og sendt mellom speglar i det uendelege.

Bergen, 7. januar 2021

Ein versjon av denne meldinga har tidlegare vore prenta i Dag og Tid.