Forvandlingsfiguren

 

:poesikritikk


ESSAY

Inger Christensen

Hemmelighetstilstanden

Omsett frå dansk av Camilla Groth

Pax 2017


Hemmelighetstilstanden av poeten Ingrid Christensen (1935-2009) kom på dansk i 2000. Sjølv om dei tolv essaya og det eine diktet («Dikt om døden») er skrive for ulike oppdragsgjevarar om ulike tema over ei årrekkje, merkar ein seg at skrifta er bore av naudsyn og indre konsistens: Det er forholdet mellom poesien, språket og verda det handlar om, nærmast uansett kva tema Inger Christensen handsamar.

Inger Christensens essaystikk eig udiskutable og sjølvsagte kvalitetar. Essaya hennar er enkle, klåre og røslege. Dei loddar djupner og seier noko klokt om det kompliserte forholdet mellom språket, poesien og røynda. Men dette gjer Christensen utan, slik det ofte kan bli når ein freistar setje verda og kunsten på omgrep, å uttømme og utarme språket eller røynda. Grunnen til at essayisten skuggar unna dette feilgrepet, er at Christensen er like mykje poet når ho skriv essaystikk. Christensens essays har ingen utløpsdato. Den som leiter etter aktualitet i essaya og poesien, vil finne det i Christensens tydelege økologiske perspektiv. Den økologiske horisonten følgjer også av formelle innrettingar i hennar poesi, som faldar ut naturens former og forholdstal i språket.

Det er forunderleg å sjå korleis éin dominerande språk- og tankefigur følgjer og fascinerer poeten i desse skriftstykka. Christensen vender attende til figuren fleire gonger, i same essayet, men òg frå essay til essay, anten ho skriv om Verdens ende (Nordkapp) eller opplysande om den danske språkforskaren Rasmus Rask. Figuren kan nemnast burdens figur (eventuelt rørslas- eller forandringas figur), og vert forma og formulert på ulikt vis. Omsetjaren Camilla Groth skriv i etterordet at ho sjølve har late seg fascinere av ein variant av figuren: «Rommet er i silken, som er i rommet.» Groth skriv at «Det er en stille og gåtefull setning. Den er varm og svimlende på samme tid.» Varmen setninga skapar, knyt seg sannsynlegvis til det omsutsfulle, dette at noko vert romma, innkapsla og bore oppe av noko anna. Figuren dreiar seg først og fremst om forhold.

I essaya finst mange spor og variantar av denne figuren. Når Christensen skriv om kartet, at kartet rommar terrenget og kartet er omgjeve og bore oppe av det same terrenget, er figuren i sving. Kartet og terrenget dreier seg om forhold, om målestokk. Den er i sving når ho skildrar eit kobberstikk av William Blake: «mens han ikke enser at det lyset han ser, er et lys som kommer fra hans eget blikk». Figuren kan forståast som refleksjonens- og sjølvmedvitets figur: «Verden, som har sin naturlige forlengelse i språket, blir bevisst seg selv, og språket som har sin opprinnelse i verden, blir til en verden i seg selv, en verden som folder seg stadig mer ut.» Sjølvmedvit er medvit om at ein er medviten om eit objekt. Sjølvmedvitet angir eit forhold, ein målestokk.

Den nemnde figuren fordoblar og spreier seg i Inger Christensens eigne tekstar. Og tekstane fortettar seg i denne figuren. Ved denne dynamiske doblings- eller speglingsfiguren verkar ein også å nærme seg kjernen i Christensens poesi og essayistikk. Det som dømesvis kjenneteiknar Fibonacci-rekkja, dei matematiske sekvenseane som dannar grunnstrukturen i diktboka Alfabet, er at det følgjande talet i rekkja alltid rommar dei føregande. Strukturen i sonettkransen Sommerfugledalen er laga slik at første lina i kvar sonett svarar til sistelina i den førre, medan den femtande og siste sonetten rommar alle fjorten førstelinene i dei føregåande dikta. Novalis-sitatet, som tittelen Hemmelighetstilstanden stammar frå, støttar seg til ein tilsvarande figur: «Den ytre verden er en til hemmelighetstilstand oppløftet indre verden». Eg har skrive at ein her nærmar seg kjernen i Christensens poesi, men kjerne er ingen statisk metafor. Ein må hugse at kjernen, liksom eit frø, rommar dei følgjande utviklingsstadia, sen rommar framtida. Det ligg til frøskalet at det før eller sidan skal sprekke opp i betar, trengjast gjennom av ei form som utviklar seg.

Christensens essay belyser aspekt ved hennar eigen poesi, men ber dessutan i seg innsikter med rekkjevidde langt utanfor poesien. Vel utviklar essaya tankar og kan seiast å vere filosofiske, men dei er så djupt voven inn i ein konkret poetisk praksis, i ei verd, at tenkinga som vert presentert verkar å vekse ut av sjølve verda, frå jorda. Det er tankar som får utvikle seg i tekstane, men med lesaren heile tida djupt inkludert og romma i det klare språket til Inger Christensen. Ho held ingenting løynd for lesaren. Christensen tenkjer på sett og vis med utgangspunkt i det kvardagslege, i den nære verda. Og kvardagen ber og rommar universet.

Sindre Ekrheim

Bergen, 1. juni 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)