Eit fall for synene

:poesikritikk


DIKT

Gyrđir Elíasson

Dikt i utval 1983–2012

Gjendikta frå islandsk til norsk av Oskar Vistdal

Nordsjøforlaget, 2016


Gyrđir Elíasson er islandsk forfattar som fekk Nordisk råds litteraturpris for novellesamlinga Mellom trea i 2011. Gyrđir Elíasson debuterte fyrst som poet og har, i tillegg til romanane og novellesamlingane, gjeve ut fjorten diktbøker sidan 1983. Nordsjøforlaget har no gjendikta eit stort utval av poesien hans til norsk: Boka er på 158 sider, rommar bortimot 120 dikt plukka frå alle fjorten diktbøkene til Elíasson. Utvalet er nok matematisk representativt, for her verkar bidraga frå dei ulike samlingane å vere vekta likt. Men fordi eg ikkje kjenner til Elíassons poetiske verk, er det umogleg for underteikna å vurdere om diktutvalet speglar originalkvaliteten, altså, om dei aller beste dikta er kome med. Men det må ein då rekne med.

Når eg les desse dikta, vert eg raskt klar over at Gyrđir Elíassons poetiske særtrekk ikkje lèt seg summerast i få ord. Uttrykksvariasjonen er stor. Poeten eksellerer i fleire stilar. Ein ser det òg på diktutsjånaden: Typografiske dikt, langdikt og kortdikt, jamvel om det korte formatet er sterkast representert. Eg merkar også at stilen skiftar djervt frå samling til samling. Dei mest avvikande og eksperimentelle dikta finn ein i samlingane rett etter debuten, med inspirasjon frå musikk, film og populærkultur både i teknikken og på innhaldsnivået.

Gyđrid Elísassons er ein fablande realist, der grensene mellom draum og røyndom ikkje kan skiljast skarpt, eller snarare, røyndomen blir til ein hyperrøyndom, der den rådande orden vert  skipla og andre naturlover gjer seg gjeldande.

Ein kan også omtale Elíasson som mørkediktar, eller, like godt, som ljosdiktar. Knut Ødegård peikar i etterordet på noko som ein kan sjå som eit eksistensielt-litterært utgangspunkt for Elíassons litteratur, og eit motiv i Ei slags hovudinnløysing (1985): For å redde seg frå å få høgd av hovudet med øksa til Eirik Blodøks, laga Egil Skallagrimson eit kvad. Elíasson diktar for ikkje å miste hovudet, for å redde seg og finne utvegar i språket, men i nokre av dikta verkar faktisk hovudet å ha falle av, i alle fall har den rasjonelle delen av dette organet forsvunne, for slik å redde seg. Slik finst det ei bloddryppande, gysande og gotisk side ved Gyđrid Elísassons dikt, som òg Knut Ødegård er inne på i etterordet.

Forbausande ofte oppheld dikta seg i dei øvre kroppsregionane, ved hovudet, på innsida og på utsida av skallen, i hjernen så vel som ved augo, synsorganet, som der ute blant tinga og fenomena i verda. Langdiktet «Blindfugl/Svarflog» oppheld seg nett ved synsorganet: «Underleg skøyrt dette / raske blikket i to augo / liksom egg med påmåla / svarte flekker».

Nokre gonger trengjer dei ytre bileta inn i hovudet, med heile sin materialitet og får reell eksistens der, på surrealt vis, som her, der diktet også kan sjåast på som ei helsing til surrealismen.

Trudde du at dauden skulle vera slik?

Går
heile livet
med samanlagd paraply
i hovudet
og så blir han slegen opp
med kjempekraft

Men då
er det longe slutta
regne


(Frå To månar, 1989, Gyrđir Elíasson)

Ein poet full av innfall og leik, på leit og med stadig nye utprøvingsfreistnadar i språket. Men då er det underleg å sjå at dei nyaste dikta i Her veks ingen sitrontre (2012) verkar å nærme seg dei eldste både formelt og i stilleie. Det er eit alvor i dei eldste dikta som speglar seg i dei nyaste. Ta «Storm» til dømes:

endå
ein gong
kastar mørket seg
over kloten

ein svart fugl
vil leggje seg
over egget sitt

endå skalet er broste

(«Storm», frå Svartkvite bukseselar (1983), Gyrđir Elíasson)

Og samanlikn deretter dette med diktet «Lang vinter» frå Her veks ingen sitrontre (2012). I «Lang vinter» framstiller diktet eit syn som føregår inni hovudet, medan «Storm» er utanfor eg-et, på eit kosmogonisk nivå. Båe dikta synest å finne ei redning; i «Storm» er det ein svalande omsorg, som står fram som ein bieffekt av mørket. I «Lang vinter» er det tildekkinga av det uhyggelege djupet som svalar, ein ikkje-intendert verknad av den grådige og skumle spøkelsesfiskens aktivitetar:

Fisken som sym i sinnets djup
er steingrå og ovstor. Han har 
ete alle dei andre fiskane og krev
stendig meir fôr. Eg har ikkje lenger
anna å gjeva honom enn nokre ord
or gamle yndlingsbøker. Han vil
ikkje vita av dei og spyttar dei ut
med vanvørdnad så djupet grumsast til

(Frå Her veks ingen sitrontre, Gyrđir Elíasson)

Dikt i utval er ei svært heiderleg bok. Dikta er framifrå gjendikta av den prisløna omsetjaren Oskar Vistal. Boka syner dessutan breitt fram mangfelte sider ved diktarens produksjon, i kronologisk rekkefølgje. Men eg kan ikkje heilt fri meg frå at tittelen Dikt i utval kling litt gamalmodig og at boka følgjer eit altfor velkjend redigeringsprinsipp. Er tida mogen for djervare og meir risikofylte måtar å velje ut dikt på? Kvifor kunne ein ikkje vere meir vågal, kvifor ikkje kuratere ei ny diktbok med utgangspunkt i det føreliggjande originalmaterialet? Her, i dikt i utval-konteksten, er faren stor for at dikta berre framstår som døme på diktaren Elíassons dikting. I staden kunne ein, ved å ordne dikta etter andre prinsipp enn til dømes det kronologiske, tvinge fram andre lesemåtar, reindyrke perspektiv og fått fram originale aspekt som ligg i kim i poetens verk. Ein har tross alt med Dikt i utval forlate originalkonteksten, den er gått tapt så lenge ein ikkje gjendiktar diktbøkene in extenso. Dette er ikkje ein rammande kritikk av denne boka. Dette er berre ein frimodig tanke sett fram i forlenginga av at Dikt i utval er vorte ei bok det verkeleg er verdt å lese.

Bilete og tekst på humbaba.no: Sindre Ekrheim, Stockholm, 31.8.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)