Byen og livet

:poesikritikk


DIKT

Amalie Kasin Lerstang

Vårs

Cappelen 2018


Amalie Kasin Lerstang vart i 2014 løna med Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Europa. Romanteksten handla om sosial atomisering og fråvær av fellesskap der impulsar frå den ytre verda blei snudd inn mot kroppen på destruktivt vis.

I Vårs, Lerstangs debut som poet, omfamnar dikta tvert om fellesskapen: «for det heter ikke jeg nå lenger / heretter heter det vårs». Og opprøret vert retta utover, mot samfunnet, med ei solidarisk forankring hos arbeidsfolk, ufaglærte og dei som jobbar i industrien.

Vårs er ingen reise- eller utferdstekst, men vigd heimstaden, Notodden: «målet er ikke å komme seg ut / men å gjøre hølet stort nok / til at man kan bil værende». Her handlar det om industriutviklinga, frå industribyggjarane Sam Eyde og Kristian Birkeland og Norsk Hydro fram til notidas Notodden, prega av industridød, nyliberalistisk arbeidslivspolitikk og ungdomens rånekultur som vert forakta av dei urbane elitane.

Det særmerkte ved Lerstangs dikt er at dei maktar filtrere den ytre industrihistoria gjennom individuelle erfaringar. Dei vevar familielivet, med pappa, mamma og dronningbia (farmora), saman med byen og arbeidet. Ettersom dikta svermar for ein bestemt klasse, teiknar dei samstundes opp frontliner, men hovudsaka er likevel å gi rom og skrift til liv som sjeldan blir til litteratur.

Dikta er ekspressive og linene spring energisk og raskt over boksidene. Undervegs i rissa, finn ein også abrupte spranga idet dikta freistar fortette og fange ein flimrande og pulserande symbiose av livet og byen, der fellesskapet hamrar i individet og omvendt.

Les ein raskt, noko stilen til Lerstang oppmodar til, vil ein kanskje ikkje merke at det finst to dikttypar i boka. Mellom dei lengre, utbroderande dikta finst somme kortare dikt, som strammar inn og skapar kompositoriske kvilepunkt i diktkverna til Leirstang. I desse mindre dikta finst nokre veldig fine bilete, til dømes: «Byen er et feberbarn / som ingen vil sende hjem». Det hender likevel at nokre av desse kvilepunkta druknar i den rastlause straumen av ord, ein ordstraum som frå første til siste dikt illuderer Tinnelva som heile industrien i Notodden er bygd rundt.

Sindre Ekrheim

Aosta, 17.5.2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)