Poeten og poesiformidlaren

: poesikritikk


DIKT

Den ukjente

Dikt gjengitt av Hanne Bramness

Cappelen


Innskanning 65

Dikta i Den ukjente stammar etter sigande frå eit manuskript funne i ei notatbok, i ei «svart bok, med sprukket perm», som Bramness har fått tilsendt. I siste liten blei manuset berga frå søppelconteinaren. Dikta skal vere skrivne av ein avdød psykiatrisk pasient innlagd på Valen sjukehus kring 1928-29.

Iscenesetjinga av ei poetisk røyst

Bakgrunnshistoria for manuskriptfunnet er gjort nøye greie for i etterordet. Denne paratekstlege framstillinga, som set i scene den poetiske røysta i boka, blir delvis eit styrande premiss for korleis eg les diktboka. Det finst pikante element gøymd her, til dømes har den ukjende forfattaren naturleg nok ikkje har hatt høve til å samtykke til publiseringa. Utan samtykke representerer offentleggjeringa enda eit overgrep mot ein frå før umyndiggjort og undertrykt pasient. Tvilsamt vil det også vere at Bramness på eiga hand har forbetra og endra på tekstane, framkalla dei, jamvel om det er utførd i tråd med manusets modernistiske stil og tone, og i språkforma frå 1920-talet.

Desse innvendingane kjem ein likevel ikkje langt med. For den diktande pasienten er ikkje berre anonym, ho er per definisjon ukjend og namnlaus. Berre dei nakne og inkjeseiande initialane D.A.G. ber bod om kven dette kan ha vore. D.A.G. Den ukjende er altså ingen, eller: ho er alle. At det ikkje er ein namngjeven person som står som forfattar av dikta, er avgjerande i prosjektet til Bramness. For det er ikkje slik at denne oppkomsthistoria til manuset er ei heilt tilfeldig utside kopla på dikta. Fleire av aspekta – namnet, identiteten og opphavet – går att og blir spegla i diktas indre, i motivkrinsane: «Vekstene har navn / og jeg kjenner dem / og jeg elsker dem / ved disse navn. / Men ingen / gjenkjenner lenger meg / ved mitt.»

Poesiformidlaren

Kor autentisk er funnhistoria? Og er det viktig for dikta at historia er korrekt og sann? Om ho er sann, får sjølvsagt dikta verdi som ein dokumentarisk ressurs. Viss, derimot, oppkomsthistoria til diktmanuskrInnskanning 59iptet er konstruert, eit påhitt, at manuset i stor grad er skrive av Bramness sjølv, noko eg reknar som sannsynleg, ja, då kan ein sjå dikta under eit anna, rikare perspektiv enn berre det historisk-dokumentariske, nemleg som rolledikt: Bramness ifører seg ei maske og spelar rolla som den diktskrivande pasienten. Kvifor? Ved å manøvrere slik utløyser poeten ei anna enn den vanlege Bramness-røysta og lyftar det såkalla historiske dokumentet inn i ein samtidspoetisk samanheng. Kanskje er Bramness i denne boka ein gjendiktar av tekstar som burde ha vore, men enno ikkje var skrivne. Tekstane til den ukjende blei ikkje skrivne i den historiske augneblenken fordi kombinasjonen av rollene kvinne og sinnsjukepasient gjorde skrivinga utenkjeleg og umogleg, gitt dei herskande, undertrykkande strukturane av kjønna og institusjonell karakter.

 «Og alt det man ikke / maktet å skrive ned / / fordi det var for meget / om at gjøre» (Den ukjente)

Ei rolle står til andre roller, til eit større rollesystem, ein rollefellesskap. Rolla er gjensidig betinga av og betingar andre roller, slik det er utarbeidd i følgjande liner:

Mor vi har sprunget ut av hverandre
den ene ut av den andre og omvendt. 

Jeg er sprunget ut av din gren som
en epleblomst i flor, og mor
du kom fra meg. 

(Frå diktet Opphav, Den ukjente)

I tillegg til rolla som den ukjende, agerer poeten Bramness eksplisitt rolla til den som gjev att og tilretteleggar dikta; den rolla har Bramness uansett om ho er den verkelege forfattaren eller om ho berre har bearbeidd eit materiale. Bramness er utøvar rolla som poesiformidlar, ho bringar vidare ei poetiske røyst og ei poetisk skrift. I denne samanhengen er det verd å merkje seg at Bramness’ har lang erfaring som poesiformidlar, ho har vore redaktør for serien med omsett utanlandsk poesi på Cappelen forlag, «Stemmens kontinent», ho er gjendiktar, men også forleggar i Nordsjøforlaget.

Samanhengar og avhengigheitar

Det er rett å seie at Bramness’ underordnar og underspelar sitt eigne namn. Det er òg rett å seie at poeten lånar ut namnet sitt til den ukjende. Og det er like rett å seie at den ukjende lånar seg til Bramness’ poesi. Ein anar konturane av ein poetisk mediumisme: Bramness er eit medium for den ukjende, den ukjende eit medium for poeten Hanne Bramness. Englane, som me skal høyre meir om seinare, er òg medium. Vidare er språket eit medium for alle som brukar språket. Kor den ukjende startar og Hanne Bramness sluttar, er altså vanskeleg å avgjere. Den ukjende og Bramness står i eit gjensidig definerande avhengigheitsforhold, det liknar litt på det symbiotiske forholdet mellom mora og ungen i det siterte diktet «Opphav».

Innskanning 61Språket, materialet som gjer at me kan uttrykkje oss, kan karakteriserast som ein ukjend faktor. Språket som ligg der taust og ubrukt, er berre potensialitetar, moglegheiter. Språket har ikkje noko eigenamn, inga eiga røyst. Medan den som brukar språket, gjer språket kjend og blir sjølv attkjend som ei røyst gjennom språkbruken. Språket me nyttar er ikkje originalkunst, det blir foredla av språkbrukarane og stilt til disposisjon i språkfellesskapen. Det har heller ikkje nokon fikserbar opphavsperson. Ein første, einsleg språkbrukar finst ikkje i historia. Filosofen Wittgenstein har i «Filosofiske undersøkelser» prova at privatspråk er umogleg. Det personlege pronomenet «eg» er det mest intime, men også det mest anonyme ordet i språket: det formidlar oss alle i første person eintal.

Den namnlause

Det er neppe ei overdriving å hevde at det kryr av englar i samlinga. Den siste avdelinga er i heilskap vigd korte engledikt. Nokre få kunnskapar om englar bør ein ha i minnet når ein les dikta: I Bibelen er berre to englar namngjevne, elles opptrer englane som namnlause skikkelsar. Det gjer dei for ikkje å bli tilbedne og for å kunne utføre oppgåva si. Englane er beskyttarar, dei er tenarar og sendebod. Slik sender også desse dikta bod frå ei fortid og frå eit tilvere, frå ein ukjend person som nærmast sjølv får dei trekka ein tilkjenner engelen. Berre dikta, dempa, klinisk reine, nesten avklara, er att av den ukjende. Og det ligg likevel ein understraum av namnlaus smerte ein eller annan stad attom linene. Stilen kler den ukjende sine dikt.

Direktøren på Valen sjukehus og norsk litteraturhistorie

Direktøren på Valen sjukehus, Konrad Lunde, som mange meiner blei ein viktig person for Olav H. Hauge, får passet sitt påskrive i etterordet. Det er først når debutsamlinga til Olav H. Hauge føreligg at «direktøren skrev en begeistret omtale av den», skriv Bramness. Men elles var det, skriv Bramness, «for stor avstand mellom en pasient fra bondestanden og direktøren» til at nokon kontakt kunne opprettast. Nokre reaksjonar har kome på vurderinga til Bramness. Vel. Bramness har ikkje historiske kjelder som belegg utsegnene. Ho går utifrå at Konrad Lunde var ein mann av tida og at han var utstyrt med det rådande klasseperspektivet og det uInnskanning 63ndertrykkande kvinnesynet som fanst i samfunnet då. Som pasient og kvinne var den ukjende dobbelt undertrykt, og at ho skulle skrive dikt var i alle fall utenkjeleg. I tillegg kan det vere at Bramness ser at Konrad Lunde ikkje er den typen poesiformidlar eller tilretteleggar Bramness sjølv gestaltar i diktboka, med ei genuint poetiske interesse, som ser forbi klasse, namn og tittel. Eg tykkjer det er heilt uproblematisk, sjølv om det er udokumentert, at Bramnes stiller desse spørsmåla. Essayet er også ei type dikting, der forfattaren rører seg mellom det dokumenterte, faktiske og det mogelege.

Autentisk dikting

I dag verkar det som ein festar lit til at dokumentariske sjangrar, frå fotografi, journalistiske tekstar og vitskapleg empiri, er dei einaste som kan gjere krav på autentisitet. Journalistiske framstillingsformar har eit påbod om at til dømes normalspråket er den einaste gangbare sjangeren for røyndomsformidling. Journalistiske skrivemåtar har også trengd seg inn i skjønnlitteraturen. Difor er det sjølvsagt interessant at Bramness grip fatt i desse faktiske sjangrane, både i dikta som eit dokument, men også framstillinga i etterordet som er ei sakleg utfalding av forholda rundt diktdokumentet. I boka Uten film i kameraet (2010) arbeidde Bramness med utgangspunkt i kjende fotografar og fotografi og skreiv ei rekkje korttekstar til fotografia. Fotografiet har høg status som eit dokumentarisk og autentisk medium. Slik verkar det som om poeten Bramness arrangerer møter mellom seg og sitt språk og utanforståande objekt. Kanskje kan ein håpe på at noko vert krystallisert i desse møta, at overraskande språk, detaljar og uhørte aspekt kjem fram.

Men forresten, finst det ikkje autentisitet i eit dikt også? Diktet kjennest jo relevant, ein blir gripen av noko. Opplevinga av relevans er ikkje tilstrekkeleg viss ein skal seie noko nærmare om kva autentisiteten i eit dikt går ut på. Det er enklare med ein journalistisk tekst, den er rekna som autentisk fordi den samlar og verbaliserer ei røynleg hending. Teksten syner til ei kontingent, fikserbar eksisterande verd som garanterer for tekstens sanning. I diktet er referansane til verda mykje lausare. Det autentiske i eit dikt ligg nettopp i at det frigjer eit rom av moglegheiter, ei rad moglege verder innafor det røynlege. Dei eksisterer fordi dei verkar på og i oss som lesarar.

Sindre Ekrheim