Avsky språket

:poesikritikk


DIKT

Tadeusz Różewicz

Gråsoner

Gjendikta frå polsk til norsk av Agnes Banach

Aschehoug 2017


I 2017 har Aschehougs gjendiktingsserie definitivt slått eit slag for den polske poesien. Tadeusz Różewicz (1921-2014) er ein etterkrigspoet som vert rekna som ein av dei store polske poetane. Czeslaw Milosz og Zbigniew Herbert er to andre namn som ofte vert nemnt i same andedrag. På Aschehoug kom også eit utval av Zbigniew Herbert i fjor haust, gjendikta av Joanna Rzadkowska.

Som mange i Różewicz’ generasjon, blei han djupt farga av dei traumatiske krigsopplevingane frå andre verdskrigen. At han overlevde holocaust og blei redda «på vei til slaktebenken», som han skriv i diktet «Reddet» frå debutsamlinga Uro,1947, rei han som ei mare og vart eit tilbakevendande motiv i lyrikken hans, tydeleg i «Professorens pennekniv» (2001): «dette toget / vil aldri forlate / hukommelsen min».

Sivilisasjonssamanbrotet krigen representerte, førte til ein djup språkleg mistillit og skepsis. Språket synte seg å vere ubrukeleg, lygnaktig, forførerisk og mordarisk. For å overleve og leve vidare må språket nullstillast og finnast opp att. Tadeusz Różewicz anti-lyrikk rakkar ned på den høgverdige poesien samstundes som den framlar etter eit nytt fundament å byggje språk frå.

Spesielt interessant med Tadeusz Różewicz’ erfaringsbakgrunn, er at han opplevde heile tre samfunnsmessige ombrøyte i si levetid: krigen, kommunismens samanbrot og den postkommunistiske, kapitalistiske æra. Kvar av dei tre samanbrotsfasane, så ulike dei enn er i kvalitet, verka som ei stadfesting av at språket ikkje er til å stole på og tenderer mot u-menneskeleggjering. Den grunnleggjande mistilliten til språket er ein poetisk konstant i hans dikting. Den aldrande diktaren underskriv på det han skreiv som debutant i Uro: «Begreper er bare ord», for i diktet «Fingeren på munnen» frå Gråsoner (2002) står det at «sannhetens munn / er lukket» og «han som visste / han som var sannheten / er borte». Det er stor forskjell på å ha eit håp om å avdekke sanninga og det å vite at sanninga ikkje finst.

Utvalet til Agnes Banach er gjort frå fire diktbøker som kom ut mellom 1996 og 2002. Når ein les diktutvalet, bit ein seg merke i at det er ei sterk veksling mellom to strategiar: Å rive ned og byggje opp. Nedrivinga og oppbygginga verkar kopla til to ulike diktformer, langdiktet og kortdiktet. Kortdiktet skjer ned, inn og vekk det overflødige. Kortdikt søkjer konsentrasjon, bortskjering, inn til kjernen. Den andre impulsen sporar ein i ei språkleg ekspansjonsverksemd, i langdiktet, der språket som sirkulerer i samfunnet, politikken og næringslivet formeleg florerer. Langdikt utvidar, ekspanderer, forstørrar, hopar opp. Langdikta til Tadeusz Różewicz representerer også desentralisering, der senteret går tapt og der diktet virrar kjernelaust fram i ei langsam oppløysing og smuldring. Kanskje kan langdiktet i Professorens pennekniv (2001), eit langdikt i fleire moment, lesast som ei foreining av båe strategiane? Alltid et fragment recycling (1996) reflekterer ein historisk kontinuitet, til dømes gjennom «Gull»-diktet, som handlar om det tyske gullets spreiing i verda etter krigen. Spreiing er også eit nøkkelord for diktets tredje del, «Kjøtt III», som tek for seg kugalskap-smitten i Europa, men også rører ved bioteknologiske moglegheiter og eksperiment. Opphavet til sjukdomen er vanskeleg å identifisere og sjukdomen er vanskeleg å isolere. Denne diktdelen har klare apokalyptiske over- og undertonar. «Kjøtt III» er også mogleg å lese i eit økologisk perspektiv, der menneska sine handlemåtar får uana konsekvensar.

Vekslinga mellom kortdiktet og langdiktet kan tolkast som moment av språksynet som finst i Tadeusz Różewicz’ lyrikk. Langdiktets form viser til historia som gjentek seg, som aldri ser ut til å stogge, til det falske språket som sirkulerer og legitimerer samfunnet, som held fram og aldri ser ut til å lære av seg sjølv. Langdiktet kavar klaustrofobisk i immanensen. Dei kortare dikta, derimot, skjer inn, vekk, snittar, skrellar, bender, opnar, slepper inn lys gjennom små spalter og gliper. Dei syner avgrunnane, eller dei knappenålsstore opningane inn til ei anna verd. Kortdiktet realiserer ei transcendental rørsle og ber eit håp om å tøtsje sanninga. Det er eit ørlite håp, fordi det å opne munnen (ein open munn er som eit snitt inn i andletet) er vanskeleg om ein skal tale sanning. Slik heiter det i eit vers i «Poet emeritus»: «en ravn / kommer flygende / trekker en svart fjær / over munnen hans / lukker den / og flyr vekk».

Gråsoner, tittelen på utvalet og også tittel på ei av diktbøkene frå Różewicz» hand, peikar på eit sentralt moment. Agnes Banach har i det opplysande etterordet gjort godt greie for kva plass og tyding det gråe, og for så vidt også det kvite, har i denne diktinga. Omgrepet moralsk gråsone, der grensene er uskarpe og handlingsrommet stort, også med tanke på vonde handlingar, tør vere vel kjent for dei fleste. Eit berande element i Różewicz’ lyrikk er lys og mørke. Poeten ønskjer å finne eit språk som namngir tinga på nytt, i eit språk som skil mellom mørke og lys slik at verda ikkje blir grå. Poeten finn utgangspunktet for den språklege atteroppstoda: Kroppen, der lidinga fann og støtt finner stad, verkar å vere punktet ein må starte.

Tadeusz Różewicz er ikkje eit ukjend blad på norsk. Han har vore relativt mykje gjendikta, iallfall hans tidlege produksjon. I Uro frå 1978 på Solum, gjendikta av Ole Michael Selberg, finst eit breitt utval av den tidlege lyrikken hans som dekkjer åra 1948-1969. Selberg stod også for eit utval polsk lyrikk, inkludert Tadeusz Różewicz, i Lyrikklubben. Martin Nag har gjendikta ein god del, både tidleg og sein Różewicz. Nag har også gjendikta mykje frå samlinga Alltid et fragment recycling (1996) i boka Alltid et fragment: dikt, dagbok-notat, gjendiktninger (1997). Fleire av dikta Agnes Banach har valt ut frå denne samlinga finst i Martin Nag-boka. Året 1998 som Banach meiner Alltid et fragment recycling kom ut, er feil. Boka vert utgjeven på polsk første gong i 1996.

I det heile tykkjer eg det er prisverdig at ein får presentert to store band med polsk lyrikk på norsk (både Różewicz og Herbert). Tadeusz Różewicz-gjendiktinga fyllar eit hól, især når det gjeld den seine lyrikken hans. Polsk samtidslyrikk er heller ikkje nett så godt kjend i Noreg. Så kvifor ikkje, i neste omgang, lage ein antologi med polsk samtidslyrikk med fyldige presentasjonar? Agnes Banach, som fekk kritikarprisen for beste omsetjing for Witold Gombrowicz’ Dagboken 1953-1969, har skapt gode norske diktvariantar av ein poetisk forfattarskap som eg gjerne les om att og enda meir av.

Sindre Ekrheim

Bergen, 26.januar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)