Årets diktbøker 2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Kåringar er trøystelause, fantasilause og rituelle. Deira hensikt er å syne kva som er inne og kva som er ute. Og dei kan vere vilkårlege. Ei kåring har også rekneskapen og synderegisteret som modell, instrument som først høyrer til økonomien og religionen.

Men skit i, iblant er det heilt på sin plass å gjere litt stas på noko, og særleg poesibøkene.

Det har vore uvanleg gode år i norsk poesi. Det skuldast sjølvsagt at tilfeldigheter har samansvore seg; det berre skjer at mange av dei førande poetane gir ut bok same året.

Kanskje er 2018 eit mellomår om ein ser på poesiutgjevingane samla sett, det vil seie om ein fordelar kvalitet på talet utkomne diktbøker. Men teljing, tal og aritmetikk anvendt slik gir jo hårreisande resultat. Ei diktbok er aldri ei utskytningsrampar for den reine og ævelege kvaliteten.

Så: Dei gode diktbøkene av i år er slik dei skal vere. Dei er rett og slett veldig gode. Såleis fortener dei ikkje berre høge terningkast og bankande hjarte. Dei fortener hundre steinar, femten fisk og ein liter vatn – og lesarar.


Gunnar Wærness

Venn med alle

Oktober

Gunnar Wærness har ei eiga evne til å overraske med sine diktutgjevingar. Bli verden frå 2007 var dikt i teikneserieform. I årets bok treffer ein også på teikneseriefigurar som Batman, Mikke Mus og Donald, i tillegg til dikt der til dømes Lenin, William Blake, Gud, Jesus og dei daude får røyst. Venn med alle er ei uhyre omfangsrik, sprikande, solidarisk, leikande, låtteleg, alvorleg og, viss det går an å seie noko så rart, poetisk diktbok. Dikta til Gunnar Wærness er hovudsakleg bore fram av ein kombinasjon av røyst og bilete. Jamvel om prosjektet poeten har på gang i boka kan vere vanskeleg å gripe i si fulle breidd, er det likevel bileta, dei visuelle utsyna, måten Wærness varierer, utviklar og vrengjer dei på, som verkar og set seg fast i lesaren.


Nils Chr. Moe-Repstad

Det vakre hvite, draperiene

Flamme

Det er eit stort spenn i Moe-Repstads De vakre hvite, draperiene. Ein ser det alt av variasjonane i den typografiske utforminga, nokre av tekstane er sett opp som dikt, andre er blokker, atter andre nærmar seg prosadiktet. Her skjer også veldige sveip i det geografiske rommet og i tida, her tangerer dikta natur, biologi, historie. Og her finst verkeleg den motsette rørsla: Fortetting. Eit hovudmotiv i dikta er barokkens fald, men også vridingar, slik dei trer fram i barokkskulpturane. Spennet finst også smelta inn i tittelen: Det er to bokstavar som skil drap frå draperier.


Kjartan Hatløy

Menneskedagar

Oktober

I Menneskedagar er det kosmiske nivået ikkje fjernt, der ute, det finst her, nærverande, verkande i kvardagen. Slåande er det også at diktsekvensane, som ofte rører seg side om side med dauden og det menneske fryktar mest, er så gjennomsyra av det tilforlatelege, det venlege. Til og med planetane vert framstilte som nære vener. Ein kunne òg setje fingeren på dei veldige spranga i Menneskedagar, frå mobilteknologi til fortidas egyptiske gudeverd, frå travle flyplassar til skogssnigelens langsame ferd på botnen av ein skog. Og pranget vert likevel ikkje framstilt vanskeleg, tvert om: «på to sekund vart eg bie». Alt vesalt får skjeret av noko større hos Kjartan Hatløy.


Årets gjendikting

Lennart Sjögren

Ein lysare eld

Nordsjøforlaget

Ein lysare eld presenterer eit halvt lengdesnitt, det vil seie frå åttitalet og fram, av den poetiske forfattarskapen til svensken Lennart Sjögren. Nokre poetar er slik at dei på tross av uvanleg originalitet hamnar litt i skuggane av alle andre. Lennart Sjögren er ein slik poet som ein no får introdusert på norsk. Det er noko djupt originalt, underleg og uhyre vent med dei mørke setningane og innsiktene Sjögrens dikt rugar over. Versa er på same tid gåtefulle og uhyre krystallklare, og det er ikkje berre lesaren som kjennar at noko sviktar og glepp under han, for det skjer jo også i dikta: «Ei natt krøkjer seg / rundt ei anna natt / kan det finnast ein stad her / som ingen annan stad kan finnast.» Eit godt utval som er framifrå gjendikta til norsk av Jostein Sæbø.


Årets debutant

Alexander Bertin Øyhovden

Nå solen med en finger

Tiden

Debutanten Alexander Bertin Øyhovden syner at den biletdrivne lyrikken framleis eig livskraft. Drivet bort frå den menneskelege omkrinsen, mot ukjende fortider og framtider og kosmiske samanhengar, synest å sterkt. Eit godt bilete kryssar over avstandar, plasserer det fjerne i menneskets grannelag. Slik vert det mogleg «å nå sola med en finger». Motiv knytt til det å sjå, til auga og til sola og lyset lauper gjennom diktboka og gjev ho heilskap og stramleik. Øyhovden har med heldig hand veva inn eit familiemotiv. Ein død bror som lesaren møter i den andre avdelinga, som i glimt vender attende andre stader, tilfører dikta ei årsak til den eksistensielle kulda og armoda, samstundes som det jordar dikta og gir dei spirer av kjærleik og lengt.

Bergen, 19. desember 2018