Årets beste diktbøker 2020


Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no

22.desember 2020


Årets diktdebutantar

Karoline Brændjord: Jeg vil våkne til verden (Kolon forlag)

Diktdebuten til Karoline Brændjord er, på fleire vis, uhyre sterk. Ikkje minst ligg den poetiske krafta i den språklege og lyriske handsaminga av ein til dels trykkande og dyster materie. Tekstane svingar frå det poengterte prosadiktet til lengre, meir utbroderande lyrisk-rytmiske sekvensar. Trass i den ekstreme erfaringa som ligg i botn, ber ikkje dikta på aggresjon, bebreiding eller harme. Talen i dikta er snarare mild, nådig, forsonleg og undrande. Det er eit sterkt sanselege driv i eit poetisk språk som festar seg og gleder ser ved det konkrete. Ein friare, meir leikande diktarisk impuls truger med å bryte gjennom, og bryt gjennom her og der, noko som bidreg til at enkeltdikt nærmast tek steget ut or hovudtematikkens klypetak.  

Helene Hovden Hareide: Butikksongar (Aschehoug 2020)

Butikksongar er potensielt veksande og stadig forgreinande. Det er ein fiffig og produktiv overbygnad i denne debutdiktboka, nemleg daglegvarebutikken. Ser ein større på det, vert butikken til eit usynleg kart over den lokale og globale økonomien, der både utbytting, profitt, produksjonslekkar og varebyte finn stad. Slik er dette ei diktbok som rommar ulike system, frå det mindre slektssystemet til det økonomiske. Dikta til Hareide er tilforlatelege, skrivne fram i eit daglegdags, tidvis fragmentert, impresjonistisk språk, beståande av mindre forteljande sekvensar som kjedar seg saman nedover sidene, og som vert til punkt, og ofte til gode enkeltdikt. At Hareide evnar å skape ein fruktbar overordna samanheng til dikta, gjer at dei utvekslar tyding både internt og med overbygnaden. Og nett det er imponerande.

Årets diktbøker

Casper André Lugg: Mariabiotopene (Tiden forlag)

Det finst nokre konstantar i Casper André Luggs lyrikk. Dikta krinsar rundt den menneskelege avgrunnen og ei eksistensiell heimløyse. Ei formutvikling har funne stad frå dei første diktbøkene fram til årets bok, den sjette i rekka. I Mariabiotopene står dikta fram som meir splintra, samstundes som sansen for det lydelege har fått større plass og arbeidar på ein annan måte saman med bileta. Kanskje kunne ein seie at poeten har gått frå å lage bilete til å gestalte ei røyst og ei lyttande bøn. Det lyriske universet til Casper André Lugg rører seg her mot noko meir dynamisk og sanseleg, men også mot noko som kan vere vanskelegare å gripe rasjonelt. Luggs dikt må pustast inn, dei er som meditasjonar. Dikta kling godt og dei slepper frå seg «lodne» bilete som tenkjer i lesaren

Henning H. Bergsvåg: Dette er et stille sted (Gyldendal forlag)

Henning H. Bergsvågs diktbok Dette er ikke et stille sted peilar i kjærleikens og fortvilingas språk. Lesaren møter eit par, eit eg og eit du. Dikta manar fram ei kvernande lengt kopla til eit tilbakevendande katastrofe- og undergangsmedvit. Bergsvåg er ein meister i å formulere setningar som vert lada med meining og som vibrerer av tyding. Same setninga kan opptre i nye dikt, i nye settingar og samanhengar. Dei ber med seg restar av staden dei kjem frå, og dei forvandlar seg. Setningane kan vere lagnadstunge, imperative, definitive og absolutte som lovformuleringar: «Poesi er aldri revolusjon, det er grådig / forbruk». Sånn kan det skrivande eg-et klynge seg til setningane medan verda utanfor verkar å løyse seg opp og forsvinne, eller, i dei heldige stundene, fortettar verda seg til lysande skrift og bilete.

Jo Eggen: Dikt om Sverige (Aschehoug forlag)

Reisa er ramma for diktbøkene Stavkirkedikt (2010), Øydikt (2013) og Ruindikt (2017). Reisa er òg eit integrert motiv i Dikt om Sverige. Jo Eggen reiser ikkje berre utifrå heimen og tilbake i ei svensk fortid, han dreg også heim i desse dikta, til eigen barndom, til dei nybygde, lyse og praktiske framtidsheimen der opplysings-, likskaps- og frigjeringsprosjektet skulle realisere seg – ved hjelp av empirisk forsking, arbeid, vitskap, likskap og industriell økonomi. Dikta står fram som energiske ladingar, eit aggregat der legeringar av notid, fortid, kunnskapsbrokkar, anekdotar og bråe innskot vert smelta saman. Eit anna frekvent motiv er referansane til treet; svartor, piletre, bjørker, lønn og asal brettar seg ut på boksidene; ein bolk heiter også «Bjørkene i Umeå». Bevegelsen i dikta skjer i fleire retningar, vertikalt, horisontalt, utover. Dikta fører seg som trea. Med sprikande bevegelar, og med tilbakestrøymingsrørsler. Voksteren kan bøye seg, vekse i vinkel og gå motsett veg.

Perdro Carmona-Alvarez: Inventarium (Kolon forlag)

I Inventarium er eit biografisk-lyrisk minnearbeid på gang. Eksilerfaringa, med ein barndom og ei slekt frå eit anna land, kjem sterkt til uttrykk i dikta. Likevel stampar dei ikkje rundt i den eigne forteljinga, dei lyftar seg til eit allment nivå: Eg-et i dikta er eit pronomen som representerer fleire. Inventarium byrjar med å liste opp metaforiske koplingar, som viser at orda, tinga, minna og fenomena omstøytar seg nett fordi dei har karakter av å vere lausøyre, flyttbart gods utan faste plassar. «Nelly Sacks / skriver: Forlatte ting slår røtter / i den flyktendes øyne». Jamvel om diktboka kan betraktast som eit poetisk lausøyreregister, dreiar ho seg like mykje om verbet tittelordet er avleidd frå, invenire: å finne eller å avdekke. Og trass i poesiens moglegheit til å omskape, eksister restar som ikkje let seg vaske bort av den poetisk ordstraumen.

Årets gjendiktingar

Fatemeh Ekhtesari: Vi overlever ikke (Transfer forlag)

Vi overlever ikke av den iranske samtidspoeten Fatemeh Ekhtesari er gjendikta frå persisk av Nina Zandjani. Diktutvalet Vi overlever ikke er prega av pessimistisk desperasjon og akselererande klaustrofobi; overalt finst ein snikande politisk-religiøst motivert vald: «med setningar skapt av blod / er vi neveslag og steiner som hagler». Her er ein ikkje berre innesperra fysisk, men kroppen vert til åstaden der makta materialiserer seg, i den grad at eigen kropp vert tenar og utøvar av makta: «Noen skapte undertrykkelse og muligheter for deg, og fengstelsstenger av ribbeina dine». Når kvinnas eksistensform består av korkje å finnast eller ikkje finnast, er det å døy eit godt alternativ, i det minste vert ein tilkjend ei menneskeleg vereform. Vi overlever ikke er iransk samtidspoesi på sitt djervaste.  

Ida Börjel: Miximum Ca canny Sabotasjemanualene (Audiatur 2020)

Konseptverket Sabotasjemanualane, som er omsett av Martin Sørhaug, utkom fyrste gong på svensk i Noreg på forlaget H//O//F i 2013. Seinare er boka omsett til engelsk, spansk og dansk. No kjem Sabotasjemanualane ut i norsk språkdrakt – og som ein heilt ny versjon. Sabotasje er ein politisk metode. Denne diktboka hyllar Elizabeth Gurley Flynn, fagforeiningsaktivist som skreiv sabotasjehandboka The Concious Withdrawal of The Workers Industrial Efficiency (1917). Og boka gjennomfører sabotasjen som ein poetisk metode. I diktsekvensane utvidar sabotasjens horisontar seg: Frå å vere noko fabrikkarbeidarane dreiv på med andsynes maskinane, skodar dikta ein form for sabotasje i produkta som vert laga for ikkje å vare, hos arbeidsgjevarar som held folk i deltidsstillingar slik at dei ikkje får fulle rettar, i kommunikasjonen til bedriftene og generelt hos folk som medvite freistar skade andre. Den norske utgåva inneheld eit tjuetals bidrag frå internasjonale kunstnarar og  poetar som har utført sabotasjeomsetjingar av originalsider frå Sabotasjemanualane. Det er ikkje tradisjonelle omsetjingar, men ramponeringar og radbrekkingar ved hjelp av ulike tekstlege operasjonar: kutt, permutasjonar, flyttingar, overstrykingar og tillegg. Det opphaldande, bremsande og langsame får i denne utgjevinga ein ekstra aksent ved at verket er brote opp av desse sabotasjeomsetjingane.