Årets beste diktbøker 2019

Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no

Marte Huke: Du er et levende sted (Tiden)

Slåande er alle dei ulike teksttypane ein møter: Dikt, dagboksnotat, arbeidsjournal og kortprosatekstar. For ikkje å tale om alledei  opne referansane, alt frå filmar til Walter Benjamins Barndom i Berlin, ein finn her. Språket er sobert, reint, enkelt, sterkt – utan forføreriske impulsar. I kjernen av Du er et levende sted er det ein fødsel. Men trykkbølgja frå ei større omverd – prega av vald, terror, økokriser og konflikt – verkar å slå inn og forplanta seg. Det eksisterer eit år null i Marte Hukes diktbok, som både har å gjere med barnet som vert fødd og med det å byggje verda frå start og grunn etter ei djuptgåande og omkalfatrande krise. Det er som om kvar einaste tekst stiller spørsmålet: Kva verdi har dette – eg – i det store og heile? Komposisjonen er avansert og sinnrik. Det er ingen start og byrjing, det er tvert om slik at slutten og byrjinga bevegar seg  inn mot kvarande, og møtest i eit sentrum. Det er ein håpets komposisjon som er særeigen for diktboka, og som sender håper vidare til verda. 


Øyvind Rimbereid: Hvit hare, grå hare, svart (Gyldendal forlag)

Poeten Øyvind Rimbereid plar turnere dikta rundt eit overordna prosjekt, men har han med Hvit hare, grå hare, svart vendt attende til den tradisjonelle diktsamlinga? Her finn ein jo langdikt og kortdikt om ein annan. Og dikta verkar å vende seg mot så ulike ting: sandpapiret, verktøy, målarstykke og personar som har døydd. Men Rimbereid er Rimbereid: Ein snedig komposisjon spring fram frå midten av diktboka, som ein blome faldar komposisjonen seg ut frå blomsterbotnen mot kronblada, altså dei kiringliggjande dikta i første og tredje del. Midtdiktet er eit langdikt som krinsar kring Arne Eklands målarstykke Det siste skudd. Det er eit mosaikkaktig måleri som verkar tomt i midten, der figurane grupperer seg i kantane. Om lag slik dikta som er vigd dei døde, krinsar rundt ein midte som har falle vekk. Det er alltid polar, verder, motstykke som gnissar mot kvarandre og betingar kvarande i desse dikta: dei «åpner opp en annen verden, / den som gjør denne mulig». Like mykje som interessa til poeten festar seg ved det som finst bileta, er dei oppteken av det som er utanfor biletkanten: den malande handa, verktøyet: «Men om denne hånda peker inn i verden / eller ut av verden, vet ingen». Og så er det desse to verdene som møter kvarandre i dikta til Øyvind Rimbereid: den kvilande kunsten – som har rommet og det evige noet som horisont –  og poesien, skrifta, tidskunsten. Ein kan også finne utruleg fine enkeltdikt her, slik som diktet «Siselert blomst».


Erlend O. Nødvedt: Slekter (Aschehoug forlag)

Erlend O. Nødtvets bok buktar og snor seg lik DNA-heliksens doble spiral, attover og innover i sitt eige namn. Med slyngande og syngande dikt der slektsgranskarens og kyrkjebøkenes vokabular blandar seg  i det poetiske språket, utfører poeten Erlen O. Nødtvedt ei oppstiging i slektstreet, der nøtene fell og eit ekorn pilar gjennom greinene, og ei like djup nedstigning i slektenes namnlause brønn. Og ikkje minst er Slekter eit monument over alle dei liva som ikkje utmerka seg og som berre står att med namnet, stjerna og krossen (fødsel og død) i kolonnane. Dikta har også ei leikande typografisk form. Det heile vert avslutta med ei rekkje urnedikt, som har døden som hovudmotiv. Men urna er ein mage: Ein døyr i same forma som ein kom inn i verda gjennom. 


Vedmund Solheim Ådland: Årsol (Kolon forlag)

Vemund Solheim Ådland skriv ein heilt særeigen, konsekvent poesi. Få samtidspoetar kan liknast med han, men han liknar på seg sjølv, også i årets bok, Årsol.

Årsol let det seg gjere å utskilje nokre tematiske trådar. Men det som først av alt slår ein, er lyden, korleis eit fascinerande litterært univers vert skapt ved at dikta undersøkjer språklydanes kombinatorikk og følgjer ordklanganes og rytmanes indre logikk. Ein møter nyord og overraskande ordsamansetningar som «øregry», «solråte», «tannfrø», «hudtruse». Enkeltord og ordsegment står fram, men syner framfor alt at ordlydar reagerer med andre ord, opnar seg, forvandlar seg og veks: «Os, ros. Rosa, sjenert smerteråte. / Sky jentehånd – løvfitte. / Øyegry. // Øregry».


Monica Aasprong: Obligo (Forlaget H//O//F)

Kanskjeer er det merkeleg at denne utgjevinga opptrer blant poesibøkene. Det er jo ikkje dikt, dette. Kanskje ikkje. Likevel ligg det ei poetisk grunnhaldning i Obligos stuktur, merksemd og tekstens måte å bevege seg på. Den er oppdelt i mindre prosastykke. Nokre tekstar liknar essays, andre dikt og nokon dagboknotatet. Her kan det handle om mykje, om namn, vilje, om bokas rom. Og ein teksttell som «Å gå»kan dukke opp seinare i boka, no med ein annan tekst under, ei nyansering, eit tillegg. Obligo er ei krysning av arbeidsjournal, essay- og diktbok, der Monica Aasprong sirklar inn ting som har influert arbeidet med mellom anna Soldatmarkedet (2006), Et diktet barn (2010) og Sirkelsalme (2013).


Årets gjendiktningar


Patrizia Cavalli: Diktene mine vil ikke forandre verden, gjendikta av Tommy Watz (Oktober)

Om tittelen bedyrar at det her ikkje er tale om eit opprør, representerer dikta likevel ei frigjering: Poeten forandrar den poesien som har neglisjert og oversett omverda og dei menneskelege erfaringane ho tilbyd. Det er som om poesien til Cavalli oppstår i gapet mellom den tradisjonelle biletpoesien og dei omverdsnære realitetane: «Marokkanerne med teppene / ligner helgener men / de er gateselgere». Dikta står altså planta i to leirar ved at dei uttrykkjer korleis den tradisjonelle poesien ber seg åt og korleis den fjernar ein frå verda.

Lennart Sjögren: I greinverket, gjendikta av Jostein Sæbøe (Nordsjøforlaget)

I det vesle kursiverte opningsdiktet finst ei oppmoding: «Unnvik ikkje ekstasen / no når tørken / breier seg stendig meir over dei indre områda.». Diktet peikar på det å stå utover seg sjølv og å vere bortrykt, slik ein er i ekstasen. Det er kanskje nett den rørsla som vert påtala i Lennart Sjögrens lyrikk, at grensene mellom dyr, ting og menneske vert overskridne, nesten oppløyste – og likevel ikkje. Dikta fører lesaren inn i ei uforklarleg mellomtilstand der det korkje er dag eller natt, der alt finst og ikkje finst på same tid. Ein tredje stad der ein kan treffe på «ein fugl som knapt er fugl / likevel rekna til fuglane». Kanskje er det dette som er å vere levande. Det er som om dikta gryr fram or paradokset, «reiser» seg i «splinteret» eller kvervelen av eit språk som heile tida øydelegg seg, formar seg om – og er det same.


Mei-mei Berssenbrugge: Hallo, rosene, gjendikta avJørn H. Sværen (Kolon forlag)

Det fyrste som slår ein ved diktboka med den flotte tittelen Hallo, rosene, er at språket ikkje er poetisk eller typisk naturlyrisk. Språket lengtar heller ikkje, det registrerer og undersøkjer derimot nøye innhaldet i sanse- og fenomenverda. Dikta er sobre og realistiske, for dei påkallar ikkje utopiske og metafysiske storleikar. Dei plasserer seg midt i verda, let ho utfalde og spegle seg i mangfaldige kombinasjonar og forbindelsar. Trass i at språket kan verke distansert, er diktboka gjennomsyra av ei grunnleggjande omsorg for eksistensen og for omverda.

Å trengje inn i det lyriske universet til Berssenbrugge er ikkje nødvendigvis lett, men om ein les langsamt og frigjer seg frå vanetenkinga, hjelper det. Forma, tidvis også eit vitskapleg vokabular med somme abstrakte og teoretiske setningar, kan vere krevjande. Berrsenbrugge høyrer til den såkalla L=A=N=G=U=A=G=E-rørsla i den amerikanske poesien. Denne har røter i 1960- og 1970-talet, og sjølv om rørsla ikkje har eit felles program, er poetane oppteken av korleis tyding vert skapt i språket og distanserer seg frå eg-lyrikken. Enkelt sagt tek desse poetane på alvor at ein i litteraturen ikkje får presentert sjølve kjenslene, men teikna som står for dei.


Årets diktdebutantar

Sindre Andersen: Blodet i hodet (Flamme)

Kanskje er Sindre Andersens diktbok ein freistnad på å skrive, ikkje tekstar, men kontekstar: «Dikt er fravær av pust / med pust rundt / og ord utenpå der igjen». Det er dikt der lesaren vert gitt eit stort rom, det er så å seie lesaren som må finne diktet inni teksten. Likevel, det finst dikt her som som står fram på tradisjonelt vis, både med biletkraft og humor: «Samme hvor tomt det er overalt, / vet jeg det alltid er folk / som har gravd ut tomrommene / med seg selv, / og det er disse høyst levende gjenferdene / jeg gjerne vil gi et dunk i ryggen».


Martin Svedman: Når jeg drikker (Cappelen)

Bortsett frå ein viss hang til Berlioz og Mozart, ereg-personen eit botnlaust hol, som fortærer seg sjølv og omgivnadane. Diktateiknar opp ein alkoholikars veg mot botnen, frå utprøving av alkoholholdigedrikkar i barndomsåra fram til fullblods alkoholikar med tørkeperiodar ogtilbakefall. Det heile faldar seg ut i ein knapp, hardkokt stilutan biletleg ornamentikk eller formildande grep. Ein registrerer altså rasktat det finst ein motsetnad mellom den overstadige eg-personens jakt etteralkoholrus og den korthogne, fragmentariske stilen, som ikkje freistar åforklare, berre skildre. Kunstmusikken frå dei høgare sfærane fungerer også somein avstandsmåler til det eksistensielle nederlaget eg-personen er på veg mot.

Bergen, 18.12.2019