Alt som er under sola

:poesikritikk


PROSADIKT

Kjartan Hatløy

Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu

Oktober Forlag (2016)


Når poeten Kjartan Hatløy i ein augneblink fastheld dei aller minste tinga, vert dei til eit prisme for kosmos.

Kjartan Hatløy har til no gjeve ut elleve diktsamlingar og har etablert seg som kritikarrost og bestseljande lyrikar, især med Kjøkkendikt (2012) som kom i to opplag.

I Den kvite vegen finn ein prosadikt, i alt sekstifem stykke. Tekstformatet er altså noko større enn ein er van med frå Hatløys hand. Dei knappaste tekstane kan strekkje seg over eit avsnitt, dei lengste over ei og ei halv side.

Det er dei nære omgjevnadane, fjorden, grusvegen eller butikken, som er situasjonen i prosadikta. I desse miljøa utfaldar ulike eksistensar seg: alt frå blåhegrar, regnbogen, dei døde foreldra, grusvegen, svalar, eitt ordeblad, bekken, kongroen, naboar, tordivelen, katten eller staren seg. På forunderleg vis borar tekstane i dei aller minste tinga og forundrar seg over dei heilt kvardagslege hendingane. Ein meis som i nokre sekund syner seg framfor glaset, kan Hatløy sirkle kring i lengre, dvelande og reflekterande sekvensar.

Mikrohendingane teiknar oftast opp eit mykje større rom, eit kosmos, ei uhorveleg geologisk tid, store samanhengar som ligg og gnurar og er føresetnad for det sette. Ein rører seg raskt frå det prosaiske til det veldige:

Eg tenkjer på alle arters døde medan eg ber inn varene. Dei er iallfall ikkje utan masse, om dei ikkje er som dei var. Det dei påverka, fer ikring framleis.

Frå denne brune bordflata trilla nokre gule eple og reiser til golvet. Min ven jorda reiser snøggare. Ho pløyer fargen svart og sår med oss, oss menneska. Ho stormar vidare fram, ikkje einsam, og i den høge farten som grunnar seg i det mest løynde som finst.

(Frå Den kvite vegen, Kjartan Hatløy)

UNDERTITTELEN PÅ BOKA er Stemningar frå Salbu. Litterære stemningar og stemningsbilete vert tidlegare betrakta som foreininga av ei sterk kjensle og kjenslas føresetnad. Kjenslas føresetnad fanst i skildringa av natur, landskap og omverd, men då attgjeve slik at mindre vekt vert lagd på dei faktiske føresetnadane enn på desse stemningselementas forbindelsar til sjela.

Det er mykje som talar for at det ikkje er slike manipulerande, kitschliknande stemningsbilete Den Kvite vegen skriv fram. Snarare gjeld den tyske filosofen Heideggers omgrep om at mennesket som er kasta inn i verda, alltid er stemt. Eller, for å gjere det mindre komplisert, kan ein betrakte Hatløy-tekstane som ulike forsøk på å stemme seg inn, slik ein stemmer eit instrument, andsynes omverda, eller let seg stemmast av kva ein ser, erfarer, opplever.

NATUREN FUNGERER IKKJE som ein spegel for menneska i Hatløys tekstar eller dikt. Naturen er snarare eit møte med noko anna, framandt, som delar eigenskapen av å finnast til, eksistere. Slik som når han skildrar stareflokken, som brått syner seg: «Eitt flygande blikk no, dagar før avreise. Eitt framkome medvit, om noko anna enn vårt. Attom hundre auge.»

Som naturlyrikar og naturskildrar let Kjartan Hatløy naturen og menneska stå for seg sjølve, som både framand og åtskilt og samstundes som noko mennesket er ein del av. Prosatekstane tolkar ikkje naturfenomena som symbol for psykologiske tilstandar.

Impulsen til å avgrense og fortette og samstundes ekspandere og utvide, er trekk ein sjølvsagt finn att i dikta til Hatløy. I Kjøkkendikt var dette litt unseelege bruksrommet i huset, kjøkkenet, omdreiingspunkt for noko større, eit univers i stadig rørsle.

For å få småhendingar til å framstå som viktige, kunne ein ha lada dei med meir tyding, blåse dei opp ved hjelp av metaforiske kjeder. Eg oppfattar at Hatløy er ute på noko anna. Tekstane isolerer ikkje og hevar fram tinga og fenomena slik ein tingdiktar kanskje hadde gjort. Det er samspelet, det vesle i det store, alt som er under sola, Hatløy er gripen av.

Tekstane er gjennomgåande konkrete, berre nokre gonger vert det metaforiske laget nærmast uunngåeleg, særleg når Hatløy skriv om garna i eit fint prosadikt: «No set eg ikkje garn berre i fjorddjupet. No set eg garna i ei skjelvande von i alle kosmos’ vidder, kvart einaste av mine blakrande, grå, stakkarslege trollgarn. Dei må stå og prøve fange heilt åleine der, og om ei tid er ikkje ei einaste sol til stades, ikkje ei sol i sikte meir, seier fysikarane.»

Når eit større tekstformat enn diktforma er nytta for å handsame dei vesle tinga, ein tordivel eller ein kongro, oppstår både større kontrastar mellom det vesle og det store, samt at dei unseelege tinga får inngå og verte tydingsfulle også i ekspanderande samanhengar. Det er eit smart grep.

Den kvite vegen kan fungere som inngang til poetens univers. Det er som om Hatløy i denne boka spelar opp eit velkjend register frå diktinga si, berre med ein annan rytme, meir dvelande, utbroderande, reflekterande. Og der han sjølv er tydeleg innskriven som del og deltakar. Kjartan Hatløy er kjend som soldiktar (jf. debutboka Solreven, 1996). Nett det aspektet kjem til sin fulle rett i desse prosastykka.

Her er eit mangfald av setningar og formuleringar som brått skuv på perspektivet: «Inni den måsen ein stad bur dagen han vart fødd.» Generelt er talen meir direkte i denne boka, forma meir open. I ein tekst kritiserer han likefram tidas nyord, antropocen: «Det var altfor høgmodig meining, det var hybris.» Ein heilosentrikar som Hatløy vil vakte seg vel for å plassere mennesket i universets sentrum eller på historias toppunkt. Då er det heller det sideordnande prinsippet han gir seg hen til: den stille jubelen og gleda over alt det som finst: all levande og død materie står likt, med sola som føresetnad og ytre grense for eksistensen.

Sindre Ekrheim, Bergen, 5.8.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)