Å riste i dørene til universet

Når det gjeld Arne Hugo Stølans nyaste diktbok, med tittelen Gjennomtrekk, kan ein snakke om at ein biletstraum bles frå fortida til notida, men også motsett veg. Her handlar det om eit minnearbeid der fortida brått tek til å leve. Og samstundes dreiar det seg om verte rykt ut av kvardagen når poeten finner «himmelen / mellom gaflene / i kjøkkenskuffen». 

Opningane inn til fortida er mange: Det kan vere ein skrivemaskin, ein stad, eit ord, eit namn, fotografi, gamle brev, eit dødsleie. Stølans dikt ristar i dørene til både barndomsheimen og universet: «åpner enda ei dør / i et loft i et kjellerkott / i en ring». Slik vert tyding frigjort.

I boka finst tingsentrerte minnedikt side om side med dikt som tydeleg skriv seg inn i ein religiøs samanheng. Tingen vert eit alter, der poeten «føler seg fram / til hjertet alteret / er hjerte for».

Gjennomtrekk kan òg forståast som hyppige, temporære skifte. Og dikta til Stølan er flyttar seg rastlaust mellom ei rad ulike geografiske stader: Delos, Trollfjorden, Monte Subasio, Zagreb, Limfjorden. Eller veikroa – som er ein transittstad prega av rennet av reisande folk. I «Veikrotankar» vert reisemotivet utvida, ved at diktet bekymrar seg om tingens eiga reise: Hettegenseren på stumtenaren er også på veg, frå «samlebånd til søppelfylling». Eit objekt kan rett nok vekkje opp slumrande minne, men tingen er sjølv innfanga i eit livsløp, der det korte vare- og forbrukslivet vert ei påminning om døden, om at alt, inkludert mennesket, er på veg til same stad, til «biomassen».

Så finst det ei motsett drift i dikta, eit fall oppover, som trosser tyngdekrafta. «Klosterlivet / har jo ikke noe tak / over sin virkelighet  // Ikke fortiden heller». Slik kan blikket i dikta raskt heve seg til eit engle-, fugle- eller droneperspektiv, og sjå barndomsheimen til sals og utilgjengeleg, i eit verdsleg eigedomsmeklarlys.

Arne Hugo Stølans Gjennomtrekk er prega av stor stilistisk variasjon. Samstundes er diktbundelen halden saman i eit grunnleggjande tematisk grep. I dikta gneistrar og knitrar konstellasjonen av fortid og notid og brått utløyste energiar. Det fine med desse dikta, er at Stølan maktar å gjere fortida aktiv og levande i tekstens og teiknas røynd.

Bergen, 14.11.2019

(sindre.ekrheim@humbaba.no)