Først meg sjølv og så meg sjølv

Flaggtale av Dan Andersen gestaltar språket og universet til den norske middelklassemannen. Grunnane taleføraren har for å halde flaggtalen er ikkje dei same som forfattaren Dan Andersen har for å skrive boka Flaggtale. Flaggtale leverer råstoff til den retoriske og politiske analysen, og er eit stykke viktig kritisk diktning. Men språket til taleføraren er grunnleggande flatt og keisamt, det manglar heilt ein sanseleg dimensjon. Les kritikken av Flaggtale av Dan Andersen her

Hittemennesket – ei oppleving av å verte funnen

Kristian S. Hæggernes’ diktbok Alle skrittene et helt liv krever består av eitt forteljande sjølvbiografisk dikt. Boka byrjar med at eg-et finn eit etterlate spedbarn på trappa, han ber det inn og sidan ingen dreg omsorg for det, ser han seg nøydd til å ta hand om hitteungen, som har den besynderlege eigenskapen at den veks fleire år i løpet av ei natt. Les kritikken av Alle skrittene et helt liv krever her.