Ein humbabasommar

Nabolaget stinkar tennvæske og solkrem. Spekkhoggarar, lakselus og brennmanetar lurar i badevatnet. Og sommarhuda byrjar få fargen til ein grisunge. Men trass i sommar, late dagar og feriestenginga mellom øyrene, dreier Humbaba poesikritikkhjulet og held det i gong. Men for å få ei avveksling, har Humbaba drege over grensa til Sverige for å lese svensk samtidslyrikk. Humbaba presenterer i dei komande vekene kritikkar av fire aktuelle svenske diktbøker. Det byrjar i dag, med kritkken av Lars Noréns diktbok Stoft som kom ut tidlegare i juni.

 

Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger

Heraklits fragment om at ein ikkje kan stige ned i same elva to gonger, kan gjerast gjeldande for Olav H. Hauges lyrikk. For Olav H. Hauge endra støtt på dikt, la til og trekte frå ord, liner og strofer og sette inn nye dikt i eldre samlingar. Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy har i Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt på forbiletleg vis gått gjennom og systematisert teksthistoria til poeten, noko som får følgjer for respesjonen og korleis ein ser på diktinga til Hauge. Olav H. Hauge er ein reviderande forfattar som set heile sin forfattarskap i spel kvar gong han får sjansen. Les kritikken av Eit dikt vert aldri ferdig her.